Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Færre fordomar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2429
20180706
2429
20180706

Epistel

I mange år høyrde eg om harry menn med gullekkje rundt halsen og thaikone. Då eg sette meg føre å reisa til Thailand, sa ei norsk veninne: «Du kjem til å møta desse typane alt på flyet. Gamle gubbar som har kjøpt seg fattige thaikvinner.»

Etter tre dagar i Thailand byrja det fordomsfulle biletet å få nyansar etter at eg hadde nokre samtalar med thaikvinner. Dei seier at nordmenn er snille og rause. Dei fortel om den buddhistiske røyndomen, og at thaikvinner gifter seg med eldre nordmenn av di dei forelskar seg i den snille mannen som gjev dei økonomisk tryggleik. Det er kulturelle vilkår som er annleis i Noreg. I mange høve har kona eit barn eller to frå tidlegare ekteskap, og dei vert godtekne av mannen. Den norske mannen er difor ein ideell ektemann for ei vanleg thaikvinne.

«Nordmenn lever i ein eigen koloni isolert frå samfunnet.» Slikt høyrde eg før eg kom. Men eg oppdaga at den norske minoriteten i Thailand er godt integrert jamført med den muslimske minoriteten i Noreg. Vilkåret for at folk skal kunna leva saman i eit samfunn, er at dei må dela seng og bord. Nordmenn deler seng og bord med thailendarar. Dei gifter seg på tvers av tru og kultur, og dei et thaimat. Medan eg les om svinekjøtdebatten i Noreg på nettet, ser eg kor integreringsdyktige nordmenn er: Ein av dei fortalde meg at mora til thaikona laga nydeleg maursalat. Ein annan fortalde at han åt grashopper steikte med ris.

Nordmenn aksepterer homofile i Oslo, men ikkje i Thailand. Det kjem varsamt til uttrykk når dei seier: «Thailand er eit paradis for homsar.» Det verkar som om norske homofile i Thailand ikkje har same rett til å verta tolererte som norske homofile i Oslo. Det som Noreg ikkje veit, er at det finst ein grunn til at Thailand er ein fin plass for homofile. I Thailand er ikkje fordomane mot homofile som i Noreg. Den buddhistiske trua på reinkarnasjon inneber at menneska vert fødde om att og om att, meir enn tre hundre gonger. Kvar gong vert dei fødde som eit nytt menneske: som kvinne, homofil, fattig eller rik, for då kan dei oppleva kva det inneber å vera menneske. Dette skaper eit grunnlag for toleranse. Alle mennesketypane er ein del av naturen, og dei må vi tolerera, for ein dag vert vi fødde som dei.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Vi trykkjer ein epistel som har stått på trykk før,
fordi Walid er for sjuk til å skrive denne veka òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis