Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

QuizTidtrøyte

Hint for hint

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2787
20240913
2787
20240913

Kva sopp?

5 POENG: Under hatten ser me at Albatrellus ovinus er ein poresopp. Han er òg ei kjuke, men lever på bakken. Han dannar sopprot med gran og veks gjerne i klyngjer i gamal granskog, også i Noreg.

4 POENG: Porelaget er kvitt, men vert gult ved skraping. Slik kan ein lett skilje han frå forvekslingsarten franskbrødsopp.

3 POENG: Han er ein klassisk, trygg matsopp for norske nybyrjarar, akkurat som kantarell, traktkantarell, steinsopp, matpiggsoppar og matrisker. Han er stor, kjøtfull og med uregelmessig hatt.

2 POENG: Stilken er kvit. Hatten varierer frå kvit til gråbrun. Han har namn etter eit dyr.

1 POENG: Han vert òg kalla sauesopp.

Kva by?

5 POENG: Denne byen er sentrum for handel, industri og kultur. Han vart grunnlagd i 1589 som ein festningsby på deltaet der elva Ota møter Innlandshavet. Ein ruin med kuppel står på Unescos verdsarvliste.

4 POENG: Byen ligg sørvest på den største øya i landet. Han er sentral i ein filmklassikar frå 1959, i regi av Alain Resnais, etter manus av Marguerite Duras.

3 POENG: Den mest kjende datoen i byens historie er 6. august 1945. Itsukushima-heilagdomen utanfor bykjernen er òg verdsarvstad.

2 POENG: Den tilsvarande datoen for Nagasaki er tre dagar seinare.

1 POENG: Den nemnde ruinen, Genbaku-domen, vert òg kalla Atombombekuppelen.

Kva gjenstand?

5 POENG: Denne gjenstanden finst i sju variantar og er det mest kjende produktet til Robert Kalina, ein austerriksk designar. Variantane fokuserer på kvar sin arkitekturstil: 1) klassisk, 2) romansk, 3) gotisk, 4) renessanse, 5) barokk og rokokko, 6) jarn og glas på 1800-talet, og 7) moderne.

4 POENG: Han vart lansert 1. januar 2002 og har seinare vorte fornya ein gong. Alle sju har kvar sin farge.

3 POENG: Han er av bomullspapir. Arkitekturen er vist med vindauge og portar på framsida og bruer på baksida.

2 POENG: Valørane er frå 5 til 500. Den siste er i utfasing.

1 POENG: Han er offisielt betalingsmiddel i 20 land i verdsdelen vår.

Kva person?

5 POENG: Denne holeværingen venta i 14 år etter embetseksamenen med å la seg utnemne. Han utøvde profesjonen i mellom anna Krødsherad, Vestre Aker og Kristiansand. Då var han allereie godt reisevand.

4 POENG: Faget var teologi. Som forfattar skreiv han til dømes barneboka I Brønden og i Kjærnet og dikta «Sætergjentens Søndag», «Efter Regn» og «Den gamle Mester».

3 POENG: Folkloristen (1813–1882) samla mellom anna viser og leiker. Sonen Moltke vart òg folklorist.

2 POENG: Han er best kjend som den eine parhesten bak ei skjønnlitterær innsamling.

1 POENG: Den andre parhesten var Peter Christen Asbjørnsen.

Svar på hinta:

Kva sopp: Fåresopp (Frå fem poeng til to poeng er sauesopp òg godkjent svar.)

Kva by: Hiroshima (Filmen er Hiroshima mon amour.)

Kva gjenstand: Eurosetel

Kva person: Jørgen Moe

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis