Hint for hint
Kva song?
5 POENG: Denne songen har tekst av Trygve Hoff og melodi av Svein Gundersen. Songen var med i Wam & Vennerød-filmen som kom i 1986, eit drama om eit familiekollektiv. Det siste ordet i songtittelen er òg med i filmtittelen.
4 POENG: Artisten som framførte songen i filmen, er tromsøværing. Gjennombrotet vart komplett med albumet Varme ut av is frå 1987, der songen òg er med.
3 POENG: Ein annan kjend song med same artist er «Ei hand å holde i».
2 POENG: Jørn Hoel opnar refrenget med «Snart stiger sol et sted i øst».
1 POENG: Songtittelen er tre ord. Filmen heiter Drømmeslottet.
Kva hunderase?
5 POENG: Denne rasen er allsidig. Eit døme er hundane Strongheart og Rin Tin Tin, som var Hollywood-stjerner i mellomkrigstida.
4 POENG: Han er muskuløs og har ståande øyre. Mankehøgda er rundt 60 centimeter, noko høgare hos hannen enn hos hoa. Det mest vidgjetne individet er kan hende Blondi, den siste hunden til Adolf Hitler.
3 POENG: Både namnet og rasen har tysk opphav. Me reknar 1899 som startåret, då hundeavlaren Max von Stephanitz kjøpte det første individet.
2 POENG: Han er ein vanleg tenestehund, til dømes i politiet. Namnet viser derimot til eit eldre bruksområde.
1 POENG: Førsteleddet er tysk for sauegjetar. På engelsk heiter han German Shepherd.
Kva person?
5 POENG: I Apostelgjerningane 6 finn me utnemninga av dei sju diakonane. Desse sju var denne personen og Filip, Prokoros, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus.
4 POENG: Personen har minnedag 26. desember. Han er ikkje ein av dei tolv disiplane. Om du set namnet framfor -alliansen, får du ein norsk misjonsorganisasjon med særleg fokus på trusfridom.
3 POENG: Han vart drepen, skulda for blasfemi. Den mest kjende kyrkja i Wien har namn etter han.
2 POENG: Drapet var steining, og det står at Saulus, seinare Paulus, var samd i det.
1 POENG: Han vert rekna som den første kristne martyren.
Kva by?
5 POENG: Denne byen har over hundre moskear. Den mest kjende er Gazi Husrev-beg-moskeen, oppkalla etter ein lokal beg (herskar). Søraust for byen ligg vintersportsstaden Jahorina.
4 POENG: Godt kjent er òg rådhuset, Vijećnica. Det går gondolbane opp til fjellet Trebević. Fotballspelaren Edin Džeko er fødd her.
3 POENG: Me skal til hovudstaden i eit land som knapt har kyst, berre rundt 20 kilometer. Det er mot Adriahavet.
2 POENG: Byen fekk eit løft til vinter-OL i 1984, men store skadar under Bosniakrigen (1992–1995).
1 POENG: Franz Ferdinand køyrde frå rådhuset og vart skoten, noko som utløyste den første verdskrigen.
Svar på hinta:
Kva song: «Har en drøm»
Kva hunderase: Schæferhund (eller kortforma schæfer)
Kva person: Stefanus (Han vert òg kalla Stefan eller Staffan. Det var referansar til staffansdagen, Stefanusalliansen og Stefansdomen.)
Kva by: Sarajevo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.