Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

2024 eller 2031 etter Kristus?

Når blei Jesus fødd? Kva er utgangspunktet for tidsrekninga vår?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Betlehemsstjerna.

Betlehemsstjerna.

Foto via Wikimedia Commons

Betlehemsstjerna.

Betlehemsstjerna.

Foto via Wikimedia Commons

3632
20241220
3632
20241220

Den tidlegaste kristne tradisjonen seier at Jesus var 40 år gammal då han blei krossfesta, og at dette var i år 33 etter Kristus. Jødane hadde månekalender og påskeaftan alltid første vårfullmånedag. Dette året er første dagen i påsken ein sabbat, sidan krossfestinga skjedde på førebuingsdagen, som er fredagen, og oppstoda første dagen i veka, altså søndagen.

Landshovdingen Pilatus og øvstepresten Kaifas verka til 37 e.Kr. Mellom åra 29 og 36 er det berre år 33 e.Kr. at fullmånen er på ein fredag. Krossfestinga skjedde dermed 3. april 33. Med ein alder på 40 år skulle dette gje som resultat at Jesus blei fødd i år 7 før Kristus.

Betlehemsstjerna kan ikkje ha vore eit allment iaugefallande fenomen, men noko som dei innvigde såg og tolka. Ei samanstilling av planetar er slik den einaste naturlege tolkinga. Etter gammal tradisjon var Saturn planeten til jødane, og Fiskane var stjernebiletet deira. Kongeplaneten var Jupiter.

Ei samanstilling av planetane Jupiter og Saturn i Fiskane hadde dermed svært tung symbolverdi i førestillingsverda til presteastronomane. I år 7 f.Kr. stod desse planetane uvanleg nær kvarandre. Heile tre gonger kryssa dei kvarandre i Fiskane, siste gongen svært nær kvarandre og nærast stilleståande, 12. og 13. november.

Denne samanstillinga var så spesiell at hennar like først vil skje om 25.732 år. Sidan stjernebakgrunnen då var endra, var det altså ei eingongshending, eit varsel om ein jødisk kongefødsel av det eineståande slaget.

To vismenn legg så ut på reise frå Babylon, då dei ser første møtet mellom planetane 15. mars, og frå Damaskus får dei følgje av den tredje, for vismannsbrorskapet var spreitt ut over heile Midtausten.

Etter ein kort visitt hos Herodes dreg dei ut vestporten frå Jerusalem seint på ettermiddagen 12. november. Det er 10 kilometer til Betlehem, halvannan times tid å ri. I skumringa ser dei først Jupiter, så den svakare Saturn 50 gradar over horisonten i vegretninga.

Like etter klokka 18.30 er det blitt mørk natt, og då kjem det eit svakt lysskjær til syne mellom sør og sørvest, ei lyskjegle med spissen opp mot Jupiter, som om det gjekk ein lysstraum ut frå denne.

Dette er zodiakallyset, gjenskinet av tallause småpartiklar som ligg i solbana, og som blir lyste opp av sola frå under horisonten. Den breie basisen gjorde at horisonten blei godt synleg. Dei to planetane som var plasserte i hjørnet av firkanten i stjernebiletet Pegasus, gav inntrykk av at dei stod i ro, medan det himmelske urverket dreidde.

Zodiakallyset er berre synleg når månen er borte. Dagen før stod månen opp tidlegare, noko som øydela mykje av synet, men denne dagen stod han opp klokka 21. Astronomien fortel oss derfor at dei tre kom til Betlehem om kvelden 12. november 7 f.Kr. med feilkjelde høgst éin dag før eller etter, mest truleg litt før klokka 20.

Josef tok kona og barnet med seg til Egypt same natta og fekk slik nytta måneskinet det første farlege stykket.

Oldkyrkjelege kjelder har ført opp at Jesus var ti månader gammal då vismennene vitja han, og då dei fór til Egyptarlandet.

Den svært gamle overleveringa av at Jesus er fødd 6. januar 7 f.Kr., er mest truleg rett, og framleis blir denne dagen feira av dei ortodokse kristne. Når me feirar vår juledag 25. desember, er det som følgje av eit pedagogisk knep frå dei tidlege vesterlandske kyrkjeleiarane, som overtok den gamle solfesten (Sol invincibilis) og gjorde han til lysfest i dobbel forstand.

Svein Gisle Apeland

Svein Gisle Apeland er pensjonert fastlege med livslang fascinasjon for astronomi.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis