Hint for hint
Kva organisasjon?
5 POENG: Denne organisasjonen vart grunnlagd av ein brite i 1961 og har hovudkontor i London. Mykje av aktiviteten er på grasrotnivå. Den norske avdelinga har hatt same generalsekretær sidan 2007.
4 POENG: Organisasjonen fekk Nobels fredspris i 1977. Dei to nemnde personane er Peter Benenson og John Peder Egenæs.
3 POENG: Ein kjend type aksjon er å sende mange postkort eller e-postar med støtte til bestemte personar.
2 POENG: Dei arbeider mot dødsstraff, tortur, forsvinningar og så bortetter. I logoen ser me eit stearinlys med piggtråd rundt.
1 POENG: Sentralt i namnet er eit omgrep på A som tyder ettergjeving av straff.
Kva fjord?
5 POENG: Denne fjorden deler førebokstav med kommunen han ligg i. Tre austlege armar er Eidsfjorden, Bekkarfjorden og Ifjorden. Lenger inn kan me sjå Adamsfossen.
4 POENG: Det bur få folk ved fjorden. Han ligg mellom Sværholthalvøya i vest og Nordkinnhalvøya i aust. Inst finn me bygda Kunes.
3 POENG: Dei fem store fjordane i Finnmark er Altafjorden, Porsangerfjorden, (…), Tanafjorden og Varangerfjorden.
2 POENG: Kommunen er Lebesby.
1 POENG: Det norske namnet kjem kan hende av ein fiskeart eller det nordsamiske namnet Lágesvuotna.
Kva måleri?
5 POENG: Dette er det mest kjende måleriet til kunstnaren. Det er frå 1830 og skildrar noko som hende 26.–29. juli det året. Biletet er over tre meter langt og to meter høgt. Me godtek svaret så lenge de ser for dykk rett bilete.
4 POENG: Måleriet heng i Louvre. Paris har òg eit eige museum for kunstnaren. Det ligg administrativt under Louvre.
3 POENG: Det er både levande og døde personar på biletet. Me ser ulike klassar – ein borgar med flosshatt til venstre, ein gategut til høgre. I bakgrunnen skimtar me Notre-Dame.
2 POENG: Kunstnaren er Eugène Delacroix. Motivet er julirevolusjonen.
1 POENG: Hovudfiguren er personifiseringa Marianne. I venstrehanda held ho eit gevær med bajonett.
Kva person?
5 POENG: Shyamala Gopalan var kreftforskar og aktivist. Me skal fram til det eldste barnet hennar. Personen har skrive barneboka Superheroes Are Everywhere.
4 POENG: Yrkesbakgrunnen synest i namnet på debutboka Smart on Crime frå 2009. Dei to andre bøkene er The Truths We Hold og barneboka, båe frå 2019.
3 POENG: Mora var frå India, faren frå Jamaica. Som senator fekk personen merksemd for pågåande utspørjing.
2 POENG: Om alt går etter planen hennar 5. november, vil Doug Emhoff rykkje opp frå second gentleman til first gentleman.
1 POENG: Planen er å verte USAs første kvinnelege president.
Svar på hinta:
Kva organisasjon: Amnesty International
Kva fjord: Laksefjorden (Lágesvuotna kjem av lágis, «noko nedtrykt, flatlendt» og vuotna, «fjord».)
Kva måleri: «La Liberté guidant le peuple» (Det er omsett til «Fridommen fører folket» og «Fridommen på barrikadane». Me godtek til dømes «måleriet med ei kvinne som held trikoloren».)
Kva person: Kamala Harris
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.