Erfaringar
Illustrasjon: Kristin B. Bruun
Epistel
Kvinnealder: Tre kvinner hamna i ein konflikt som til slutt enda med politimelding og rettssak. Dei tre kvinnene snakka i munnen på kvarandre då dei skulle leggja saka fram for dommaren. Alle tre meinte dei hadde rett. Dommaren ynskte ro og orden og ville avslutta kaoset:
– Lat oss høyra den eldste av dykk først.
Då vart kvinnene tause. Ingen snakka meir om konflikten. Saka vart lagd til side.
***
Blinde fordommar: Ei ung kvinne sat på kafé og venta på ektemannen då ho vart var ein mann som sat og stira på henne. Ho vart irritert og vende blikket i aust og vest, men mannen heldt framleis blikket fast på henne. Ho tjuvkika på han, men han drog ikkje auga vekk frå henne. Då sette ho blikket i han, tydeleg arg. Han vart ikkje påverka av det.
Då mannen hennar kom, peika ho på den framande som sat og stira. Mannen såg på den ukjende personen som framleis ikkje lét blikket vike, reiste seg og gav mannen eit slag i andletet. Mannen fall på golvet, men fekk hjelp av ein kelner til å koma seg på føtene att. Han tok på seg mørke briller, plukkar opp ein kvit stokk og kjende seg fram for å finna vegen ut av kafeen.
Hugs: Når du hevar ein skuldande peikefinger mot andre, vert dei andre fire fingrane retta mot deg.
***
Svar etter erfaring: Ein dag spurde reven ein kamel som stod på den andre elvebreidda om han visste kor djupt vatnet var.
– Til knea, svara kamelen.
Reven hoppa straks i elva, men vart sjokkert då han gjekk under og måtte kjempa for ikkje å drukna. Reven kom seg til slutt opp på ein stein som stakk opp av vatnet. Derifrå ropa han til kamelen:
– Du sa at vatnet berre nådde til knea, men eg heldt på å drukna.
– Ja, men eg meinte at vatnet rekk opp til knea mine, ikkje dine.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.