Auka røynd (AR)
Omaha Beach i Normandie i Frankrike og det same strandområdet sett gjennom ein AR-app som viser den allierte landgangen i 1944.
Foto: Nils Wendelbo Nyre / Illustrasjon: Gunnar Liestøl.
Ny teknologi dreier seg ofte om å lage opplevingar for folk. Det vert stadig vanlegare med augmented reality (AR) på mobilen. Slik teknologi gjev deg eit ekstra lag av informasjon utanpå den røynda du opplever med eigne sansar. Det kan til dømes vere at ei gammal steinbru vert sett inn att i landskapet når du ser ned på elva gjennom kameraet på mobilen din.
På nynorsk kunne slik teknologi kallast «auka røynd» (AR), men denne nemninga er diverre ikkje i allmenn bruk.
Lesebriller hjelper deg å sjå lita skrift skarpare, og teleskop hjelper deg å sjå langt ut i verdsrommet, men dei hjelper deg ikkje til å sjå noko anna enn det som alt er der.
Å «augmentere» er å forsterke røynda, gjere ho meir verdfull, mangfaldig eller intens ved å leggje til tekst, lydar og bilete som ikkje er der i røynda/ ikkje er der no. Til dømes kan slik teknologi vise deg både namn og høgd på fjell i omgjevnadene dine, og i prinsippet kan alle slags historiske og fysiske fakta bringast inn i sansefeltet og forsterke opplevinga di.
Augmented reality kan gjere brukaren til eit slags sansemessig supermenneske, og det er i mange samanhengar ein taktisk fordel. Militæret er alltid tidleg ute, og eit av dei fyrste bruksområda for AR var å støtta pilotane i jagarfly med viktig informasjon på ein gjennomsiktig skjerm.
Når piloten skal sikte på eit mål, kan AR-visinga kompensere for vind og andre forhold, og piloten kan sikte «rett på» målet.
Dei nye F-35-flya har auka røynd bygd inn i hjelmen (som kostar småpene fire millionar kroner), men ikkje alt er 100 prosent perfekt. Jagarpilotar ynskjer ein innebygd skjerm med synsvidd opp mot 180 grader for å ha størst mogeleg kontroll.
Synsvidda på skjermen er generelt noko ein slit med i AR, og 180 grader er ei skikkeleg utfordring.
Det mest avanserte dedikerte AR-utstyret som er tilgjengeleg i massemarknaden, er truleg Google Glass og Hololens. Her er bileta tredimensjonale, og lyden vert høyrd i surround sound. Då kan det opplevast svært realistisk.
Byggjebransjen prøver ut hjelmar med innebygd AR. Det betyr at røyrleggjaren, elektrikaren eller arkitekten kan sjå planteikningar for vassrøyr, elektriske opplegg og strukturelle forhold. Dei kan samanlikne bygget under oppføring med eit ferdig bygg, og dobbeltsjekke alle verdiar svært nøyaktig.
Men mobilen kan òg gje AR-opplevingar. Såkalla filter i Snapchat følgjer ansikt og legg på morosame element i ansiktet eller forvrengjer det. Som så mykje anna moderne teknologi knytt til visuelle inntrykk brukar ein datasyn til å finne ut kva informasjon ein skal leggje til i AR-en.
I industrien eller andre stader der ein treng rask informasjon om ein ting og brukar AR til å støtte arbeidet, er det kanskje ein QR-kode som datasynet kjenner att. Når du får QR-koden inn i kamerasynsvinkelen, startar prosessen med å finne data og i neste omgang syne dette på AR-skjermen.
I Snapchat er det algoritmar som kjenner igjen dei viktige elementa i eit ansikt og brukar dette til å rekne ut kvar i biletet ein skal plassere tullebrillene eller andre morosame ting. Forvrenging får ein til ved å flytte munnviker, augekrokar og liknande. Og så legg ein piksel imellom dei viktige ansiktspunkta.
Fargar og lys for desse pikslane er baserte på det opphavlege biletet, men flytta på tilsvarande vis for å gje inntrykk av eit kontinuerleg ansikt.
I mange AR-system er det slik at ein ser etter ein bestemt type objekt med spesielle kjenneteikn, og datasynalgoritmane er spesielt tilpassa dette. Er det på bilfabrikken, ser programma etter bilformer. Er det på byggjeplassen, ser programma etter bjelkar og lister.
Så stort sett er det slik at AR-programmet må kjenne igjen noko for å kunne fungere: eit merke, slik som QR-koden, eller spesielle former.
Det er nok meir utfordrande å få dette til om ein rører seg fritt rundt i ein by. Informasjonen på ein stad kan gjerne vere tilgjengeleg for deg, men AR-systemet bør helst òg vite kva retning du ser, om du rører på deg, og om den informasjonen som systemet tilbyr for staden, faktisk er relevant for deg der du vender deg.
AR for mobilen vert brukt av museum og liknande institusjonar der gjester går rundt og ser på gjenstandar, hus og landskap. Her viser AR potensialet sitt for læring og folkeopplysning.
Det finst ein AR-app som er meint å vise deg korleis det var på Omaha Beach i Normandie den junidagen i 1944 då landgangen starta. Han er laga av professor Gunnar Liestøl ved Universitetet i Oslo.
Omaha Beach-appen brukar sensorar som kjenner posisjonen din, og registrerer korleis du flyttar deg. Dermed kan han vise deg svært livaktig korleis omgjevnadene såg ut den lagnadstunge morgonen.
AR kan skape ein skarp kontrast mellom notida og fortida. På ein strålande soldag med mykje badeliv kan biletstraumen setje deg i ei dyster og mørk stemning.
Kanskje du vert indignert over menneska som ler og leikar seg på stranda når du samtidig ser kor forferdeleg det var der 6. juni 1944. Det kan skape ei innleving i viktige historiske hendingar og såleis medverke til kunnskap og danning. AR har stort potensial for folkeopplysning og engasjerande opplæring.
Lars Nyre og Bjørnar Tessem
lars.nyre@uib.no
bjornar.tessem@uib.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kanskje du vert indignert på menneska som ler og leikar seg på stranda når du samtidig ser kor forferdeleg det var der 6. juni 1944.
Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.