JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Majoriteten

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Kristin B. Bruun

Illustrasjon: Kristin B. Bruun

2435
20171027
2435
20171027

Epistel

Konsensus: Ein gammal, gjerrig mann låg på dødsleiet, men han ville ikkje døy. Sønene venta ivrig på bortgangen slik at dei kunne arva han og leva i luksus resten av livet. Då den gamle mannen nekta å døy, ville sønene drepa faren..

Den yngste sonen fortalde likevel faren om planen. Då kalla faren sønene inn og sa at dei kunne gravleggja han levande. Han bad då om eit siste ynske: at dei bar kista hans rundt i byen slik at innbyggjarane kunne følgja han til grava, og at dei måtte gå innom byhovdingen. Sønene gjorde som dei var bedne om. Då dei kom fram til hovdingen, reiste faren seg frå kista og sa at sønene prøvde å gravleggja han levande.

Då såg høvdingen på han og sa:

– Alle innbyggjarane i byen seier at du er død, berre du påstår noko anna. Eg kan ikkje tru på deg og kasta mistanke over alle desse menneska. Det beste er at du døyr.

Navar: Ein gammal hannkatt som miste evna til å finna seg mat, vart avhengig av at andre kattar jakta og delte maten sin med han. Etter ei stund vart han ei byrde for kattane som difor jaga han ut av huset. Då den gamle hannkatten var heimlaus, byrja han å samarbeida med hundane, og han avslørte kvar kattane heldt hus. Hundane jaga vekk kattane og overtok bustaden. Hannkatten godta seg over at kattane vart jaga og sa til hundane:

– Vel, de gjev meg vel løyve til å bu her no?

– Din unyttige, gamle hannkatt. Du er korkje sterk eller dugande til noko. Du svikta dine eigne, og du var ei byrde for dei andre kattane. Trur du vi godtek ein svikar hjå oss? Hundar driv ikkje med velgjerningar.

Einfaldig: Då ein arabar sat og åt på gata i ein liten landsby, kom ein ven av han sa at han ikkje åtte manerar. Venen klandra han fordi det i arabisk tradisjon er uhøfleg å eta på gata. Det er berre galningar, born og dei utan manerar, som et på gata.

Arabaren forsvara seg med å seia at han ikkje trong å vera sjenert på gata, fordi dei andre som oppheldt seg der, var einfaldige.

– Eg treng ikkje å ta omsyn til dei. Eg kan prova at eg har rett, la han til.

Han kalla til seg menneska på gata som samla seg i ein flokk kring han:

– Eg har høyrt at profeten ein gong sa at alle dei som kan rekkja tunge og nå opp til nasen, hamnar i paradiset same kva synder dei elles må ha gjort.

Alle i flokken prøvde å nå nasen med tunga.

Mannen vende seg mot venen og sa:

– Du ser desse naive menneska.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis