Ikkje mitt vestlandsopprør
Oppdrettslobbyens bilete av seg sjølv som ei gudegåve til Kyst-Noreg har sprekker.
Havbruksarbeidarar demonstrerer framfor Stortinget mot den foreslåtte grunnrenteskatten i november i fjor.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Lat oss slå det fast med ein gong: Vestlandet – og resten av norskekysten – er fantastiske greier. Ikkje det stramme, organiserte Vestland nokon av ei eller anna årsak har putta i eit fylkeshus, men det mangfaldige Vestlandet som snik seg rundt mellom fjordar, holmar, skjer og fjelltoppar, landskapet der sjølvaste Nordmannen har fenge sin heim, greve tuftene og sett hus oppå deim.
Det kystlandskapet som berga og no temmeleg livskraftig tek vare på den gamalnorske sauen, på kystgeita, der ungar framleis får Pioner med 9,9 hestar påhengs til 13-årsdagen, der vi veit at austagnall tyder opphaldsvêr, medan synnavind kjem med regn, som i tiår etter tiår har levert hurtigbåtar, matjessild, juicetankar, klippfisk, skrei, vasskraft, aluminium, ferrosilisium, sauekjøt og oppdrettslaks.
Verdas fyrste
Visste du at verdas fyrste oppdrettslaks vart sett ut i ein merd på Hitra i 1970? Då sette brørne Ove og Sigve Grøntvedt ut 20.000 smoltar, etter at ei rekke ivrige gründerar i årevis hadde prøvd og feila i å gjere vill elvelaks om til husdyr. Oppfinnarevner og pengeteft lønte seg til slutt, og 20 år seinare var det over 1000 oppdrettsselskap i Noreg.
Alt då såg ein føre seg korleis oppdrettsnæringa skulle vere med på å berike kysten. I 1972 formulerte det statlege Lysø-
utvalet fylgjande som eitt av tre mål for næringa: «Å verna om eksisterande arbeidsplassar og busetnad, auka sysselsetjinga og leggja tilhøve til rette for eit meir variert næringsgrunnlag i distrikt med svakt utbygd næringsliv».
Flagg mot oppdrett
Nordmannen Ivar Aasen dikta om, kunne truleg kjent seg att i dei fyrste lakseoppdagarane – karar som starta med to tomme hender og ein draum og jobba seg oppover derfrå. Kva han ville sagt om dagens lobbytunge sutreklubb, skal eg ikkje spekulere i – i staden skal eg stå får det sjølv: Om dei kallar seg Vestlandsopprør eller Kystbrøl, skal dei halde seg for gode til å heve røystene sine på vegner av oss alle. Eg trur endåtil dei veit det sjølve: at utsegna dei kjem med, om at motstanden mot lakseskatten er nærast total i kystsamfunn som er fullstendig avhengige av oppdrettsnæringa for å overleve, er langt frå berre sanne.
For nokre få veker sidan – mellom alle dei offisielle flaggdagane som pregar kalenderen – gjekk likevel flagga til topps på mange flaggstenger i bygda mi. Årsaka var ein oppdrettskonsesjon som ikkje vart gjeven. Då både kommunen og fylkeskommunen sa nei til torskeoppdrett i Dalsfjorden i Sunnfjord, feira vi som bur i nærleiken. Truleg var det somme som brølte litt òg – brølte for at vi fekk ha fjorden i fred for blinkande lys og travle fôrbåtar, at det vesle livet som er att i fjorden fekk fred frå endå eit trugsmål, og at bustadfeltet som er planlagt rett ved oppdrettslokaliteten, får gå sin gang.
Mange meinte at den bortimot eine arbeidsplassen oppdrettsanlegget ville kunne gje, ville kunne gå i minus med kor mange ein kunne gå glipp av.
Hei litt på skatten
Dette er viktig å få fram, for det har til tider kunna verke som om oppdrettsnæringa bidreg berre positivt til lokalmiljøa. Om oppdrettslobbyen enno ikkje har lukkast med å unngå grunnrenteskatten, har han gjort ein frykteleg god jobb med å snakke seg opp som sjølvaste frelsaren for Distrikts-Noreg.
Ein heiar fram oppdrettselskap som gjev pengar av overskotet sitt til bygging av vegar og idrettshallar i lokalmiljøet. Det kan verke som om ein har gløymt at det finst andre måtar å få bygd vegar og idrettshallar på: med skattekroner.
Misforstå meg rett no: Eg er klar over at oppdrettsselskap betaler skatt alt før ein grunnrenteskatt eventuelt vert innført (saka er planlagt til fyrste handsaming i Stortinget 31. mai), og at desse skattekronene bidreg i lokalsamfunna dei vert betalte i. Det uroar meg likevel at filantropisk pengegjeving vert vekta så mykje høgare enn offentleg finansiering – frå gjevarane sjølve, men ikkje minst frå politisk hald.
Dersom vi gjer oss avhengige av private gjevarar for å finansiere heilt naudsynt infrastruktur, kva seier det då om kor robuste samfunna våre eigentleg er? Diskusjonen om grunnrenteskatt syner oss tydeleg kor lite som skal til for at verksemder tyr til både permitteringar og trugsmål om nedlegging og utflagging av arbeidsplassar og verksemder. Gjer vi då lurt å i gje denne næringa endå meir areal og makt, eller skal vi i staden sjå på om Kyst-Noreg er betre tent med eit breiare næringsliv?
Å rå over havet
Det er ikkje vanskeleg å forstå at somme er misnøgde med å få ein skatteauke på 35 prosent. Eg hadde truleg vore litt gretten sjølv, om det var meg det gjaldt. Desto viktigare er det å ikkje late enkeltpersonar styre debatten aleine.
For kva er det eigentleg dei seier, laksemillionærane, når dei seier at skatten hindrar all framtidig investering? At det er umogleg å investere utan milliardoverskot i lomma? I så fall lurer eg på om dei hugsar kor dei kjem frå. Kva tenker gründerane som fekk til alt frå ein draum og to nyttige hender, om kva krav som no vert stilte for å utvikle næringa vidare?
«Utviklingen fra pionerene med sin entusiasme og hjemmesnekra produksjonsutstyr til dagens teknologiske avanserte næring har vært eventyrlig, men langt fra problemfri», skriv forfattarane av fembindsverket Norges fiskeri- og kysthistorie på si eiga heimeside i bindet som tek føre seg havbruksnæringa. Det har fått undertittelen Over den leiken ville han rå.
For den nye nordmannen held det altså ikkje lenger å berre sjå leiken i havet. Eg tek meg likevel lov til å runde av med å vende attende til originalen: Mellom kaksar eg inkje kan trivast, mellom jamningar helst er eg nøgd.
Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»