Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Håvard Hedde

Barndomens viseskattar:

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Minnestøtta over Håvard Hedde, reist på Hylestad i Valle kommune.

Foto: Siri Johannessen / Wikimedia

6785
20191108

Håvard Hedde

Eg heiter Håvard Hedde og er so ven ein kar.

No vil eg bort og gifta meg og rydja meg ein gard.

Eg bur oppunder fjell, og jenta hev eg lova,

eg svik ho inkje hell.

Om garden han er liten, så er no skogen god.

Der heve eg to furer, og dei må stå i ro.

Når borni dei vert mange og skuldi aukar på,

så høgg eg ned den eine, den andre ho lyt stå.

Men når me verte gamle og kvar skal hava sitt,

så høgg eg ned den andre, og så er skogen kvitt.

Han reiste ifrå Langjei, men då var jenta fest.

Og det var med ein annan, det hev han trega mest.

ho sveik meg likevel.

Eg sit på ein kafé i Valle, øvst i Setesdal, i lag med Gro Hedde Brokke, kjend kvedar og slektning av Håvard Hedde, og Leonhard Jansen, konservator ved Setesdalsmuseet, som kan mykje om folket sitt.

Brått peikar dei båe på ei slette like bortanfor oss og fortel at der budde Håvard Hedde, guten me syng om som hadde planane klare, med store tankar om kjærleiken og livet. Men som snart fekk kjenna kva naud og fattigdom gjorde med draumane hans. Og då kjærasten sveik han, vart det meir enn den ulukkelege ungguten kunne bera.

Det er ikkje vanskeleg å identifisera seg med denne guten oppunder nuten som trudde han hadde ordna seg godt – og levde lenge på draumane sine, slik visa fortel. Guten er Håvard Hedde, som sat der under berget med dei to furuene sine, og la planar for livet i lag med jenta han hadde lova truskap til.

Det var uventa å høyra at Håvard hadde vore ein levande person som kom til verda på denne plassen i 1758. Han var husmannsson, den sjette av seks eller sju born. Tidleg mista han fleire av syskena sine. Atten år gamal mista han far sin, og fem år etter mor si.

Guten måtte ut i teneste for å brødfø både seg sjølv og syskena. Leonhard Jansen fortel at det vart ei brutal ungdomstid med mykje erting og trakassering.

Og det var ikkje småtteri han vart skulda for. I 1776, like etter at faren døydde, fekk presten i Valle høyra at Håvard hadde hatt seksuell omgang med ei ku. Vart han dømd, kunne han bli halshoggen. To dagar etter møtte Håvard og fleire vitne til avhøyring. Håvard nekta og fortalde at i pinsa, på veg til mor si, måtte han gjera frå seg – og løyste på buksa.

Dei to som vitna, var 16 og 18 år gamle. Ifylgje domen hadde dei ikkje sett penisen hans og gjekk tilbake på vitnemålet sitt. Futen trudde på Håvard – og kalla vitneprova for «Sladder og Børneværk». Håvard gjekk fri, men ikkje for folkesnakket.

Men den tyngste børa var nok då jenta hans på Langeid sveik han med ein kar som hadde meir å by på enn to skrantne furuer. Etter kvart fekk han seg teneste hjå ein bonde i bygda og tok også på seg militærteneste i staden for ein bondeson som helst ville sleppa.

Men så drog Håvard frå dalen. Han vandra vidt omkring og prøvde seg som tømmerhoggar og driftekar.

I 1788 kalla danskekongen inn mannskap til eit felttog mot svenskane som var ei fylgje av Danmark–Noregs lovnad om å støtta Russland mot Sverige, det som fekk namnet tyttebærkrigen.

Då troppen gjekk forbi Kragerø, skulle dei finna Håvard, men han var ikkje der då soldatane reiste. Det vart notert i rullane at han var desertør, men i ei seinare rettssak går det fram at han hadde tent ut tida si.

I alle fall skal han same hausten ha kome til heimplassen igjen, men der stod det like dårleg til.

Kvar skulle han gjera av seg? Han drog til Arendal, men tydde til flaska, kom i fengsel for krangel og fekk hard medfart. Det vart mange kampar undervegs. Og han lét seg eggja, banna og rasa sanselaus rundt i fylla, utan fast bustad og overlevde på tigging og delvis arbeid. Samstundes som han orsaka seg med at han ikkje var så ille.

Men våren 1790 må me tru at det ordna seg litt for omstreifaren og fylliken Håvard. Han møtte Åslaug Skauen frå ein skikkeleg bondefamilie i Bamble. Ho var enkje og omstreifar som Håvard – og hadde to søner. Dottera Alov, som døydde sju år gamal, er i kyrkjeboka innskriven som uekte.

Paret fekk lov til å setja seg opp ei husmannsstove på Moen under garden Mo i Gjerstad der Åslaug hadde familie.

Med Håvard fekk Åslaug to søner, Håvard og Torjus, som vart omstreifarar som faren og mora. Begge vart seinare dømde for brotsverk, men busette seg etter kvart i Gjerstad.

I 1792 finn vi Håvard i Tvedestrand. Albrekt Nilsen hadde nekta han overnatting i heimen sin. Då truga Håvard han med at det kunne vera klokare å gje han husly enn at huset hans skulle brenna ned om natta. Det enda med rettssak. Men i domen sa domaren at trugsmålet Håvard hadde kome med mot Albrekt, ikkje var anna enn eit munnhell frå eit opphissa brennevinssinn. Dermed slapp Håvard frå det med ei lettare straff.

Håvard var samd i at det kunne vel koma nokre stygge ord når han var skjenkt, men at han aldri hadde truga nokon.

I skriftlege kjelder finn ein ingen ting om Håvard frå 1801 til 1802 – då han vart skriven inn i kyrkjeboka som avliden.

Tradisjonen i Setesdal fortel at Håvard aldri gløymde jenta han hadde lova truskap. Ein haustdag kunne han ikkje styra lengten sin. Han måtte sjå jenta igjen.

Vegen til Langeid gjekk over elva Otra. Som gift budde jenta hans tvers over elva, i Sortdal i Bygland. Håvard prøvde å vassa over, men då han kom til eit brådjup, vart han teken av straumen og ført nedover elva – der han vart funnen livlaus, 44 år gamal, i 1802.

At Håvard vart gravlagd på Austad gamle kyrkjegard, støttar tradisjonen om at han drukna nord i Bygland.

Det er uvisst om det er Håvard sjølv som har dikta og sunge dei fem første strofene i ungdomen, eller om andre har dikta alle versa.

Men når visa vart så kjær og kjend, og Håvard har fått ei minnestøtte på heimplassen, trass i den sørgjelege og til tider stygge åtferda hans, må det vel tyda på at ungdomen har levd seg inn i denne trufaste kjærleikslengten og kvede visa – som setesdølane er meistrar på.

Kanskje hadde også bygdefolket vondt av guten som ikkje lukkast korkje i livet sitt eller i kjærleiken, og difor har dei pynta på visa, som er blitt ein av våre nasjonalskattar.

Men eksisterte dei to furuene? Eg såg ikkje anna enn den tørre moen, armoda og sorga.

Visa vart første gong trykt i Magnus Brostrup Landstads Norske folkeviser, i 1853. Det finst fleire versjonar av visa, men innhaldet er stort sett det same. Melodien er frå ein gamal folketone som vart teken inn i samlinga til Hulda Garborg: Norske dansevisur frå 1920.

Åshild Ulstrup

Åshild Ulstrup er journalist og forfattar.

Hovudkjelde: Leonhard Jansen og delvis Wikipedia, den frie encyklopedi

Neste veke: «Anne Knutsdotter»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis