JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Krone og mynt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Kristin B. Bruun

Illustrasjon: Kristin B. Bruun

1674
20171020
1674
20171020

Epistel

Ein japansk keisar gjorde det til ein vane å kasta mynt før kvar krig han kjempa i. Viss mynten fall på bakken og viste «krone», sa han til soldatane:

– Vi kjem til å sigra over fienden.

Om pengen hadde vist «mynt», ville han ha sagt til soldatane at dei kom til å verta slegne av fienden.

Men keisaren fekk aldri «mynt». Mynten viste alltid «krone». Difor kjempa soldatane med entusiasme til dei vann. For å vinna må ein rekna med å vinna, meinte keisaren.

– Den modige er ikkje den som ikkje er redd, men den som vinn over frykta, sa keisaren til soldatane.

Åra gjekk med siger etter siger, og keisaren vart vis og klok i tillegg. Han sameina heile Japan og vart den første keisaren i landet. Ingen våga å gå til åtak på riket hans.

Etter kvart vart han gamal og skrøpeleg. Då han låg på dødsleiet, kom sonen som skulle arva han, og sa:

– Far, eg vil gjerne ha den pengen du slår mynt og krone med, fordi eg vil følgja tradisjonen din.

Keisaren sleit med å få mynten ut av lomma før han gav han frå seg. Sonen såg på mynten som synte «krone». Då han snudde mynten, fekk han sjokk. Der var det òg «krone».

Sonen såg skuffa på faren. Trass i helsetilstanden sa han:

– Du lurte folket ditt i alle desse åra. Kva skal eg seia no? At helten min, keisaren, er ein svindlar?

– Eg har ikkje lurt nokon. Dette er livet, son. Når du kjempar eit slag, har du to alternativ: anten siger eller ...

Keisaren vart tagal ei stund og lyfte blikket mot sonen.

– ... eller siger. For den som vil vinna, må aldri godta nederlaget som eit alternativ. I krig finst ingen alternativ til siger.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis