Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Yrkesfagelevar greidde overgangen til vidaregåande skule betre enn dei som tok studiespesialisering, skreiv Klassekampen førre veke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hardt fysisk arbeid har vorte så fjernt at vi lagar fjernsynsprogram av det.

Foto: Bjørn Leirvik / Wikimedia Commons

2084
20170331
2084
20170331

«Kan du eit handverk, Mone?», spør kjærasten til mor mi over middagsbordet. «Du kan måle litt, men dersom det verkeleg hardnar til, kva kan du då?» Han smiler, provoserer med vilje, men han har eit poeng. Vi strevar etter høg utdanning, høg lønn og høg status. Vi tusjar gule strekar gjennom pensum på pensum med meir akademisk posering enn sunn fornuft.

Og mastergraden får vi visst berre om vi vel allmennfag. Konsumkulturen har teke plassen til nevenytta, og yrkesfaget er ein blindveg. «Nokon må stå for kjøtkakene og ertestuinga på sjukeheimen. Men for all del ikkje mitt barn. Ho skal verte advokat eller overlege», er haldninga.

«Vi må ta meir omsyn til behovet for arbeidskraft enn ønska til elevane», seier Fagopplæringsnemnda. «Vi skapar verdiane», skryter distriktspolitikarane.

Men ungdommen veit ikkje kvifor dei skal velje yrkesfag. Treng dei eigentleg køyre lastebil, arbeide med betong eller lage mat til andre? Maritime fag slit med å fylle lærlingkvoten, og kokkeutdanninga er lite attraktiv. Fysisk kvardagsarbeid er så fjernt at vi lagar fjernsynsprogram av å løfte mjølkespann.

«Skipsdesign», svara yrkesrettleiaren då eg spurde kva eg kunne bruke teikneevnene mine til. Eg var 15 år, ti minutt inne i skuletimen, og alt irritert på mannen. I eit kystområde med mykje maritim industri skulle eg jobbe maritimt, meinte han. Eg ville bli kokk eller frisør. Det hjelpte ikkje kor mange lysbilete av oljeriggar han slo opp på veggen. Far min trudde framleis eg skulle ta yrkesfag då eg til slutt sa «studiespesialisering med formgjeving». Med yrkesfag blei det ikkje noko av meg, måtte eg vite.

For yrkesfag er synonymt med låg status. Fråfallet i yrkesfaget gjorde biletet endå mørkare. Men paradoksalt nok har du altså betre sjanse til å meistre skulen, dersom du vel eit fag der du vert sett på som unnasluntrar.

Mone Celin Skrede er praktikant ved Nynorsk Avissenter.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Med yrkesfag blei det ikkje noko av meg,

måtte eg vite.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis