Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

– Det å leve årevis i uvisse, er svært vanskeleg, seier Camilla Scharffscher Engeset i Redd Barna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2479
20170929
2479
20170929

Praksisen med mellombels opphaldsløyve for einslege mindreårige har fått mykje kritikk, og denne veka varsla Arbeidarpartiet at det vil føreslå endringar som reduserer bruken av slike. KrF, Venstre, SV, MDG og Raudt ønskjer alle å fjerne ordninga for dei under 18 år, ifølgje NTB.

Redd Barna håpar ordninga vert avvikla.

– Vi har jobba med einslege mindreårige asylsøkjarar i Noreg i over 20 år, og vi har aldri vore så uroa over situasjonen som no det siste året, seier Camilla Scharffscher Engeset, som er spesialrådgivar i Redd Barna.

Bruken av mellombels opphaldsløyve for mindreårige har auka kraftig etter at Stortinget i fjor haust gjorde endringar i vilkåra for retur. I 2015 vart det gjeve 15 slike opphaldsløyve. I 2016 var talet 316, og så langt i år er mellombels løyve gjeve til 360 einslege mindreårige.

Engeset seier at Redd Barna ganske raskt etter endringa av regelverket i fjor fekk rapportar om ekstrem forverring av situasjonen på mottaka.

– Dei som jobbar friviljug for oss, melder om ungdomar som verkar deprimerte og ikkje lenger ønskjer å delta på aktivitetar, noko som ikkje hadde vore særleg problem før. Tilsette på mottaka og dei friviljuge fortel òg om ungdom som ikkje vil leve lenger, og som forsvinn frå mottaka i panikk.

– Er det noko som kan gjerast for å betre situasjonen med dagens regelverk?

– Å sikre at ungdommane vert godt tekne vare på og får eit godt utdanningstilbod medan dei er i Noreg, er uansett viktig. Utdanning kan vere ein fristad frå vanskelege tankar. Barn og ungdom ønskjer utdanning og å gå på skule. Det ser vi både på dei som bur i mottak, flyktningleirar og krigssoner. Det å sjå på innhaldet i utdanninga, oppfølginga og aktivitetstilbodet på mottaket er såleis viktig. Til sjuande og sist er mellombels opphald så vanskeleg å leve med at erfaringa vår er at det er avgrensa kor mykje andre tiltak kan betre situasjonen for ungdomen. Vi meiner mellombels opphald bør avskaffast.

– Sjølv om det kan innebere at somme då kan verte returnerte raskare?

– Vi meiner det er betre, for det å leve årevis i uvisse, er svært vanskeleg. Då må vi heller jobbe for rask kopling til familie i heimlandet når det er mogleg og trygt, eller gje dei tryggleik og eit føreseieleg tilvære i Noreg, seier Engeset.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det å leve årevis i uvisse, er svært vanskeleg.

Camilla Scharffscher Engeset

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis