Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

I skuggen av purk eller skurk

Kontrastane i det norske medie- og rettssystemet er store – uavhengig av kutt i statsbudsjettet eller ikkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5486
20171020
5486
20171020

Leiar av mediemangfaldsutvalet Knut Olav Åmås leverte NOU-meldinga «Det norske mediemangfoldet. En styrket mediepolitikk for borgerne» til kulturminister Linda Hofstad Helleland i mars i år. Åmås meiner det er demokratipolitikk å styrke den kritiske og balanserte journalistikken og å sikre mediemangfaldet.

– Eg vil takke Mediemangfaldsutvalet for den grundige jobben dei har gjort, sa kulturministeren.

Takken presenterte ho i statsbudsjettet førre veke: kutt på 25,7 millionar kroner i pressestøtte.

Kutt i journalistikken

NJ-leiar Hege Iren Frantzen var raskt på bana og kritiserte det dramatiske kuttet. Ho fortalde at politikarar og dommarar i rettsvesenet registrerer at stadig færre journalistar er til stades. Det er alvorleg for demokratiet, rettsstaten og journalistikken. Sviktande finansiering gjer at det blir vanskelegare for journalistane å gjere jobben sin. Det er eit problem for heile samfunnet, meiner ho. Dei fleste kan vere samde i resonnementet.

Kutt i domstolane

På facebooksida til Domstolsadministrasjonen kan me lese at regjeringa også for neste år kuttar driftsbudsjettet gjennom den såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma (ABE). «Domstolene er ikke en del av byråkratiet», seier Domstolsadministrasjonens direktør Sven Marius Urke, utan at det ser ut til å hjelpe så mykje.

Regjeringa gir med den eine handa og tek med den andre; ho aukar driftsbudsjettet med 16 millionar kroner og kuttar 12,2 millionar i nedskjeringar knytte til ABE-reforma. Dette fører mellom anna til ventetider på halvtanna år i Borgarting lagmannsrett, kan ein lese på nettsidene til domstolane, www.domstol.no.

Situasjonen i dei norske domstolane er heller ikkje mykje å skryte av når det gjeld registrering av det som blir sagt. Forklaringane til partnar og vitne blir ikkje sikra gjennom rettsreferat eller opptak i norske domstolar. Blant landa me oftast samanliknar oss med, er Noreg det einaste landet utan nokon sikker dokumentasjon av forklaringar frå straffesaker.

Måndag 10. oktober 2016 var difor ein merkedag i norsk rettshistorie. Då starta utprøvinga for lyd- og bildeopptak av parts- og vitneforklaringar i domstolane i Tromsø. Utprøvingsperioden skal etter planen avsluttast mot slutten av 2017, og ein rapport skal skildre kva som skal til for å sikre opptak i dei 400 rettssalane her i landet.

Truga rettstryggleik

Med dette bakteppet er det endå viktigare at ei fri og uavhengig presse er til stades. Men er dei til stades der dei burde vere? Her er eit døme:

Oslo Tingrett er staden for menneskelagnadar og store kontrastar. Dagleg. Denne dagen, ein fin aprildag i 2017, er det tydelegare enn andre dagar. I ein av rettssalane er eg den einaste tilhøyraren på publikumsbenken. Ikkje i rolla som journalist, men som tidlegare fullmektig på dugnad for ein eritreisk ungdom som har fått avslag hjå UDI og UNE. Ein ung advokatfullmektig fører saka hans mot Staten. Pro bono. Eg er nysgjerrig på korleis det norske rettssystemet behandlar ungdomen.

Media jagar i flokk

I resepsjonen i Oslo tingrett får eg eit velmeinande råd frå vakta.

– Ta den inste heisen opp i andre etasje, så slepp du all tryggleikskontrollen til den andre rettssaka, seier han.

Eg gjer som eg blir råda til, og forstår raskt kvifor. Eg ser hovudpersonen i gangen. Den andre rettssaka er tidenes rettssak: Eirik Jensen, sjølvaste purk eller skurk, som heile Noreg er oppteken av og som journalistane jaktar i flokk etter. Fem månader er sett av til dette sirkuset: 122 vitne og over 6000 dokumentsider. Eg forstår at Jensen-saka vekkjer interesse. Ho er svært spesiell i norsk samanheng. Men det er som om alt anna er uvesentleg.

Kvifor syner ikkje media interesse for det som skjer i rommet ved sida av: kampen mellom dei absolutt svakaste i samfunnet vårt (dei papirlause) mot den mektigaste (staten)? Det er så mange slike saker, blir eg fortalt, men dette argumentet er ikkje godt nok for at media ikkje skal bruke tid og ressursar på dei mange problemstillingane ein kan finne i dette samfunnsfeltet.

EIT INNTRYKK

Er det eit faktum at færre journalistar bruker tid i rettssalane? Det er fredag ettermiddag, mange har haustferie, og avdelingsdirektør i Domstolsadministrasjonen, Erling Moe, svarar ikkje på telefonen. Kvinna i resepsjonen svarar:

– Han plar vere rask med å svare på SMS.

Og ho har rett. Etter eit par minuttar tikkar svaret på spørsmålet mitt inn. «Det er ingen empiri, bare et inntrykk, som jeg tror stemmer», skriv Moe.

Det stemmer ikkje denne dagen i Oslo tingrett i april: Dei mange journalistane og fotografane klumpar seg rundt éin mann. Ingen såg ungdomen som delte toalett og korridor med Eirik Jensen. Han er det ingen som skriv om.

Korleis gjekk det med han? Trass i eritreisk pass og at tre vitne kunne fortelje om foreldra og oppveksten hans i Eritrea, vart han ikkje trudd av dommaren. Kvifor ikkje? Hadde han snakka usant? Eller legg norske dommarar meir vekt på regjeringsadvokaten enn unge og urøynde advokatfullmektigar?

Det svaret får ikkje det norske folket, ettersom det ikkje var uhilda journalistar i salen.

Alle i Noreg kjenner Jensens dom. Han hamna innafor. Den saka skal ta tida til mange journalistar også i framtida – på alle plattformer.

Oddrun Midtbø er
frilansjournalist
i Sogndal.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ingen såg ungdomen

som delte toalett og

korridor med Eirik

Jensen. Han er det

ingen som skriv om.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis