Hint for hint
Kva innanfor mat og drikke?
5 POENG: Dette produktet har namn etter ein tidlegare provins i Frankrike, slik landet var delt inn før revolusjonen. Provinsen var liten og låg inntil Spania, ganske nær Atlanterhavet. I heimelaga utgåve gjev produktet heile 508 kilokaloriar per 100 gram (Matvaretabellen).
4 POENG: Produktet er ofte smaksett med sjalottlauk, estragon og kjørvel. Språkrådet har ein forenkla stavemåte som kan vere med eller utan aksent.
3 POENG: Produktet er flytande.
2 POENG: Det vert rekna som eit barn av hollandéssaus. Hovudingrediensane er smør og eggeplommer.
1 POENG: Provinsen heitte Béarn.
Kva person?
5 POENG: Denne 83-åringen med jødiske røter gjekk i klasse med Barbra Streisand og Bobby Fischer. Newyorkaren roa ned i 2018 etter å ha fått diagnosen Parkinsons sjukdom.
4 POENG: Den varme barytonen er ein av tidenes mestseljande musikarar. Han skreiv først popsongar for andre. Til dømes «I’m a Believer» for The Monkees.
3 POENG: Tre andre songar er «Cracklin’ Rosie», «Song Sung Blue» og «You Don’t Bring Me Flowers». Den siste er ein duett med den nemnde klassevenninna.
2 POENG: Best kjend er truleg «Sweet Caroline».
1 POENG: Når du er fødd med ein edelstein som etternamn, er vegen til artistnamn kort.
Kva olympisk sport?
5 POENG: Det første OL-gullet til Egypt og Filippinane kom båe i denne sporten. Det var i høvesvis 1928 og 2021.
4 POENG: Sporten var med i Athen i 1896. I år gjekk dei fem herregulla til utøvarar frå Kina, Indonesia, Bulgaria, Kina og Georgia.
3 POENG: På kvinnesida kom vinnarane frå Kina, Kina, USA, Noreg og Kina. Nordmannen vann i vektklassen 81 kg.
2 POENG: Noreg har dimed to olympiske meistrar i sporten: Leif Jenssen og Solfrid Koanda.
1 POENG: Solfrid Koanda sigra med resultatet 275 kilogram: 121 i rykk og 154 i støyt.
Kva land?
5 POENG: Dette landet har éin verdsarvstad, Pitons Management Area. Staden er eit område rundt to vulkanar, Gros Piton og Petit Piton. I flagget ser me desse stiliserte som trekantar.
4 POENG: Den tidlegare britiske kolonien har fostra Derek Walcott og Julien Alfred. Han fekk Nobelprisen i litteratur, ho vann landets første OL-medalje. Det siste skjedde i 2024 på 100 meter.
3 POENG: Dette er verdas einaste (sjølvstendige) land oppkalla etter ei (verkeleg) kvinne. Hovudstaden er Castries.
2 POENG: Me skal til Karibia. Kvinna er ein helgen.
1 POENG: Ifølgje ein versjon var dei første europearane her nokre franskmenn i 1502. Datoen var 13. desember.
Svar nedanfor:
Kva innanfor mat og drikke: Bearnéssaus
Kva person: Neil Diamond
Kva olympisk sport: Vektløfting
Kva land: Saint Lucia
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.