Minst tretti tusen møtte opp for å gå i regnbogetoget til Pride i Oslo laurdag. Legg til arrangement landet rundt, og homokampen har på kort tid vorte den største massemønstringa når det gjeld kampen for seksuell fridom, og mest av alt har ho vakse til å bli ei kulturell og musikalsk massemønstring utan sidestykke. Ho femner alle generasjonar på tvers av legning, og for alle travarar i demonstrasjonar elles, er det ein vekkjar. Klassekampen kallar det ein parademarsj som held på å bli ei hending på line med 17. mai og 1. mai-demonstrasjonane. Sant nok, men eg vil også snu på det og seie at i kunsten å skape entusiasme for saka si, er regnbogetoga for lengst i tet. Ikkje minst takk vere den fantastiske musikalske råma i toget, som må vere størst også når det gjeld å samle heile familiar. Innimellom dukka det opp pamflettar som melde at «eg går for dei som ikkje vågar å gå». Det er ei påminning om at kampen enno ikkje er vunnen.
Demonstrasjonar ein har gått i, har ikkje alltid strutta av liv og røre. Men når du les dette, er skrivaren halvvegs i Kongsberg Jazzfestival, som vart opna onsdag med eit tingingsverket Area 51 av Morten Qvenild. Det er namnet på eit hemmelege område i Nevada der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er kontrollsenteret for amerikanske dronar, og det amerikanske spionflyet U2 vart utvikla der.
I 1994 følgde eg som journalist Stonewall-marsjen i New York. Det var 25-årsjubileum for det første homoopprøret i 1969, i Stonewall Inn i Greenwich Village, og no var det VM i fotball. Det millionstore hovudopptoget gjekk opp 1st Avenue i New York. Stonewall-opprørarane vart nekta å gå den opphavleg ruta frå Greenwich Village, opp Broadway til Central Park. Eg hekta meg på likevel, og som Klassekampens utsende i Fotball-VM, kasta eg meg inn i ein telefonkiosk og dikterte ei melding til redaksjonen. Politiet greip ikkje inn mot demonstrasjonen, og nyhendet nådde akkurat deadline. Slik er det å vere «yrke: reporter».
R.H.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?