Regjeringa vil gje kommunane fleire oppgåver frå 2020 av. Men ansvaret for tannhelsetenesta vil dei ikkje ha.
Ein tannlege i sving i 1975.
Foto: Vidar Knai / NTB scanpix
Eg ligg under ein grøn operasjonsduk hos tannlegen. Det er vår i 2012. Drillen går i bakgrunnen, og kirurgen småpratar med tannlegeassistenten. Han skal skru nye tannrøter – titanboltar – ned i kjevebeinet mitt. Brått kjenner eg at drillen treffer.
– A!
– Gjorde det vondt, spør kirurgen.
– A, seier eg, framleis med hendene til kirurgen inne i munnen.
– Ja, vi trefte ein nerve, seier han, og stikk bedøvingssprøyta inn i nåleputa, som er tannkjøtet mitt, éin gong til.
– Men det er bra, for då veit vi kvar vi er, ivrar tannlegeassistenten.
Eg himlar med auga under duken. Lurer i mitt stille sinn på om ikkje det var noko dei skulle visst frå før. Men eg held meg i ro, og operasjonen er vellukka. Eg sjanglar heim i svak rus etter roande middel, med ein boks ekstra sterk Ibux i neven. Ei rekning på nokre titals tusen ventar i posten, sjølv om eg fell inn under ei refusjonsordning. Eg har nemleg vore nøydd til å gå til ein privat klinikk.
Helsetenesta i Noreg definerer enno ikkje munn og tenner som ein del av kroppen. Alt i 2013 melde NRK at fleire tusen nordmenn reiser ut av landet for å få tannbehandling dei ikkje har råd til i Noreg. Når dei så får behandling som berre forverrar problemet, må dei betale meir enn det dei reiste bort for å sleppe.
No skal tannhelsetenesta takast over av kommunane. Eg har lenge gnissa tenner i vente på kommunereforma som ingen einast om. Men det er heile ideen om tannhelsetenesta som treng eit løft.
Uansett kven som driv helsetenestene, må det opnast for at tennene er ein del av skjelettet og kroppen. Vi går ikkje til beinlegen når vi bryt ei hand, og får heller ikkje ekstrarekning per bolt kirurgen har lappa saman beinet med.
Og vi må ha tenner i munnen. Ryk dei, påverkar det meir enn evna til å smile pent og tyggje maten. Ryk tennene, er du sjuk.Har du forsøkt å gå på arbeid med skikkeleg tannverk?
Mone Celin Skrede er praktikant ved Nynorsk Avissenter.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er heile ideen om tannhelsetenesta som treng eit løft.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.