Arkitekturpolitikk utan folkeleg medverknad
Arkitekturopprøret på sosiale medium har skapt debatt i avisene. Diskusjonen går høgt om arkitekturen skal vera klassisk eller modernistisk. Men problemet ligg ein annan stad. Det handlar om eit krav i plan- og bygningslova som ingen bryr seg om, kravet om medverknad.
KOMMENTAR
rgspaans@gmail.com
På sosiale medium finst det ei gruppe som kallar seg Arkitekturopprøret. I januar var det berre 3000 medlemer på Facebook-sida. No er det 17.000. På Instagram er rørsla endå større. Åttande april hadde kontoen 24.000 fylgjarar, i dag, berre 14 dagar seinare, har gruppa om lag 50.000 fylgjarar.
Der peikar folk på den stygge arkitekturen i landet og på den store makta eigedomsutviklarar har. Det er eit overveldande tal på private reguleringsplanar i landet. Det er Olav Thon-gruppa (særleg gjennom AMFI kjøpesenter), Stordalen, Coop og andre kjeder som fører an.
Arkitekturopprøret har ført til reportasjar og kommentarar på NRK og i avisene. Mange kommentarar leverer kritikk av altfor mektige utbyggjarar, men dei greier likevel ikkje la vera å synse om stil, for dei synest tilhengjarar av opprøret er så konservative. Skal arkitekturen vera klassisk eller modernistisk? Er arkitekturen i hovudstaden no verkeleg stygg, eller er han berre «keisam»? Aftenposten meiner det siste.
Temaet er òg for viktig til at fokuset berre skal liggje på profittkåte utbyggjarar, som Klassekampen skriv om. I Noreg er det staten og kommunane som har såkalla reguleringsmynde, det er dei som avgjer kva som skal byggjast i landet og korleis det skal sjå ut. Det er nett her det sviktar totalt.
Lite medverknad
Heile kapittel 5 i plan- og bygningslova handlar om medverknad: «Enhver som fremmer planforslag, skal legge til rette for medvirkning. Kommunen skal påse at dette er oppfylt i planprosesser som utføres av andre offentlige organer eller private.» Jamvel om det er private, som Olav Thon eller Coop, som i dag kjem med planforslag, skal altså kommunen «påse» at dette kravet blir oppfylt.
Men det blir dårleg gjennomført. «Våre funn viser at det i liten grad er medvirkning utover lovens minstekrav i byreguleringer. Utbyggere verdsetter medvirkning i liten grad», var konklusjonen til forskarar ved By- og regionforskningsinstituttet (NIBR) alt i 2008.
Og kolliderer viljen til utbyggjarar med overordna planar, kan dei søkje om dispensasjon. Men det er heldigvis ikkje alle glade for. På eit høgare nivå, frå fylkeskommunane, kan det koma motmæle mot planar som bryt med overordna retningsliner, som til dømes at storleiken på kjøpesenteret ikkje skal vera større enn 3000 kvadratmeter bruksareal, som det heiter i «Forskrift om rikspolitisk bestemmelse for kjøpesenter». I Tyskland er alle kjøpesenter mindre enn det talet. I Noreg er nesten ingen kjøpesenter så små lenger.
«Lokalt sjølvstyre»
Partiet Høgre ville snu denne utviklinga i 2016, ved å «styrkje lokaldemokratiet og redusere den statlege detaljstyringa». Det skjedde med eit vedtak om «lokalt sjølvstyre».
Det høyrest fint ut på papiret, men i praksis har det hatt omvendt effekt: ein auke i dispensasjonar, for fylkeskommunane stod for «den statlege detaljstyringa». No kan rådmannen i kommunen avtala byggjepolitikken på kontoret i lag med Coop eller Thon, utan innblanding frå korkje innbyggjarar eller fylkeskommunar.
Men no har Høgre òg fått med seg at det finst eit arkitekturopprør. Den 11. april kom det eit skriftleg spørsmål om arkitekturpolitikk frå Emilie Enger Mehl (Sp) til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H). Astrup svara at dei vil motverke den vonde utviklinga gjennom «nye temasider» knytte til i plan- og bygningslova.
Perla i Jølster
Vel, alle moner dreg, seier Høgre, og pissar i havet. Her har politikarane ei kjempesak, men det ser ikkje Høgre. Åslaug Haga såg det i 2007. Ho lovprisa kommunepolitikken i Lom, for det var «ein tettstad der lokalpolitikarane ikkje har sove under møta i bygningsrådet». Det førte til ein gunstig debatt om arkitektur og stadutvikling i landet, og fleire tettstader valde å kalle seg landsbyar, som Dokka og Ringebu, med ein berekraftig stadutvikling som mål. Der fylgjer politikarane opp det lovpålagde kravet om «medverknad» på alle område i stadutviklinga. Kjem dei store pengegutane, Thon eller Coop, til desse stadene, så stiller kommunane høge krav, og marknadskjedene føyer seg faktisk.
Det fører oss til eit anna stridstema dei siste vekene. Både i Arkitekturopprøret og i aviser har det vore ein debatt om Jølster hotell. Hotellet er i sveitserstil, frå 1888 og ei arkitektonisk perle på Vassenden i Sunnfjord kommune. Men bygningen er kjøpt opp av Coop, og då er det ikkje sikkert hotellet blir ståande så lenge. På spørsmål om dei kjem til å rive det, seier dei at dei ikkje har gjort «vurderingar utover at dei vil etablere ein butikk».
Ein Coop Prix i eit vestlandshotell frå 1800-talet? Eg trur det ikkje før eg ser det! Den førre eigaren av hotellet reagerte i media på all merksemda som kom. Han leverte eit velbrukt argument til NRK: Folk i Oslo synest bygningen er så idyllisk, men her i Jølster er vi opptekne av økonomisk vokster. Men her tek han – som mange andre i liknande situasjon – grundig feil. Det er òg folk i Oslo som avgjer kva som skjer i framtida på tomta. Coop og dei andre kjedene har hovudkontor i Oslo. Og den dagen marknadskonsulentane i Oslo finn ut at Coop på Vassenden ikkje er lønsam lenger, nøler dei ikkje med å leggje ned verksemda.
Men som sagt – også her ligg problemet ein annan stad: Nokon har sove under møta i bygningsrådet. Kapittel 5 i plan- og bygningslova har ikkje vorte fylgt opp. Vonleg kan Arkitekturopprøret endeleg vekkje politikarar på nasjonalt nivå opp av dvalen, for der søv dei òg.
I 2007 lukkast det Sp å skapa ein ny berekraftig politikk i arkitekturen. Vona er at det skjer i haust òg – anten frå Sp eller eit anna parti. Arkitekturopprøret provar at dette engasjerer folk.
Ronny Spaans er fyrsteamanuensis ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.