Hint for hint
Kva person?
5 POENG: Denne personen vart fødd i Alta i 1936 og kom tett på til dømes Helene Alving. Avskjeden vart Ad astra av Karin Boldemann (2007–2008).
4 POENG: Personen var med i det første kullet på Teaterhøgskolen i 1953 og arbeidde ved ulike teater i femti år. To kjende TV-roller er i Benoni og Rosa og Blindpassasjer.
3 POENG: Oppveksten under krigen var nyttig i Ni liv og fleire andre filmar av Arne Skouen. Ho fekk barn med André Bjerke og Ole Paus.
2 POENG: Eit ikonisk bilete frå De dødes tjern viser ho i kvit kjole, gåande mot tjernet.
1 POENG: Henny døydde 8. september.
Kva nasjonalpark?
5 POENG: Då denne nasjonalparken vart utvida, gjekk arealet frå rundt 600 til 1000 kvadratkilometer. Lav dominerer terrenget – kartlav i gulgrønt, reinlav i gulkvitt.
4 POENG: Dette er Noregs eldste nasjonalpark, verna i 1962. Han ligg i sju kommunar: Dovre, Folldal, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu og Stor-Elvdal. Du kjem hit enkelt frå både aust og vest.
3 POENG: Han ligg mellom Gudbrandsdalen og Østerdalen. Du kan sjå villrein her.
2 POENG: Han deler namn med høgfjellsområdet han ligg i. Tankane går fort til eit Vinje-dikt og eit Sohlberg-måleri.
1 POENG: Det er mange merkte stiar, til dømes til dei to høgaste toppane, Rondslottet og Storronden.
Kva dyr?
5 POENG: Dette dyret på rundt 10 kilogram vert gjerne delt i tre artar. Ny systematikk plasserer dei to afrikanske i slekta Lupulella, den eurasiske i slekta Canis.
4 POENG: Dyret er mykje nattaktivt. Set ordet i bestemt form eintal, så får du ein spenningsroman og ein venezuelansk terroristleiar.
3 POENG: Artane har førsteledda skaberakk-, stripe- og gull-. Den siste vart fotografert i Noreg første gong i 2020.
2 POENG: Dyret er i hundefamilien og har rovtenner, ståande øyre og buskete hale. I egyptisk mytologi er guden Anubis eit kjent døme.
1 POENG: Ordet viser overført til ein person som grådig utnyttar andre si ulukke. Ordet kjem frå sanskrit shrgala.
Kva sjanger?
5 POENG: Thomas A. Dorsey (1899–1993) vert kalla far til denne sjangeren. Han har òg vorte kreditert for sjangernamnet.
4 POENG: Nokre av dei største utøvarane er Mahalia Jackson, James Cleveland, Andraé Crouch og Kirk Franklin.
3 POENG: Det er ein musikksjanger frå USA. Tekstinnhaldet og songstilen er sentrale trekk. Noreg har fleire kjende komponistar og kor.
2 POENG: Sjangeren oppstod i afrikansk-amerikanske kyrkjelydar i mellomkrigstida. Hymner, blues og spirituals var viktige inspirasjonskjelder.
1 POENG: Han er kristen. Namnet er engelsk for evangelium.
Svar på hinta:
Kva person: Henny Moan (Helene Alving i Gengangere er ei av dei mange Ibsen-rollene hennar.)
Kva nasjonalpark: Rondane nasjonalpark (Diktet og måleriet er høvesvis «Ved Rondane» og «Vinternatt i Rondane».)
Kva dyr: Sjakal
Kva sjanger: Gospel
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.