Mirakelet som håp
Illustrasjonsfoto: Kathy Willens / AP / NTB scanpix
Epistel
Det var ein gong ei ung kvinne som heitte Susan. Ho budde i ein skog der ho tok vare på foreldra sine. Tida gjekk utan at nokon bad om handa til Susan. Ho tenkte på framtida og tok til å kjenna seg trist. Når foreldra hennar var borte, ville ho sitja einsam att utan kjærleik, mann og born.
Då mor hennar døydde brått, kjende Susan at ho ikkje hadde nokon garanti for livet og at far hennar kunne gå bort kva tid som helst. Kven ville forsørgja og passa på henne? Ho gret kvar natt og sørgde djupt over tapet av mora. Av sorg og uro over framtida til dottera vart faren òg sjuk og kjende at han nærma seg døden.
– Susan, eg har ein ring som ein ven av meg passar på. I tilfelle du er i nød, kontakt Sulaiman og hent ringen som vil hjelpa deg til å få eitt ønske oppfylt.
Då Susan høyrde dette, vart ho lei seg fordi ho skjønte at faren låg for døden. Etter få dagar var han borte. Susan sat att med lagnaden i eigne hender. Kven kunne ho venda seg til no?
Etter sørgjetida tok ho seg saman og reid ut i skogen på eselet til faren på jakt etter Sulaiman. Etter eit par dagar møtte ho ein ryttar på ein kvit hest.
– Kven er du, spurde ho.
– Eg er son til Sulaiman, svara han.
– Eg leitar etter far din, sa ho.
Då dei kom fram til Sulaiman, sa han til Susan:
– Det er korrekt at eg har ein gullring som tilhøyrer far din, men han sa at eg ikkje skulle gje han til deg utan vidare. Heime hjå dykk finst tre boksar. Oppgåva di, Susan, er å finne boksane. Den eine inneheld eit manuskript skrive med blekk av gull, den andre ein giftig slange og den tredje ein skorpion. Opnar du feil boks, kjem slangen eller skorpionen til å ta livet av deg.
Susan drog heim att og byrja leita etter boksane. Til slutt fann ho dei under senga til faren. Då ho sette den første boksen på eit bord og la øyra inntil han, høyrde ho lyden av ein slage som kveste. Ho tok med seg boksen ut og grov han ned. Så sette ho den andre boksen på bordet og la øyra inntil han. Då ho ana ein skorpion som skrapa mot veggen, tok ho med seg boksen ut og grov han ned. Trygg på å finne manuskriptet med gullskrift opna ho den tredje boksen. Der låg manuskriptet som ho straks gav til Sulaiman. Han gav henne så ein fin, stor ring.
Vel heime pussa Susan eit par gonger på ringen og sa:
– Ønsket mitt er ein mann som er verd å elska, han må vera øm og god, og gje meg ei trygg framtid der kjærleiken knyter born og familie saman.
Etter eitt år var ho både gift og gravid. Då ho fødde, fekk ho eit smil frå himmelen medan ho heldt i handa til ektemannen.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.