Dei nye Syria-fararane
Norske soldatar er med i ein krig i Syria, viser det seg, men kvifor og korleis er ikkje sagt. Irak skal ha bede om militær hjelp mot eit IS som ikkje stoggar ved grensa mellom Irak og nabolandet Syria. Difor kan heller ikkje koalisjonen som jaktar dei, stogga der, og dei kan då hamna i kamp med både islamistar og Assad-regimet som ikkje ønskjer dei i Syrka. Det finst òg andre makter som ikkje ønskjer koalisjonen som Noreg er med i i Syria. Russland, til dømes, og Iran.
Fråveret av debatt om klokskapen og legitimiteten til denne krigføringa, til liks med andre fjerne krigar me har vore med i sidan Kristin Halvorsen (SV) melde seg som bombeflyvertinne over Serbia i 1999, er påfallande, og truleg avgjerande. I anna fall måtte styresmaktene ta bryet med å overtyda oss om at dei har lært noko av fiaskoen i til dømes Libya i 2011. Eller verre, overtyda oss om at det norske bidraget i Libya eigentleg var ein suksess.
Om ei norsk regjering skulle teke bryet med å spørja – eller i det minste orientera – folket om kriginga i Syria, til dømes via Stortinget, og om dei skulle greia å mobilisera folkeleg støtte til krigen, måtte dei òg ha lagt fram eit truverdig scenario for tida etter at IS er kjempa ned. Det hadde dei ikkje i Libya. Lite tyder på at dei har det no.
Kven kan klandra dei? I Syria er det titals – for ikkje å seia hundretals – mindre og større grupper som slåst med og mot kvarandre. Wikipedia har eit breitt oversyn, men sjølv dei heng etter røyndomen i svingane. Før det blir kjent nett kva grupper koalisjonen vår støttar og trener, kan dei ha skifta namn, mål eller berre bukka under. Kurdiske fotsoldatar har støtta vår no, men kva gjer me etterpå, om dei til dømes, medan dei er i gang, vil fordriva den assyriske minoriteten? Eller om dei svarer på elden frå Nato-landet Tyrkia?
Krigen rasar i Syria, men det er ikkje lenger berre ein syrisk krig. Det er òg ein krig mellom USA og Iran. Til og med Nord-Korea er med (på kinesisk/russisk side), og det finst internasjonale anarkistbrigadar som søkjer sitt Oleanna i Rojava. Dette er ein krig syrarar slåst og døyr i på vegner av andre makter – makter som posisjonerer seg meir eller mindre openlyst for tida etter IS og Assad.
I samband med USAs Irak-invasjon gav Colin Powell «keramikksjappelova» ei ny meinig: Du må ta ansvar for det du knuser. I Libya sa Noreg «oops», og reiste heim.
Johan Brox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?