Hint for hint
Kva dyr?
5 POENG: Vaksne individ av dette dyret har raud augering. Arten vert delt inn i fem underartar, særleg etter kva gråsvart tone ryggen har. To av underartane har førsteledda samojed- og kasakh-.
4 POENG: Han kan verte forveksla med svartbak, men er mindre og har ikkje grårosa bein. Eit treffande dialektnamn er gulføting.
3 POENG: Han er kvit på undersida og mykje av hovudet. Han et det meste, ikkje minst stimfisken som òg er med i artsnamnet. Nebbet er gult med raud flekk.
2 POENG: Arten og resten av familien kjem dårleg ut hos Odd Børretzen.
1 POENG: Nokre andre vanlege måker i Noreg er fiskemåke, gråmåke, hettemåke og krykkje.
Kva person?
5 POENG: Denne personen var barn av jødiske immigrantar. Han skulle verte ein stor og allsidig musikkformidlar og velgjerar. Til dømes komponerte han filmmusikken til Storbyhavnen (1954).
4 POENG: Amerikanaren levde i åra 1918–1990. Ei boktittel er The Joy of Music. Pedagogen arrangerte òg eigne konsertar for yngre.
3 POENG: I det viktigaste yrket sitt fekk han kjende elevar, som Herbert Blomstedt, Claudio Abbado og Seiji Ozawa.
2 POENG: Det nemnde yrket er dirigent. Han komponerte òg musikken til musikalen West Side Story.
1 POENG: I filmen Maestro (2023) er Bradley Cooper både regissør, manusforfattar, produsent og hovudrolleinnehavar.
Kva land?
5 POENG: Stjerna i flagget til dette landet er gul. Tre viktige byar utanom hovudstaden er Wau, Malakal og Kodok. Sistnemnde har det gamle namnet Fashoda, kjend frå Fashoda-krisa i 1898, då det nesten vart krig mellom Frankrike og Storbritannia.
4 POENG: Landet har ikkje kyst. Offisielt språk er engelsk. Største religion er kristendommen.
3 POENG: Nilen kryssar landet. Det vart borgarkrig i 2013 på grunn av konflikt mellom president Salva Kiir og den avsette visepresident Riek Machar. Dei høyrer til dei største etniske gruppene, høvesvis dinka og nuer.
2 POENG: Hovudstaden er Juba.
1 POENG: FNs nyaste medlemsstat braut ut av Sudan i 2011.
Kva teikneserie?
5 POENG: Denne teikneserien gjekk frå 1913 til 2000. Skaparen levde i åra 1884–1954. Det er mykje absurd i teikningane, ikkje minst på måleria i bakgrunnen.
4 POENG: Skaparen er amerikanske George McManus. Den mannlege hovudpersonen likar sprengt oksebryst med spisskål på Olsens Bar, som det heiter i norsk omsetjing.
3 POENG: I Noreg er han best kjend som årleg julehefte. Det er ein satire over dagleglivet til eit nyrikt irsk-amerikansk ektepar.
2 POENG: Originaltittelen er Bringing Up Father. Den norske tittelen er fornamna til ekteparet.
1 POENG: På norsk har båe hovudpersonane fornamn på F.
Svar på spørsmåla:
Kva dyr: Sildemåke
Kva person: Leonard Bernstein
Kva land: Sør-Sudan
Kva teikneserie: Fiinbeck og Fia
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.