Hint for hint veke 32
Kva markør?
5 POENG: Du treng berre nokre sekund på å lage denne typen markør. Han er nyttig, men somme tykkjer lite om han. To namnebrør er ein type augebolt på seglskip og ein etande sopp med karakteristisk form.
4 POENG: Ordet har to andre tydingar òg. Den konkrete er noko kong Midas fekk som straff. Den andre er overført, noko på menneskekroppen.
3 POENG: Du vil truleg oppdage markøren oftare på antikvariat enn i vanlege bokhandlar.
2 POENG: Dersom du hugsar eit sidetal, treng du vonleg ikkje lage denne «dyriske» markøren.
1 POENG: Markøren er ein brett på eit bladhjørne i bøker eller liknande.
Kva person?
5 POENG: Me skal fram til «onkelen» som skreiv boka Le Procès de la Colonisation Française. Han er best kjend under eit namn som tyder «Den som opplyser».
4 POENG: Han (1890–1969) hadde fleire opphald langt heimanfrå. I Frankrike vart nasjonalisme, antikolonialisme og kommunisme viktige for han.
3 POENG: Forutan nasjonalspråket snakka han mellom anna engelsk, fransk og mandarin. Han vann i tur og orden mot Japan, Frankrike og USA.
2 POENG: Han var president frå 1945 til han døydde. Då var det framleis krig, før nord og sør vart sameinte i 1976.
1 POENG: Far til det moderne Vietnam gjev namn til landets største by.
Kva dyr?
5 POENG: Dette dyret er ein familie med fem artar. Tre av dei lever i Noreg. Den eine kan verte heile 40 år. Pigghudingar er viktig føde for alle tre.
4 POENG: Dei norske artane har forstavingane blå-, grå- og flekk-. Den siste har maksstorleik på 180 cm og 26 kg. Av pigghudingar går det mykje i kråkebollar.
3 POENG: Han er ein populær matfisk i Noreg, men har ikkje vore det lenge. Fjernsynskjøkkenet bidrog med ein episode i 1979. Eit dialektnamn er havkatt.
2 POENG: Han lever på havbotnen. Han har lang ryggfinne og gattfinne og ikkje minst kraftig kjeve og sterke tenner.
1 POENG: Trass i namnet et han ikkje stein.
Kva materiale?
5 POENG: Den som nyttar ein prellhammar, også kalla Schmidt-hammar, jobbar truleg med dette materialet. To heilt andre hint er 15.16,1 og Karl Evald Johansson.
4 POENG: Det finst fleire norske prisar for god bruk. Ordet står framfor -fagarbeidar i namnet på ei yrkesfagleg utdanning.
3 POENG: Du kan gjere materialet lettare med lettklinker og sterkare med armeringsstål.
2 POENG: Det er eit viktig byggjemateriale. Døme er dammar, bruer, kaiar, petroleumsplattformer og bygningar.
1 POENG: Det er ei blanding av sement, vatn, tilslag (til dømes sand og singel) og eventuelle tilsetjingsstoff.
Svar:
Kva markør: Eseløyre
Kva person: Ho Chi Minh (Kallenamnet Bac Ho tyder «onkel Ho».)
Kva dyr: Steinbit
Kva materiale: Betong (Ein prellhammar måler trykkfastleik og seier dimed kor mykje betongen har herda. Verdsrekorden 15.16,1 høyrer til skøyteløpar Per Willy «Betong» Guttormsen. Karl Evald Johansson spelte Billy Betong i Pelle Parafins Bøljeband. Betongtavlen har vorte delt ut sidan 1961, Betongelementprisen sidan 1987.)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.