Trump med hjerne
Ron DeSantis, det er berre å lære seg det namnet, fyrst som sist.
Ron DeSantis med familien etter å ha vunne guvernørvalet i Florida 8. november i år.
Foto: Marco Bello / Reuters / NTB
Bakgrunn
Ron DeSantis
Guvernør i Florida frå Det republikanske partiet
Er utdanna jurist frå Harvard og har gjort teneste i Irak
Vann guvernørvalet no i november med rekordhøg margin
Rekna som favoritt ved sida av Donald Trump til å vinna primærvalet om to år

Presidentval
jon@dagogtid.no
For dei som lurer, det går føre seg ein kulturkamp i USA. I vinter vedtok delstatsforsamlinga i Florida ein lov som forbyr småskulelærarar og barnehagepedagogar å undervisa born om kjønnsidentitet og seksuell orientering. Born under ni år skal ikkje læra om slikt. Loven vert på folkemunne kalla «ikkje sei homofili». Inn i kampen om loven rota Disney-selskapet seg.
Bob Chapek, som sjefen for selskapet heiter, eller rettare sagt heitte, vart sparka for to veker sidan. Han var ein moderne leiar. Han stod for noko heilt anna enn den reaksjonære Walt Disney og vart rekna som særs politisk korrekt. Under Chapek har Disney til dømes vore ivrige med å feira pride. I pride-månaden juni kunne ein i år på nettsida mellom anna kjøpa hundeband i regnbogefargar, Mikke Mus-pins i transfargane kvitt, blått og rosa og Star Wars-trøyer som sa: «Belive Belong Be Proud.»
Farleg med Teams
Under pandemien har det i tillegg leke ut i ålmenta ei rekkje videoar frå Teams-møte der leiinga i Disney har fortalt om korleis dei både i underhaldingsparkane, i filmar og i spel vil fremja ein LHBTQ+-agenda. I kulturkampen er Disney trygt plassert på sida til Demokratane. Chapek tabba seg tilsynelatande ut. Han lét vera å gå offentleg ut mot loven om kjønnsidentitet.
I Florida er Disney den største private arbeidsgjevaren med 66.000 tilsette. Ja, så mektige har Disney vore at dei har fått vera sitt eige kommunale reguleringsorgan i og rundt Walt Disney World Resort, dei enorme underhaldningsparkane i Orlando. I Florida var Disney både eit selskap og eit politisk organ.
Chapek sende ei utgreiing på 900 ord til dei tilsette om kvifor det var lurast å arbeida bak scena mot lovframlegget. Kjeften han fekk, var massiv, og dei tilsette gjekk i demonstrasjonstog. To dagar etter notatutsendinga gav han etter, bad om orsaking og gjekk offentleg ut mot lovframlegget.
Woke
Det var ei gåvepakke til Florida-guvernøren Ron DeSantis. Han kalla selskapet for woke, som er eit nytt omgrep for det vi før kalla «politisk korrekt». Han skulda Disney for dobbeltmoral når dei gjekk til åtak på delstatsforsamling og han, men heldt kjeft i Kina: «Korleis i alle dagar kan dei forklara at dei fyller lommene på grunnlag av eit nært tilhøve til kommunistpartiet i Kina? For det er det dei gjer. Dei skaffar seg store pengar og seier ikkje eitt ord om dei brutale handlingane til det kinesiske kommunistpartiet.»
DeSantis trekte så attende både reguleringsrettane og den gunstige skatteavtalen Disney hadde i Florida. Var han ikkje kjend frå før i resten av USA, vart han det no. Disney hadde lagt seg ut med nesten heile den amerikanske høgresida, og Chapek måtte til slutt altså gå av.
Florida har lenge vore ein såkalla vippestat, kva parti veljarane gjev fleirtal, vekslar. Ved guvernørvalet no i november vann DeSantis med god margin, også i områda som før har vore klart demokratiske. Det er overveldande støtte i delstaten til loven som seier nei til å undervisa om kjønnsidentitet og seksuell orientering.
Taparen Trump
DeSantis fekk til det ein annan innbyggjar i Florida ikkje fekk til no i november. Han vann så det kosta etter, medan ei rekkje kandidatar som Trump støtta, tapte. DeSantis vert no støtta av etablissementet i Det republikanske partiet. Det vert rekna som bortimot sikkert at han stiller mot nett Trump i primærvalet om knappe to år.
Så kven er denne karen? Lat det vera sagt med éin gong: I den grad det er mogleg å forstå kva Trump står for politisk, står DeSantis ofte for det same, då sett vekk frå at DeSantis vil ha bort underskot på budsjetta.
Hovudskilnaden er at DeSantis er intelligent og ikkje seier ei horv med verkeleg dumme ting. Eller som Financial Times har sagt i ein tittel: «Ron DeSantis er Trump med hjerne, men utan dramaet». Problemet er at han ikkje er særleg sjarmerande og ikkje ser ut til å trivast særleg godt i store grupper. Han er ikkje ein Bill Clinton, for å seia det slik.
Overlevde kreft
Men han har kona, Casey, som er kreftoverlevar, tidlegare programleiar på fjernsyn og utstyrt med ein utsjåande og eit smil som amerikanarar kan lika. Vel gjekk Trump på militærskule, men han sneik seg sjølvsagt unna militærteneste i Vietnam. DeSantis, derimot, finansierte jusstudiane ved Harvard ved å skriva seg inn som reserveoffiser i hæren og seinare gjera teneste eitt år i Irak.
Det som kanskje er mest imponerande ved DeSantis, er ein nær total kontroll på fakta og tal. Han kan referera til komplisert statistikk time etter time og har fotografisk minne. Det må vera nær eit mareritt for strategane i Det demokratisk partiet å sjå føre seg ein presidentdebatt mellom DeSantis og Joe Biden. DeSantis kjem ikkje med faktafeil og forsnakkingar. Ein 82 år gamal Biden, vel…
Pandemien
DeSantis byrja å verta kjend utanfor Florida under covid-19. Heilt i starten var ikkje koronapolitikken i Florida så ulik det andre statar gjennomførte, men så sette DeSantis seg til å lesa statistikk. Han kom til at viruset ikkje var så farleg. Resultatet vart null nedstenging, opne skular og forbod mot munnbandtvang i skulen spesielt og i Florida generelt.
«Det er på tide å stogga covid-dramaet», sa DeSantis i mars i år i eit åtak på Biden, som ikkje ville gje slepp på koronatiltak. «I Florida fortalde vi sanninga, vi lét fakta styra responsen vår, og vi lét innbyggjarane avgjera kva dei ville gjera, både for seg sjølv og for borna sine. Som eit direkte resultat er Florida på ein betre stad enn delstatar som nytta angst og tvang.»
Og det er liten tvil om at Florida i det minste ikkje fekk eit verre resultat enn dei fleste andre delstatane. Korrigert for demografi kom dei ut av pandemien med like få, eller like mange, døde som gjennomsnittet av amerikanske delstatar og med klart betre økonomi. Dette kan nok delvis forklarast med at i Florida kan ein vera ute året gjennom, noko som gjev mindre smitte, og at turistbransjen gjorde det relativt godt av di amerikanarar frå statar med nedstenging flokka til delstaten.
Skinnheilag
Kva meiner Trump om DeSantis? Han likte han heilt fram til DeSantis vart populær på nasjonalt nivå. Før Trump kasta Twitter-blikket sitt på DeSantis, var DeSantis ein ukjend kongressrepresentant. Så fann Trump ut at DeSantis kom til å verta ein god og lojal guvernør i Florida, og gav han full støtte i guvernørvalkampen. No kallar han DeSantis for Ron Desanctimonious, som vert noko sånt som Ron den skinheilage på norsk. DeSantis på si side har slutta å snakka særleg om Trump.
Men den populistiske teften har dei til felles. Nei, DeSantis vil ikkje no snakka om at presidentvalet vart stole frå Trump, men han har laga eit eige delstatskontor som skal hindra valfusk. Den typen dobbeltsnakk er ikkje utypisk for DeSantis, heller ikkje direkte og uhøvisk tale. Anthony Fauci har vore amerikansk helsedirektør i eit par mannsaldrar og hatt ansvaret for den føderale responsen på covid-19. Han har vore eit hatobjekt for amerikansk høgreside. Han er dessutan ikkje særskilt høg.
Over Potomac
I ein tale til ei oppelda forsamling i august ropte DeSantis om Fauci: «Eg er så lei av å sjå han. Nokon må taka tak i den vesle gnomen og kasta han over på den andre sida av Potomac (elva som går forbi Washington DC, red. merk.).» Ja, det er kan henda litt artig lytehumor. Men presidentkandidatar og guvernørar sa ikkje slikt før Trump.
Dessutan er DeSantis viljug til å gå særs langt for å få fram eit poeng. I fjor kryssa minst tre millionar sørgrensa inn i USA. Få av desse har truleg rett til asyl, men det amerikanske asylsystemet har brote saman på grunn av intern krangling i hovudstaden og av di Biden ikkje har støtte i sitt eige parti for ein meir restriktiv innvandringspolitikk.
Fly
I september leigde DeSantis eit fly, fylte det med 50 venezuelanske immigrantar og flaug dei til Martha’s Vineyard, turistoverklasseøya utanfor kysten av Massachusetts, der mellom andre Obama-familien held til i feriar. Målet var å syna kor dobbeltmoralske rike demokratar er der dei sit i dyre inngjerda sumarhus og visstnok ikkje bryr seg om kaoset på sørgrensa.
I eit gruppesøksmål etterpå hevdar immigrantane at dei vart lurte ut av eit mottak i Texas med lovnad om mat og arbeid, for så å verta dumpa på øya i stummande mørke. DeSantis på si side seier at om han hadde hatt makt over innvandringspolitikken, ville han «ha teke tak i kragen» til innvandrarane og «sendt dei attende dit dei kom frå».
Så er det heller ikkje til å koma frå at eit klart fleirtal av amerikanske veljarar vil ha ein mykje meir restriktiv innvandringspolitikk og er særs urolege for det dei oppfattar som sterkt aukande kriminalitet, noko DeSantis, som er tidlegare aktor, lover at han vil fiksa.
Tradisjonell
På dei felta vi nordmenn er opptekne av, er han tradisjonell Nato-tilhengjar, har fordømt Russland for invasjonen av Ukraina og er sterkt for Israel og mot Iran. Når det gjeld abort, har han innført forbod mot abort etter 15 veker, mot før 24 veker, men det er litt uklart kva han eigentleg meiner.
Han er òg uklar i klimapolitikken og har sagt at «eg er ikkje ein global oppvarming-type», men han har vore særs ivrig i vernet av nasjonalparken Everglade. Kort sagt verkar han som ein tradisjonell republikanar, av den typen som ikkje er særleg populær i Nordvest-Europa og i norske medium. Han er i tillegg, i det minste offentleg, ein ivrig katolikk, det vi før ville ha kalla papist.
Dosent
Nei, DeSantis har ikkje Trumps evne til å tala til store forsamlingar, han har heller ikkje humoren som Trump på eit vis har, og han liker mykje betre å dosera enn å debattera. Men han har noko Trump ikkje har: ein nær plettfri vandel, då sett vekk frå at han som Trump omgjev seg med tvilsame individ og konsekvent nektar å taka eit oppgjer med galningane i Det republikanske partiet.
Men ingen trur han har vore utru, og han kjem ikkje frå rikdom og privilegium. DeSantis er totalt self made, som dei seier der borte. Han pleidde kona si då ho fekk brystkreft, er berre 44 år og har tre små born som dei fleste ser ut til å vera samde om at han er ein god far for. Amerikanske forstadskvinner liker slikt. Dei liker ikkje Trump.
Han voks opp i det omverda trur er typisk amerikansk. Han kjem frå Florida-sovebyen Dunedin, som er full av kvite hus og fine grøne plenar. Byen er kvit og sterkt republikansk. Mora var sjukepleiar, faren monterte TV-boksar for Nielsen, som måler kva amerikanarane ser på når dei ser på fjernsyn, ikkje nett ein glamorøs oppvekst. Men i motsetnad til Trump er DeSantis populær der han kjem frå.
DeSantis fekk toppkarakterar heile vegen gjennom barn- og ungdomsskulen, var god i sport og drog til Yale, der han studerte historie og statsvitskap. På Yale vart han kaptein på baseballaget og kåra til den beste spelaren. Trenaren hans der har kalla «ein sann mann av folket».
Primærval
Har han ein sjanse mot Trump? Det er verkeleg eit ope spørsmål. Eit primærval i USA er noko heilt anna enn eit presidentval. Det er ikkje dei moderate som møter opp i primærvala, det er dei meir ekstreme. Amerikanarar må heilt tida velja eit eller anna, det vera seg sheriff, skulestyre, statsadvokat, delstatsforsamling og så vidare. Amerikanarar flest møter faktisk ikkje opp til val. Men det vi veit, er at ein tredjedel av amerikanarane støttar Trump i eitt og alt. Han har ein stort kult rundt seg.
DeSantis har ikkje ein slik kult. Ja, han tek til å verta kjend for amerikanarane, men han er ikkje i nærleiken av å vera så kjend som Trump, og det vert han heller ikkje før han eventuelt vert president. På den andre sida er han ikkje redd for å taka att. Ein hovudgrunn til at Trump vann primærvalet i 2016, var at motkandidatane ikkje gav som dei fekk. Dei var ikkje viljuge til å debattera på Trumps nivå. DeSantis er det. Han er viljug til å skjella ut folk og seia det amerikanarar før ikkje tillét seg å seia. Trump kjem til å få høyra det.
200 millionar
Dessutan er DeSantis suveren til å samla inn pengar. I år samla han inn 200 millionar dollar til guvernørvalkampen, ein klar rekord. Men kanskje viktigast: Rupert Murdoch, den australske mediemagnaten, som eig New York Post, Wall Steet Journal og Fox News, har det med å satsa på rett vinnar.
Desse tre media har no distansert seg frå Trump og har berre gode ting å seia om DeSantis. Wall Street Journal har skrive at det er umogleg å vinna med Trump, og New York Post kallar han «The Florida Man», som er eit amerikansk synonym for så vera dum som det går an å vera.
I tillegg er DeSantis trass alt meir samlande enn Trump. Vinn Trump primærvalet, tyder mykje på at han får motkandidatar frå den delen av amerikansk høgreside som heller vil ha ein demokratisk president enn Trump. Liz Cheney, dotter til den tidlegare visepresidenten Dick Cheney, har meir eller mindre ope sagt at ho stiller om Trump vinn primærvalet.
Får Trump motkandidatar frå republikansk side, vil det splitta dei republikanske veljarane. Mange ynskjer seg truleg alt anna enn Trump. DeSantis får neppe ein slik motkandidat, om Trump då ikkje stiller som motkandidat i reint raseri over eventuelt å ha tapt primærvalet.
Dei fleste forståsegpåarar trur DeSantis stiller alt om to år. Han vert neppe mykje meir populær enn han er no. Ikkje mange nok har hatt tid til å verta lei av han. Men kaoset på amerikansk høgreside vil halda fram så lenge Trump har noko han skal ha sagt, og det har han stort sett alltid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

DeSantis fekk til det ein annan innbyggjar i Florida ikkje fekk til no i november. Han vann så det kosta etter.
Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement