Foto: AP / NTB scanpix
0–8 rette: Dette var litt leitt og keitt og lite greitt.
9–16 rette: Kanskje på tide å friske opp litt allmennkunnskapar?
17–24 rette: Dette gjekk sånn passe bra. Du er full av potensial!
25–32 rette: Heilt klårt på øvste delen av skalaen, kjempebra!
33–40 rette: Heilt perfekt! Du må vere gamal, du som er så klok.

Norske rovdyr
1. Tre av fire av dei store rovdyrartane i Noreg er totalfreda, men éin er det jakt på. Kva art er det?
2. I tillegg til ulven, kva er det mest utryddingstrua pattedyret i Noreg?
3. Kva rovdyrfamilie er jerven ein del av?
4. Kva er den største rovfuglen i Noreg?
5. Kva dyr var Knut, som vart fødd i fangenskap i Zoologischer Garten Berlin i 2006?
Attentat
6. Kven vart skoten i Sarajevo 28. juni 1914?
7. 8. desember 1980 vart han skoten fire gongar i ryggen utanfor leilegheita si, og drapet utløyste sorg over heile verda. Kven døydde?
8. 3. april 1968 reiste han til Memphis i Tennessee for å støtte streikande arbeidarar, dagen etter vart han skoten av ein snikskyttar. Kven var han?
9. Ein mørk februarkveld, på veg heim frå kino med kona, vart han skoten i ryggen på nært hald. Ingen kunne hugse korleis gjerningsmannen såg ut. Kven vart skoten?
10. Han vart skoten på veg til eit bønnemøte i 1948, og millionar følgde han til grava. Trass i store protestar frå familien og følgjarane hans, vart gjerningspersonen avretta. Kven vart skoten?
Bibelkunne
11. Kvar i Bibelen står det vesle verset som ofte vert omtalt som «den vesle Bibelen»?
12. Kva heiter han som Jesus vekte frå dei døde i Det nye testamentet?
13. Kva er det arameiske ordet for «makt, pengar og rikdom» som Jesus nytta for å skildre ein slags avgud i bergpreika?
14. Uria var ein av krigarane til kong David, og i dag vert «uriaspost» brukt om ei særleg utsett stilling eller posisjon. Men kven var kona til Uria?
15. Fullfør bibelverset: «For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk …»
Folkeeventyr
16. I kva eventyr møter vi Høne-Pøne?
17. I eventyret om Oskeladden og dei gode hjelparane, kva var det kongen ville gje bort dottera og halve kongeriket for?
18. Veslefrikk fekk tre ønske, det første var ei fele som fekk alle til å danse. Kva var det andre?
19. Kva heiter tenestejenta til Reveenka?
20. Kva var det mor til Smørbukk fekk han til å gøyme seg bak når trollkjerringa kom på besøk?
Klassiske bokverk
21. I det greske skodespelet drep hovudpersonen far sin og giftar seg med mor si. Kva heiter forfattaren?
22. Kva heiter skriftstykket, skrive av Platon, som skildrar rettssaka og avrettinga av læraren hans? Stykket er òg kjent under namnet Apologien.
23. Boka kom først ut på nynorsk med tittelen Confessiones, og seinare på bokmål under namnet Bekjennelser. Forfattaren var biskop i Hippo og er rekna for å vere ein av dei viktigaste teologane i den gamle kyrkja. Kva heitte han?
24. Kva er namnet på den romerske statsmannen som òg var kjend for å vere ein av dei beste prosaforfattarane i Roma i levetida si. Han skreiv mellom anna Gallarkrigen, som handlar om dei ni åra han kjempa i Gallia.
25. Han var den siste av dei tre store tragediediktarane i antikkens Hellas, og er kjend for mellom anna tragedien Medeia, om kvinna som drep sine eine born for å hemne seg på mannen. Kva heiter forfattaren?
Olympiske leikar
26. Kvifor boikotta Noreg sommar-OL i Moskva i 1980?
27. I kva by vert sommar-OL etter planen arrangert i 2020?
28. Noreg tok flest gull i vinter-OL i Salt Lake City i 2002. Éin mann stod for fire av dei. Kva heiter han?
29. OL har vore arrangert i Noreg to gonger. Kva år var dette?
30. Kva heitte dei to maskotane under OL på Lillehammer?
Norsk film
31. Kva heiter den kinoaktuelle filmen der Pia Tjelta spelar ei kriseråka mor?
32. Ingvar Ambjørnsen skreiv ein serie ungdomsbøker om Pelle og Proffen. Kor mange av bøkene vart filmatiserte?
33. Kva år kom Flåklypa Grand Prix ut?
34. Kva dramafilm (2012) vart regissert av Joachim Rønning og Espen Sandberg, og vart nominert både til Oscar og til Golden Globe?
35. Ein kriminalroman vart filmatisert i 1958 og vart ein klassikar. No, 50 år etter, blir filmen spelt inn på nytt. Kva er tittelen?
Sverige
36. Kva heiter den svenske poeten som skreiv diktet «Ja visst gör det ont»?
37. Kva dato er den svenske nasjonaldagen?
38. Kva heiter det høgste fjellet i Sverige?
39. Popgruppa ABBA fekk sitt internasjonale gjennombrot etter at dei vann Eurovision Song Contest i 1974 – men med kva song?
40. Alfred Nobel stifta Nobelprisen i testamentet sitt. Kvart år skal det delast ut fem prisar til personar innanfor kva fagområde?
Svar på neste side
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?