Hint for hint
Kva skala?
5 POENG: Ein person med leveåra 1824–1907 foreslo denne skalaen og gjev namn til han. Eininga i skalaen fekk ny definisjon i 2019, no med utgangspunkt i Boltzmannkonstanten. Redefineringa er teoretisk og har ikkje praktiske konsekvensar.
4 POENG: Personen er den britiske fysikaren William Thomson. Han var baron og vert omtala som lord (…).
3 POENG: Verdien 0 på skalaen er det absolutte nullpunktet.
2 POENG: 1 grad opp på denne skalaen svarar til 1 grad opp på Celsius-skalaen og 1,8 grader opp på Fahrenheit-skalaen.
1 POENG: Det er skalaen til SI-eininga for temperatur, forkorta K.
Kva roman?
5 POENG: Dette er gjennombrotsromanen til ein norsk forfattar. Det er korte og enkle setningar. Til dømes er opningsorda: «Jeg har to venner. En god og en dårlig. Og så har jeg min bror.»
4 POENG: Forfattaren debuterte i 1993. Dette er den andre romanen hans, frå 1996. Hovudpersonen er ein ung mann som slit med overgangen til vaksenlivet. Dei to venene heiter Kim og Kent.
3 POENG: Hovudpersonen nyttar eit Brio bankebrett som terapi. Romantittelen er to adjektiv.
2 POENG: Han kom etter Tatt av kvinnen (1993), men før L (1999).
1 POENG: Forfattaren er Erlend Loe. Dei to adjektiva startar på n og s.
Kva person?
5 POENG: Denne personen har ein far som vart internasjonalt kjend kreftforskar og ein ektefelle som vann Gullrutens heiderspris i 2024.
4 POENG: 59-åringen vart tidleg positiv til kontantstøtte og kritisk til bioteknologi.
3 POENG: Seinare har finanspolitikk vore sentralt. Den mangeårige nestleiaren har representert Akershus på Stortinget sidan 1993, men tek ikkje attval i 2025.
2 POENG: Han var kommunal- og moderniseringsminister då kommunereforma og regionreforma vart vedtekne.
1 POENG: Nokre andre profilerte Høgre-menn i dag er Trond Helleland, Henrik Asheim og Nikolai Astrup.
Kva innsjø?
5 POENG: Denne innsjøen er cirka 27.000 kvadratkilometer stor og 614 meter djup. Dimed er han på topp 10 i verda, både etter areal og djupne. Han har namn etter eit urfolk.
4 POENG: Han er likevel berre fjerde størst av innsjøane som heilt eller delvis ligg i landet. Han er islagd fleire månader i året.
3 POENG: Området er ganske folketomt, men byen Yellowknife husar nokre tusen. Me er ved den sørlege av dei to store innsjøane i Nordvestterritoria.
2 POENG: Den nordlege er Store Bjørnesjø. Båe er heilt innanfor Canada.
1 POENG: Urfolket kallar seg dene tha’. Andre har nytta namn som slavey, slave.
Svar på hinta:
Kva skala: Kelvin-skalaen
Kva roman: Naiv. Super.
Kva person: Jan Tore Sanner (Faren er Tore Sanner og ektefellen er Solveig Barstad. For ordens skuld: Sanner vart vald inn på Stortinget i 1993, men var vararepresentant i fire år før det.)
Kva innsjø: Store Slavesjø
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.