AMS – avanserte måle- og styringssystem
Figur 2: blokkskjema for AMS-målaren.
Elektrikaren ser rart på meg. Eg har bede han om å montera den nye straummålaren i stova. Med skjerm og knappar å trykka på hadde han vorte ein pryd i heimen. Eg har alt ein liten vêrstasjon, og då hadde det vore kjekt å samanlikna straumforbruket med ytre faktorar som temperatur og vêrtype.
Eg får ikkje viljen min. Han seier eg kan kjøpa ein liten trådlaus dings og stappa han i HAN-uttaket på målaren. Då kan eg liggja flolagd i sofaen og ha full kontroll med straumforbruket. Eg takkar for tipset og tingar ein med det same.
Det er NVE som har tvinga på oss desse målarane som me sjølve må betala for via nettleiga. Tanken er edel. Smarte straummålarar skal gje forbrukarane betre informasjon om energiforbruket med nøyaktigare avrekning og å gjera automatisk styring av forbruket mogleg.
Eg vert riven ut av konsumentsløvsinnet. Kva slags straumavtale har eg? Etter å ha leita fåfengt på «Min side» og brukt fleire dagar for på å komma i kontakt med straumleverandøren, er konklusjonen klar: den dårlegaste avtalen dei kan tilby. No har eg den beste. Han er så god at dei ikkje eingong reklamerer for han. Med spotpris vert det mykje kjekkare å følgja med.
Eg lastar ned brukarrettleiinga til målaren. Figur 1 gjev ei grei oversikt. Ved å trykka på skjermknappen får ein mykje meir informasjon enn via den gamle elektromekaniske målaren me hadde før. I tillegg til det samla energiforbruket kan ein sjå effektbruk i augeblikket, sameleis måla straum og spenning. Ein får også oppgjeve såkalla reaktiv energi, som må til for å få elektriske maskiner som støvsugarar til å sviva rundt. Den reaktive energien betaler ein ikkje for – ikkje enno.
Figur 2 syner eit blokkskjema for AMS-målaren. Nettet er kopla til gjennom hovudsikringane. Du ser også at det er mogleg med lokal straumforsyning. Med solceller på taket og vindturbin på jordet kan du levera straum tilbake til straumleverandøren din. Det hadde vore gildt å kunne senda rekning andre vegen. Data frå AMS hentar netteigar anten via radio eller SMS-meldingar. Det som er lite kommunisert, er at nettleverandøren også kan kutta straumen din via fjernstyring dersom du ikkje betaler rekninga, eller det skjer ting i samfunnet som gjer at du ikkje vert prioritert som kunde.
Mens eg ventar på dingsen til HAN-porten, får eg vita at eg kan finna alle opplysningar om straumforbruket mitt på nettsida Elhub.no. Alle straumleverandørar må levera forbruksdata for alle kundar ein gong i døgeret. Eg loggar på med bank-ID, og all verdas herlegdommar opnar seg. Her kan eg sjå straumforbruket mitt for år, månad, dag og time. «Min side» har også oversikt over forbruket på månadsbasis. Figur 3 visar dei tre siste åra. Augemålet seier at eg brukar cirka 14.000 kWh årleg, og at det trass alt er kaldast om vinteren.
Kva slags glede har nettselskapet mitt av AMS? Det er vel på tide å ringja BKK og takka for ein leveransekvalitet av ei anna verd. Dei er så dyktige at me tar tenestene deira for gjevne. Kanskje dei burde kopla oss ut ein og annan gong for å auka takksemda vår? Det var òg BKK som gav meg og mange andre fiber då kommunestyret i Bergen svikta i utrullinga av nødvendig infrastruktur.
Eg blir sett over til hyggelege Ronny Paulsen, som er avdelingsleiar for måling og BKKs ekspert på AMS.
– Me har omtrent 250.000 AMS-målarar monterte i BKKs nettområde. Målarane bidrar til enklare og rettare avrekning og betre informasjon til den einskilde kunden om eige forbruk, men vil også vera eit viktig bidrag til ein velfungerande kraftmarknad og bidra til betre styring og utnytting av nettet. AMS måler forbruket og tidspunkt noggrant, og sender forbruket automatisk inn til netteigaren. Det er bra for både kunden, nettselskapet og kraftleverandøren.
– Greitt nok, men kva nytte har de av målarane?
– AMS-målaren gjev også høve til registrering av hendingar som skjer i nettet, som spenningskvalitet, unormale straumbrot, jordfeil med meir. Denne informasjonen vil nettselskapa etter kvart ta i bruk for å kunna effektivisera drift og vedlikehald av nettet. Dette vil også komma kundane til gode ettersom synfaring og feilretting kan starta raskare, og at det i større grad gjev oss moglegheiter for automatiske prosesser knytte til drifta. Som eksempel kan det nemnast at informasjon om spenningskvalitet kan gje godt grunnlag for riktig justering (trinning) av spenningsnivå til forsyningstransformatorar i nettet.
– Har du nokre døme på kva som kan styrast av kundane?
– Elbillading er alt styrt. Med ein liten app på mobilen kan du avgjera når han skal vera ferdig lada, og straumleverandøren din vil syta for å velja dei mest lønsame tidspunkta å kjøpa straum på, slik at ladinga kostar minst mogleg innanfor den ladetida du har valt.
Eg takkar for den klargjerande samtalen og tenkjer i mitt stille sinn om det er meir eg kan gjera for å redusera forbruket av det kvite kolet. Kanskje skal eg verta den siste i landet som får varmepumpe? Eg lyt lesa meg opp.
Per Thorvaldsen
per.eilif.thorvaldsen@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Med spotpris vert det mykje kjekkare å følgja med.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.