Virusvinnarane
Covid-19 har gjort dei mektige mektigare og dei rike rikare.
Amazon-sjef Jeff Bezos var verdas rikaste menneske alt før pandemien sette inn. No har koronaviruset fått formuen hans til å svulme, og makta til Amazon har auka monaleg.
Foto: AP / NTB scanpix
Samfunn
peranders@dagogtid.no
Ei global krise kan vere eit høve til å dele ut korta på nytt, og mange har projisert sine eigne ønskedraumar over på koronakrisa dei siste månadene. Somme ser eit høve til å skape ei miljøvenleg og berekraftig verd, fordi dei økonomiske bergingspakkane frå statar rundt i verda gjev rom for meir politisk styring av økonomien. Somme vonar krisa skal føre til større sosial utjamning, slik det skjedde i den vestlege verda etter depresjonen og den andre verdskrigen.
Men om ein ser på kva som faktisk har skjedd dei siste månadene, er det ei anna utvikling som verkar langt meir sannsynleg, og ho er alt lett å sjå: Dei store teknologiselskapa aukar makta si, medan lokalt næringsliv og lokalt kulturliv blir svekte.
Ein enkel målestokk for utviklinga er børsverdien til Amazon, verdas største netthandelsselskap: Sidan koronapandemien verkeleg tok av i mars, har aksjekursen til selskapet nesten blitt dobla. I skrivande stund er Amazon verd over 14,2 billionar norske kroner. Inntektene til selskapet i andre kvartal i år var 40 prosent høgare enn i fjor og profitten dobbelt så stor som i same kvartal i fjor.
Trygg avstand
Denne utviklinga har openberre årsaker. Når nærleik mellom menneske har blitt ein trussel, går det ut over dei fleste fysiske møtestader og lokalt næringsliv. Fellesløysingar som kollektivtransport og skular og fellesarenaer som kafear og kulturliv blir råka. Dei som tener pengar og påverkar oss på trygg avstand frå den sårbare og smittefarlege kroppen vår, styrkjer derimot posisjonen sin. Og ingen har auka makta si meir enn teknologigigantane i denne tida.
Denne utviklinga gjer seg gjeldande på så mange felt: Digitaliseringa av skulane i verda har teke eit sjumilssteg, nett slik Apple, Microsoft og Google ønskjer. Teater og kinoar har blitt stengde og konsertar avlyste, og strøymetenester som Netflix får stadig fleire abonnentar. Barne- og ungdomsidrett ligg nede, medan dataspelindustrien tener meir enn nokon gong. Fysiske møte blir erstatta med videokonferansar via appar frå Microsoft, Zoom eller Apple. Og medan lokale butikkar verda over må stengje fordi kundane held seg heime, har inntektene og børsverdien til netthandelsselskapet Amazon gått gjennom taket. Koronapandemien flyttar økonomisk makt og endrar samfunn, og nokre av endringane kan bli varige.
Ekspansjon
Tilfellet Amazon er særskilt interessant i denne samanhengen. Selskapet er ikkje berre den største vinnaren så langt i pandemien. Amazon er òg interessant fordi ekspansjonen skjer på så mange område, og fordi selskapet utkonkurrerer eller legg under seg så mange ulike typar aktørar på vegen. Dette gjev potensielt Amazon ei større samfunnsendrande kraft enn dei andre teknologikolossane.
Amazon var i utgangspunktet berre ein enkel nettbokhandel for papirbøker, grunnlagd av Jeff Bezos i Seattle sommaren 1994. Etter kvart byrja selskapet å selje stadig fleire vareslag, og Amazon er no i særklasse den største nettbutikken i verda, med kring 38 prosent av all netthandel i USA. Selskapet har i tillegg ekspandert på ei lang rekkje andre felt, frå datatenester som skylagring, utvikling av kunstig intelligens og strøyming av film og fjernsyn til daglegvarekjeda Whole Foods og utvikling av dronar og sjølvkøyrande bilar.
Plattforma
Sjølve fundamentet for makta til Amazon ligg likevel i dominansen i netthandelen. For dei som vil selje varer over nett i USA, anten dei er store produsentar av sportsutstyr, ein lokal antikvitetshandlar eller ein småskalaprodusent av handarbeid, er det ikkje lett å kome utanom selskapet. Fordi så mange kundar går direkte til nettstaden til Amazon når dei skal kjøpe noko, i staden for å bruke andre søkjemotorar, har mange seljarar ikkje noko val: Å selje varer via sin eigen nettstad nyttar ikkje, dei må vere synlege på Amazon.com om dei skal overleve.
Den sterke posisjonen til nettstaden har òg gjort Amazon til ein av dei største annonsekanalane i USA. Også mange firma som alt har betalt for å få selje varene sine via Amazon, kjøper seg annonseplass på nettstaden. Ein måte å gjere seg synleg på, er å kjøpe seg ei høgare plassering på søkjeresultata for særskilde stikkord, og det skjer gjennom auksjon: Den seljaren som betaler mest for til dømes stikkordet «fotballsko», kjem øvst i trefflista når nokon søkjer etter dette hos Amazon.
Maktmisbruk
Rekkja av klagemål mot Amazon har etter kvart blitt lang. Her skal vi ikkje gå inn i dei mange skuldingane om kreativ skatteplanlegging eller uverdige arbeidstilhøve for dei tilsette. I denne samanhengen er derimot marknadsdominansen interessant. No når koronakrisa har fått netthandelen rundt i verda til å svulme, og når ein aktør har ein så sterk posisjon som Amazon har, gjer det ikkje berre verdas rikaste mann, Jeff Bezos, enda rikare. Det gjer òg selskapet hans ekstremt mektig, og faren for maktmisbruk aukar.
Magasinet Time tok 28. juli for seg nokre av skuldingane mot Amazon frå seljarar som kjenner seg skvisa av selskapet. Fordi marknadsdominansen er så stor, gjev det Amazon.com makt til å diktere spelereglane. Selskapet krev no 30 prosent av salsprisen for varer formidla via nettstaden, mot 19 prosent for fem år sidan. I tillegg gjer det enorme og effektive logistikkapparatet til Amazon det nesten umogleg for mindre selskap å konkurrere på fraktkostnader. Og da pandemien kom i vår, stod AmazonFresh klare til å levere daglegvarer på døra til kundane, så dei slapp å ta risikoen ved å handle på supermarknaden.
Scott Galloway, professor i marknadsføring ved New York University, samanlikna i Time posisjonen til Amazon med dei såkalla jernbanebaronane i USA i gamle dagar: kapitalistar som tente grovt på monopolmakta si over viktig infrastruktur. «Amazon eig alt skjenene inn til 115 millionar husstandar i USA. Vil vi verkeleg at eitt selskap skal vere formidlaren av all handel?» sa Galloway.
Tomme truslar
Parallellen til jernbanekartella seint på 1800-talet er interessant. Maktmisbruken til jernbanebaronane førte fram til den første antitrustlova i USA i 1890, og ved fleire seinare høve har styresmaktene i landet brukt kraftige verkemiddel for å stogge kartellverksemd og bryte monopolmakt. Stadig fleire politikarar i USA snakkar no om behovet for å knekkje opp gigantar som Amazon i mindre selskap. Førre veke vart det halde ei høyring om makta til teknologikjempene i kongressen i Washington, og toppsjefane for Amazon, Facebook, Google og Apple måtte svare på ei lang liste med skuldingar om maktmisbruk.
Så langt har det blitt med tomme truslar frå politikarane i USA. Takk vere dei økonomiske ressursane sine har desse selskapa svært stor lobbymakt. I tillegg har delar av statsapparatet i USA gjort seg avhengige av teknologikjempene. Google, Amazon og Microsoft har til dømes hatt store avtalar om levering av datatenester til forsvarsdepartementet og amerikansk etterretning. Amazon hadde i fleire år ansvaret for skylagringa til CIA, medan Microsoft vann ein kontrakt om skylagring for Pentagon i fjor haust. Verdien over ti år er 90 milliardar kroner.
Strategi
Dominansen til amerikanske teknologiselskap kan dessutan sjåast som ein del av USAs strategiske interesser i verda – dels fordi desse selskapa kan demme opp for kinesarane. Nyleg gav president Trump grønt lys for at Microsoft kan kjøpe selskapet bak den populære appen Tiktok frå kinesiske eigarar. Om ikkje Microsoft eller eit anna «trygt amerikansk selskap» kjøper Tiktok, vil Trump forby appen i USA. Så lenge teknogigantane kan halde posisjonen som ein del av det amerikanske maktapparatet, er dei truleg trygge for antitrustlover.
Amazon, Microsoft, Apple og Google sat altså med svært gode kort på handa alt før pandemien sette inn. Så kom covid-19 og gav dei ei uventa handsrekking. Datakrafta til desse selskapa er no enda meir verdifull enn før.
Ei flat jord
Maktkonsentrasjonen i dei store teknologiselskapa står i grell kontrast til visjonane som mange hadde da internettet var ungt. Optimistane såg ikkje berre for seg at nettet skulle gjere verda meir demokratisk, men òg at det skulle skape ein verkeleg fri, global konkurranse der kreative datanerdar og uavhengige småselskap kunne utfordre gigantane. I bestseljaren Verden er flat frå 2005 hevda den amerikanske forfattaren Thomas Friedman at kommunikasjonsteknologien hadde jamna ut jorda. Med det meinte han at den samankopla verda opna for ein verkeleg fri konkurranse der alle flinke folk hadde ein fair sjanse og dei beste ideane ville vinne fram.
Men i praksis er det ikkje slik ei flat jord fungerer. Slik eit flatt landskap gjev fordel til dei sterkaste i krig, legg kommunikasjonsteknologien til rette for at vinnaren tek alt. Rett nok har tallause småselskap gjort tekniske gjennombrot i internettalderen. Men når slike selskap verkeleg byrjar å få til noko, blir dei som regel slukte av kjempene. Og når koronakrisa ein gong tek slutt, har kjempene truleg vakse seg enda mykje større enn dei er i dag.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei store teknologiselskapa aukar makta si, medan lokalt næringsliv og lokalt kulturliv blir svekte.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.