Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

– Må lukke auga for det som skjer

CAESAREA: Politisk skifta Itamar Borochov frå høgre til venstre etter å ha vore med i krigen i Libanon i 1982. Geir Olav Jørgensen møter Itamar på heimstaden hans, Caesarea.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Itamar Borochov vart fødd i Haifa og bur i Caesarea.

Foto: Geir Olav Jørgensen

6774
20190524

Bakgrunn

Itamar Borochov

Forretningsmann

Alder: 62

Fødd: Haifa

Bustad: Caesarea

Politisk: til venstre

Israelske monologar

Kva meiner israelarar om situasjonen i Israel? Geir Olav Jørgensen lar israelarar med ulik bakgrunn og ulike syn seie kva dei meiner.
Denne veka: Itamar Borochov

– Korleis er livet i Israel i dag, Itamar Borochov?

For liberale menneske som meg er det dårlege tider. Dei vert færre av oss for kvar dag som går. Du seier du har treft ein del venstrefolk som du har fått intervjua. Då må eg le litt for meg sjølv: «Korleis greidde han som kjem frå utlandet å spore opp den eine prosenten som finst igjen av oss?»

Mange av venstrefolka har gått til sentrum, eller til høgre, og dei vender ikkje tilbake. Ser ein saka frå ein slik ståstad, er livet vanskeleg her i Israel no. Men, det finst alltid eit men. Den som reiser rundt i landet, kan sjå at israelarane lever godt. På kort tid har vi greidd å stable på beina eit samfunn som fungerer. Det israelske samfunnet er moderne og demokratisk.

Men vi står overfor alvorlege utfordringar både når det gjeld palestinarane og landa rundt oss. Ingen veit kva retning det vil ta. Eg plar å seie at det går an å leve godt i Israel, dersom ein er villig til å lukke auga for det som hender på det politiske planet. Og det er det mange av oss som har gjort i årevis.

Ein ny generasjon veks opp i ein fornektande kultur, og tilpassar seg han. For å leve i det israelske samfunnet blir ein nøydd til å verne seg mot det ytre presset. Det blir ein måte å overleve på – ein må inngå visse kompromiss med seg sjølv, ein kan ikkje ta inn over seg alt som hender. Parallelt med dei brå skifta som går føre seg på det politiske planet, ønskjer ein å leve tilnærma normalt, og ein hegnar om privatlivet sitt.

Området vi lever i, er ikkje fredeleg og stabilt. Dette er ikkje Noreg. Landet vårt er ikkje sosialistisk. Vi var det ein gong, men Israel gått gjennom ei enorm endring dei siste tjue åra, og i dag er vi superkapitalistiske. No er det pengane som styrer. Kva følgjer i spora av den reine kapitalismen? Dei vanlege utfordringane som er knytte til høgt forbruk. Ein tar ekstrajobbar for å kunne halde forbruket oppe. Vi er eit folk som prøver å leve opp til den amerikanske draumen om lukke og suksess via straumen av pengar. Sjå på inventaret, på menyen, på kleda til dei som sit rundt oss, og du forstår kva eg meiner. Dette er dagens Israel. Eit høgreland. Men eg vil ikkje svartmåle samtida. Med alderen har eg innsett at også høgresida kan ha sine poeng. Eg veit at du kan møte interessante folk også på den sida, smarte personar som er verde å lytte til.

Du kan ikkje finne den eine objektive sanninga når ein talar om dette landet. Det vil alltid vera mange synsvinklar ein kan sjå landet frå. Og jødane har meiningar om alt mellom himmel og jord. Meiningar som dei meir enn gjerne utbasunerer i aust og i vest. Her er eitt av problema med Israel: Alle ville helst ha vore statsminister. Alle har meiningar – alle veit best. Dette vesle og hektiske landet tyt over av meiningsutveksling.

Sjølv har eg det godt. Dagens Israel er ein god plass for den som vil tene pengar. Men ein må prøve å forstå palestinarane også. Sjå på Vestbreidda og Gaza og tilhøva som dei lever under. Dei kan ikkje nyte livet på same vis som oss, og dei har ikkje dei same rettane. Vi kontrollerer millionvis av menneske. Ti prosent av folket på Vestbreidda er jødar, grovt sett, medan nitti prosent er palestinarar.

Og palestinarane får mange fleire ungar enn oss. Dersom arabarane på Vestbreidda får rett til å røyste, har vi ei demografisk utfordring. Før eller seinare vil det difor kome ein ny intifada. Ein større krig som vil skake sjølve grunnvollane. Etter den blir vi nøydde til å ordne opp med palestinarane. To uavhengige statar vil sjølvsagt vere ei betre løysing for alle involverte.

Bryr den israelske venstresida seg verkeleg om palestinarane? Eg meiner dei kjempar mest for sin eigen livsstil. Eg trur ikkje venstresida elskar palestinarane meir enn høgresida. Dei fleste på venstresida har svært lite å gjere med palestinarane i dagleglivet. I Israel går det først og fremst føre seg ein politisk og ideologisk kamp om verdiar og levesett internt i landet. Situasjonen for palestinarane kjem i andre rekke. Eigeninteressa er rådande, også blant folk på venstresida.

Inne i kvar venstremann kan du finne ein liten høgremann, og inne i kvar høgremann kan du finne ein liten venstremann. Spesielt er det synleg i Israel, spør du meg. Eg høyrer enno til venstresida, men med alderen blir ein rundare i kantane.

Eg har vore med i krig, i Libanon i 1982, og vart såra i felten. Ei lang forteljing i seg sjølv. Elleve vener av meg mista livet i Libanon. Far min mista livet i Suez-krigen. Eg drog til Libanon fordi eg ville vite kva han hadde sett før han døydde. Eg ville oppleve krig.

Då eg nesten vart drepen sjølv, sa eg: «For ein idiot eg var, som ville vere med på dette!» På eitt minutt hadde eg skifta frå å vere høgremann til å bli venstremann, og eg var kurert for livet. På sjukehuset gjekk det opp for meg. Eg innsåg kor fåfengt det heile var, med menneske som set ut for å drepe andre menneske. Vi var unge og uvitande. Vi ana ikkje kva vi gjekk til. Du får ikkje sove i krigen og døgnet rundt lever du i frykt. Eg veit kor forferdeleg det er og ein må unngå krig så lenge ein kan.

Dagens israelarar har ikkje lyst på krig. Vi har ikkje den same gnisten som før. Dette landet er ikkje lenger nyetablert, dei unge har ikkje den same motivasjonen som dei førre generasjonane hadde. Dei unge israelarane vil ha seg ei utdanning. Dei vil ligge på stranda, dei vil ut og sjå seg om i verda. Dei unge i dag er opplyste, og dei har ikkje lyst til å følgje i dei same spora som foreldregenerasjonen.

Dei unge vil ikkje høyre dei gamle forteljingane om igjen. Dei sunne jødiske grunnverdiane blir sakte slipte bort. Folk har det for travelt med å tene pengar. Dei har ikkje tid til å sjå nyhende og halde seg oppdaterte. Dei tener kapitalismen, døgnet rundt. Det siste året har eg sjølv vore på reise 50 prosent av tida, på grunn av jobben. For det meste har eg reist i USA og Europa. Men dess meir eg reiser, dess meir set eg pris på heimlandet mitt. Situasjonen her vil halde fram med å spisse seg til, det er uunngåeleg. Men i dag lever eg som mange andre israelarar. Livet handlar om min eigen familie. Så lenge dei har det bra, er det greitt.

Serien held fram

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei unge vil ikkje høyre dei gamle forteljingane om igjen.

Her er eitt av problema med Israel: Alle ville helst ha vore statsminister.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis