JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Lyrikk og mystikk

I år er Ruth Lillegraven aktuell med tre bøker i tre ulike sjangrar: lyrikk, dramatikk og krim.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9177
20180921

Bakgrunn

Ruth
Lillegraven (40 år om ein månad)

Gift med Thomas og tvilling- og bonusmor til i alt fire barn

Aktuell med bøkene Alt er mitt (psykologisk thriller), Skogen den grøne (dikt for barn) og teaterstykket Cally ved Det Norske Teatret

Har motteke fleire prisar for lyrikken sin, sist i rekkja er Nynorsk litteraturpris for Sigd

Tilrådingar frå Ruth Lillegraven

FILM:– Ein film eg verkeleg elskar, er De andres liv, som handlar om eit kunstnarpar i det gamle DDR. Det er ein sterk, trist og opplysande film.

BØKER: – Då eg for nokre år sidan las Stoner av John Williams, den ukjende perla frå 50 år tilbake som no hadde fått ein renessanse, trefte boka meg midt i mellomgolvet. Vakker, vond og glasklar, om det går an å seia noko slikt.

MUSIKK: – Sivert Høyem. Songen «Into the Sea» er på ein måte soundtracket til boka Sigd, eg høyrde så mykje på han då eg skreiv boka. Fin haustmusikk er det også.

REISEMÅL: – Berlin, der eg dei siste tre åra har eg nytta meg av Forfatterforeningens leilegheit. Ein sykkeltur unna leilegheita ligg bydelen Schöneberg, med koselege kafear, ein fin symjehall og verdas vakraste vesle kyrkjegard, nesten uråd å sjå frå gata.

maylinnclement@hotmail.com

Me er i Granvin, på garden Ruth vaks opp på. Garden ho ein gong skal overta, odelsjenta.

– Eg skal flytta heim att, altså.

Frå stova til foreldra er utsikta mot Granvinsvatnet. Det er høgt under taket og brei tømmer heile vegen opp. Over sofaen heng eit stort åkle, og på golvet står ei rosemåla kiste, anno 1824. I hyllene over eit eldgamalt skrivebord står endå fleire kister. Dei ser tilårskomne ut, dei òg.

To klokker tikkar om einannan. Ei på kjøkenet og ei i stova. Ei tredje klokke tikkar i Ruth.

– Opphaldet på Austlandet har alltid vore mellombels. No har det vart i 21 år.

Planen er å flytta vestover når stebarna på 15 og 17 år har blitt endå nokre år eldre.

Ruth hamna i Oslo etter vidaregåande på Voss. Medan ho pakka blomar i butikken der ho var ekstrahjelp, kom ho over ein annonse om høgare utdanning i marknadsføring. Så bar det austover for 19-åringen.

Sidan då har ho vore taleskrivar i Samferdselsdepartementet, blitt tvillingmor og gjeve ut elleve bøker. Nummer tolv kom i går. Alt er mitt er krimromanen Ruth har ynskt å skriva sidan ho fyrst debuterte med Store stygge dikt i 2005.

Krimdebut

– Poeten Ruth, kvifor har ho no skrive krim?

– Eg likar å bryna meg på nye sjangrar, ikkje størkna inn i ei eller anna form. Sjølv om eg har skrive mest lyrikk, har eg òg skrive roman og drama.

Krim er dessutan er flittig lesen sjanger hos familien Lillegraven. I stova er det desse bøkene som står framme. Klassikarane er stua vekk på kammerset.

– Folk snakkar om krim som om det er så ulikt andre romanar, som om det ikkje er skikkelig litteratur. Men det er det. Det finst godt og dårleg der, som i andre sjangrar. Eg har jobba minst like mykje med denne boka som med dei andre bøkene mine, mellom anna med å få eit best mogleg språk.

Ruth kallar krimdebuten ein psykologisk thriller, og seier skriveprosessen var lang, men spanande.

– Sjangeren opnar for at forfattaren kan bora seg inn i dei mørkaste psykologiske gangane, grava seg langt inn i karakterane og samtidig spegla samfunnet. Eg vil setja søkjelys på eit samfunnsproblem det eigentleg er altfor stille om, med tanke på kor utbreitt det er, nemleg barnemishandling.

Mellom mord og mysterium er krimmen krydra med humoristiske formuleringar – på både nynorsk og bokmål.

– I boka er det seks ulike forteljarstemmer som eg undervegs hadde behov for å differensiera. Å la nokon fortelja på nynorsk og andre på bokmål, kjendest forløysande.

Ruth understrekar at ho framleis er nynorskbrukar.

– Sjølvsagt! Det er den naturlege målforma mi. Dette er ikkje starten på ei konvertering.

Dei mest sentrale karakterane i Alt er mitt, er vestlendingen Clara og mannen hennar, Oslo-guten Haavard. Dei bur i ein flott villa på beste vestkant i hovudstaden, men Clara har ei sterk dragning mot heimstaden. Så har dei eit sett tvillinggutar. Til forveksling likt livet til forfattaren, kanskje, men som ho seier sjølv: Alt kjem frå ein plass.

– Det mest sjølvbiografiske i heile boka er at Clara ein gong som tenåring kom i skorfestet då ho gjekk tur i fjellet. Det gjorde eg òg, på same alder.

Ruth fortel at ho klatra ned på ei fjellhylle og kom seg ingen veg.

– Slik sauar på beite stundom gjer. Til sist datt eg ned.

Oppveksten

Storegraven gard har to stølar og mykje skog. Ruth dreg på det når eg spør om det var einsamt å veksa opp her.

Naaai, eg vil ikkje seia at det er så aude her, akkurat. Problemet då eg vaks opp, var at ungane frå nabogardane var ti år eldre enn meg. Syster mi og eg var litt ute av sync med resten. Eg gjekk ofte rundt og sulla i skogen eller snakka med katten.

På fruktgarden var foreldra sine eigne herrar. Dei var heile tida på jobb, samtidig som dei heile tida var heime. Slik har det vore i mange generasjonar.

– Eg vaks opp med mykje sjølvstende og har det i meg enno.

Barn og dikt

Ruth ser på klokka. Ho skal til nabokommunen Ulvik for å lesa dikt i radioen.

Ved sida av krimboka er ho aktuell med ei ny diktbok for barn, Skogen den grøne. Førre gong ho skreiv dikt for barn, i boka Eg er eg er eg er frå 2016, vart ho nominert til både Brageprisen og Kritikerprisen.

– Eg opplever at barn ikkje har dei fordommane mot dikt som mange vaksne har. Barn ser ikkje på dikt som noko krevjande. Det er ein fin måte å nå gjennom til dei på.

Ruth var sjølv jentunge då far hennar viste henne ei diktbok av Olav H. Hauge. Ho fall pladask, kjende seg att i dei stutte, men sterke strofene til eplebonden frå Ulvik.

– Måten han med få ord skildra kor krevjande livet som småbrukar kan vera, trefte meg rett i hjarta.

Diktet «Grøne eple» er blant favorittane. Det handlar om ei dårleg avling. Grøne eple er betre enn inkje.

– Vêr og vind kan koma på og herpa alt. Det hende jo på Djønno i Ullensvang no i sommar. Nokre få minutt med haglregn øydela heile avlinga.

Vegen fram

I tre år har Ruth vore forfattar på heiltid. Før det var skrivinga noko ho dreiv med på si. Me skrur klokka tilbake 14 år, til debuten i 2005.

– Eg hadde eit stort utrykksbehov på grunn av ting som skjedde nett då, og byrja plutseleg skriva dikt. Ein gong spurde eg Nils-Øivind Haagensen, som eg nyleg hadde blitt kjend med, om han ville sjå på dei. Eg hugsar han var nervøs for å lesa dikta, i fall han ikkje ville synest om dei.

Haagensen, som på denne tida alt hadde skrive fleire diktbøker, likte det veninna skreiv. Han sette henne i kontakt med Tiden forlag.

– Eg fekk ein drøymeinngang i bransjen. Eg slapp å senda inn manus som vart liggjande i bunkar.

Fyrst meir enn fem år seinare kom andreboka, romanen Mellom oss.

– Det var vanskeleg. Eg ante verken kva boka skulle handla om, eller korleis eg skreiv ein roman, seier ho.

– Eg ler litt av folk som trur forfattarar går rundt med inspirasjon, som ei slags heilag ånd. For meg handlar det mykje om å rydda tid, setja seg ned, prøva, som med alt anna.

Med Urd (2013) var ho komen i god flyt med skrivinga, og stillingsprosenten i Samferdselsdepartementet kokte seg ned.

– I 2015 søkte eg kunstnarstipend og sa til meg sjølv at får eg dette, seier eg opp jobben i departementet. Stipendet fekk eg, og dagen etter sa eg opp.

Kontoret ho skriv frå, er i naturskjønne omgjevnader på Bærums Verk, like ved den lokale fossen. Her flytta ho inn på nyåret i fjor.

– Mange vert overraska over at eg, som forfattar, har kontor og vanlege arbeidstider. Sit du verkeleg der og skriv frå ni til fire? Ja, det gjer eg, når eg ikkje er bortreist. Men eg jobbar til mange andre rare tider òg.

Som om det ikkje er nok med Alt er mitt og Skogen den grøne, kjem det òg ut ei tredje Ruth Lillegraven-bok i haust. Dramaet Cally, som går på Det Norske Teatret, er sett mellom to permar. Tre bøker same hausten – kva er oppskrifta?

– Mykje rundt meg ber preg av at eg sit med nasen i laptopen. Eg jobbar mykje, men trenar og ryddar særs lite, til dømes. Eg er neppe Mother of the Year heller.

Framtida

Men framtida er ikkje på eit kontor i Bærum. Framtida skal møta fortida, her heime i Granvin.

– Eg kjenner røtene mine i jorda her. Dei har aldri slått seg ned nokon annan stad.

At ho flytta austover som 19-åring, er Ruth likevel glad for. For slik Henrik Ibsen skreiv Peer Gynt frå Italia, og Amalie Skram skreiv Hellemyrsfolket i København, måtte nok også Ruth vekk for å skriva om Hardanger.

Ein liten vestlandsgard er sentral i diktsamlinga Urd, som ho fekk Brageprisen for.

Sigd (2016), som i diktform fylgjer Endre frå vogge til grav, er den fyrste av bøkene til Ruth som vert omsett.

– Det er jo litt stilig. Ei diktbok om ein odelsgut i Granvin som lengta ut i verda utan å koma seg dit, kjem no ut på engelsk, spansk, nederlandsk og fransk.

Når det er sagt, er ikkje Ruth vidare overraska over at folk fell for heimbygda si.

– Forholdet mitt til Granvin har kanskje blitt meir inderleg desse 21 åra eg har budd vekke. Hadde eg alltid budd her, er det ikkje sikkert eg ville klart å skriva om Vestlandet i det heile.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis