Hint for hint
Kva i naturen?
5 POENG: Mange slike er totale eller partielle, alt etter om du sjølv står i umbra eller penumbra. Ei total kan vare frå omkring 10 sekund til 7,5 minutt.
4 POENG: Dette skjer nokre få gonger kvart år, men det varierer kvar på jorda dei er synlege. Den førre ein kunne sjå frå Noreg, var i 2022, den neste er i 2025.
3 POENG: Umbra og penumbra vert òg kalla kjerneskugge og halvskugge. Det er månen som skuggar.
2 POENG: Det er veldig viktig å ikkje sjå direkte på fenomenet. Det kan gje store augeskadar.
1 POENG: Fenomenet er at sola er heilt eller delvis skjult bak månen på himmelen.
Kva land?
5 POENG: Dette er eit av fire land med over 100 millionar innbyggjarar i verdsdelen sin. Tidlegare var løva av Juda riksvåpen i flagget. I dag er ho erstatta av eit felt med eit pentagram.
4 POENG: Med 130 millionar er det verdas mest folkerike innlandsstat. Kaffi og gull er store eksportvarer.
3 POENG: Landet vart aldri kolonisert. Då ser me vekk frå den italienske okkupasjonen under andre verdskrigen. Då landet var med og grunnla FN i 1945, vart det oppført med dagens namn, ikkje Abyssinia.
2 POENG: Det ligg på Afrikas horn, omkransa av Kenya, Sør-Sudan, Sudan, Eritrea, Djibouti og Somalia.
1 POENG: Bilar registrerte her har koden ETH.
Kva person?
5 POENG: Denne ungkaren skal ha vore ovleg sjarmerande. Han trulova seg med Erika Lie og mange andre. Opus 1 kom ut på eit forlag i Leipzig. Det same tiåret døydde han i Berlin av tuberkulose.
4 POENG: Han (1842–1866) var sentral ved innleiinga til gullalderen i norsk musikk (ca. 1870–1910). Men han døydde tidleg og fekk ikkje komponert like mykje som Edvard Grieg og Johan Svendsen.
3 POENG: Han tonesette ei rekkje verk av ein vidgjeten fetter. Eit døme er «Purpose» og resten av scenemusikken til Maria Stuart i Skottland.
2 POENG: Fetteren er Bjørnstjerne Bjørnson.
1 POENG: Det mest kjende samarbeidet deira er «Ja, vi elsker dette landet».
Kva varemerke?
5 POENG: Historia om dette varemerket startar i 1932 med Ole Kirk Christiansen. I 1958 fekk produktet røyr på undersida, slik me kjenner det no. Sonen Godtfred Kirk Christiansen var viktig i denne utviklinga.
4 POENG: Varemerket har ulike tema, til dømes Art, Technic og Braille Bricks. Det siste er for blinde og svaksynte.
3 POENG: Faren Ole laga opphavleg treleiker. Han arbeidde i Billund kommune.
2 POENG: Det finst over ti moroparkar i verda for varemerket. Den mest kjende ligg i nemnde Billund på Jylland.
1 POENG: Faren gav selskapet namn etter den danske frasen «leg godt». Temaet Duplo er store klossar for små barn.
Svar på hinta:
Kva i naturen: Solformørking (Forutan totale og partielle finst det òg ringforma solformørkingar. Då er måneskiva lita nok til at me ser sola som ein ring rundt månen.)
Kva land: Etiopia
Kva person: Rikard Nordraak (Også Bjørnson var forelska i pianovirtuosen Erika Lie. Ho gifta seg med politikaren og legen Oscar Nissen.)
Kva varemerke: Lego
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.