Hint for hint
Kva spel?
5 POENG: Dette spelet vart funne opp i 1971 av ein amerikansk barberar som heitte Merle Robbins. I dag er spelet eigd av selskapet Mattel.
4 POENG: Spelet er barnevenleg. Ein norsk film frå 2004 har same namn og refererer til spelet undervegs.
3 POENG: Det er 108 eller 112 kort i stokken. Eit av dei er «Skift farge og trekk fire».
2 POENG: Når ein legg på eit vanleg kort, må det ha same farge eller valør som det førre. Målet er å gå tom for kort.
1 POENG: Gløym ikkje å seie namnet på spelet når du har eitt kort igjen. Det er spansk og italiensk for «éin».
Kva person?
5 POENG: Då Anne-Karin Jarlsby gifta seg, var brudgommen ikkje elektromontøren Harald Sørensen, heller ikkje kontoristen Erling Fjeld. Personen dreiv folkeopplysing i tiår etter tiår i tett samarbeid med kona.
4 POENG: Telemarkingen var gruppeleiar. Åtte av dei tolv kjernemedlemmene var Andreas Aubert, Viggo Axelssen, Henrik Hop, William Houlder, Martin Olsen, Arthur Pevik, Birger Rasmussen og Tor Stenersen.
3 POENG: Oslogjengen omfatta òg Gregers Gram og Edvard Tallaksen. Desse og Stenersen fall i 1944.
2 POENG: Han er den høgast dekorerte norske borgaren nokosinne.
1 POENG: Harald Sørensen og Erling Fjeld var dekknamn, akkurat som Kjakan og Nr. 24.
Kva land?
5 POENG: Elva som renn lengst i dette landet, heiter Váh. Ho munnar ut i den store grenseelva som landet har i sørvest.
4 POENG: Landet har mykje fjell. Det høgaste punktet er
Gerlachovskyštít i Tatrafjella, 2654 meter over havet. Det lågaste punktet er 94 meter over havet.
3 POENG: Den store grenseelva er Donau, som renn gjennom hovudstaden. Aust i landet ligg den nest største byen, Košice.
2 POENG: I mykje av historia har landet vore del av Det stormähriske riket, Ungarn og sist ein union med Tsjekkia.
1 POENG: Den mest iaugefallande bygningen i hovudstaden er Bratislava slott.
Kva yrkestittel?
5 POENG: I Noreg er det for tida fire personar med denne yrkestittelen. Eit avleidd omgrep gjev namn til ei øygruppe i Papua Ny-Guinea.
4 POENG: To av dei fire nordmennene er Torolf Rein og Haakon Bruun-Hanssen. Ein ruvande skikkelse internasjonalt er kinesiske Zheng He på 1400-talet.
3 POENG: Philip Boardman har ikkje fire stjerner, men nyttar tittelen i artistnamnet sitt. Svaret er òg namn på ein sommarfuglart.
2 POENG: Dei to andre nordmennene er kong Harald og kronprins Haakon.
1 POENG: Det er den høgaste graden i Sjøforsvaret, tilsvarande general i Hæren og Luftforsvaret.
Svar på hinta:
Kva spel: Uno
Kva person: Gunnar Sønsteby (Han og Max Manus var dei to mest kjende i Oslogjengen.)
Kva land: Slovakia
Kva yrkestittel: Admiral (Det var referansar til Admiralitetsøyane og Admiral P.)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.