JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Den gode gjerninga

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2237
20171013
2237
20171013

Det vert sagt at kong Salomo var i ferd med å bu seg til å reisa til eit bryllaup hjå ein rik mann som var ein ven av kongen. Den rike mannen ville gifta bort son sin, bryllaupet var stort og kong Salomo var mellom dei inviterte gjestene.

Men dødsengelen kom til kong Salomo frå himmelen for å helsa på han. Dødsengelen fortalde at målet med å landa på jorda denne gongen, var at Gud sende engelen til eit bryllaup for å ta livet av brudgommen.

Det viste seg at dødsengelen og kong Salomo skulle til den same staden. Kong Salomo sa til engelen:

– Brudgommens død vil verta tungt for faren. Han er venen min, og sorga kjem til å råka meg òg. Difor ber eg deg om å utsetja dette oppdraget for mi skuld.

– Guds ordrar kan ikkje endrast, sa dødsengelen.

Kong Salomo valde å ikkje reisa i bryllaupet. Det passa ikkje å feira bryllaup i glede når festen skulle enda med gravferd.

Dagen etter drog kong Salomo til basaren for å sørgja for ei rettvis handelsutveksling og ro på marknaden. Alle rike handelsmenn var til stades. Der møtte kong Salomo den rike venen som hadde invitert han i bryllaup.

– Dykkar majestet, det var eit fantastisk bryllaup. Alle som var inviterte, kosa seg. Vi sakna deg, sa venen.

Kong Salomo vart flau og kom ikkje på noka fornuftig forklaring. Han sa at han brått hadde vorte sjuk, og at han difor måtte vera heime. Kongen undra seg over kvifor dødsengelen ikkje hadde teke livet av brudgommen.

Då han kom heim att, møtte han dødsengelen og spurde:

– Du gjorde meg flau fordi du hindra meg i å gå i bryllaupet. Brudgommen lever.

– Ja, eg var til stades, men eg fekk ordre om å trekkja meg attende i siste augneblunk, sa dødsengelen.

– Kvifor det? ville kong Salomo vita.

– Ei gamal og fattig kvinne kom og sette seg ved inngangen til huset. Den rike mannen, faren til brudgommen, gjekk ut og spurde kva han kunne hjelpa henne med. Ho sa at ho var svolten. Den rike mannen gjekk då inn og henta den maten du skulle fått. Han gav henne altså ikkje maten som dei fattige skulle få, men kongematen. Den gamle kvinna lyfte hendene og bad om eit langt liv for brudgommen. Gud lytta til bøna hennar og gav meg ordre om å trekkja meg attende.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis