JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Måne- mannen

Preben Hodneland (32) går inn i roller som om han spelar seg sjølv. Prosessteknikaren frå Mongstad har krasjlanda i teateret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vegen har vore lang frå å være industriarbeidar på Mongstad til å bli skodespelar på Det Norske Teatret, men den ferda har Preben Hodneland tatt for å bli verande. Berre i år har han både vunne Heddapris og debutert i spelefilm.

Foto: André Løyning

10984
20180928

Bakgrunn

Preben Hodneland

32 år gamal skodespelar frå Lindås utanfor Bergen

Utdanna prosessteknikar, tidlegare tilsett på Mongstad

Kom inn på Teaterhøgskulen på tredje forsøk

Debuterte på Den Nationale Scene i 2014

Jobbar i dag på Det Norske Teatret

Vann Heddaprisen i vår for rolla i The Book of Mormon

Er for tida å sjå i Macbeth på Det Norske Teatret og i Når jeg faller på kino

andre@dagogtid.no

Året 1884 var eit skotår som starta på ein tysdag. Det var året då Noreg skulle innføre parlamentarismen, og partia Høgre og Venstre blei stifta. På Lindås utanfor Bergen vart eit ungdomslag som 134 år seinare skulle stå for ein av dei største snakkisane i norsk film og teater, etablert.

Me er altså i det herrens år 2018, og mykje kan seiast om det, men at ein prosessteknikar frå Lindås skulle bli ein person mange snakkar om både i teatret og i filmen, var det vel, i likskap med mykje anna, ingen som skulle tru.

Han blei handplukka frå Teaterhøgskulen og gjekk rett inn i fast stilling på Den Nationale Scene i Bergen, var der i nokre år og har førebels endå på Det Norske Teatret.

I år fekk han også Heddaprisen som beste mannlege medspelar for tolkinga av Eldste McKinley i The Book of Mormon. Samtidig fekk han hovudrolla i sin fyrste spelefilm, Når jeg faller, som avslutta årets utgåve av Den norske filmfestivalen i Haugesund.

Preben Hodneland ofra alt for dette.

Han ruvar nærare to meter over bakken. Han stiller i full dongeri og ser ut som både ein hipster og ein arbeidar. Antakeleg er han begge deler. Han har forskyvd avtalen to gonger før han omsider dukkar opp. Eigentleg har han ikkje ledige hol i kalenderen før i 2020, noko han fyrst ler av. Han blir fort alvorleg att.

Somme seier at han kan verke arrogant. I Når jeg faller spelar han Joakim, ein ung mann som slit seg gjennom livet med ein del bagasje. Han verkar misnøgd, fråverande, utilpass, sur og lei. Han brukar rus til å flykte frå kvardagen, og det verkar som noko som fell han naturleg. Når eg ser han i rolla, gløymer eg at det er film. Eg tenker at han er sånn. Så godt kan han heller ikkje spele.

– Eg blei henta til teatret då eg var 17–18 år, fordi dei mangla gutar. På bygda er det nok sånn at det ikkje er nok menn som vil drive med slikt. Det var veldig mange kule karar i det ungdomslaget.

Samtidig tok unge Hodneland fatt på yrkesskulen og kjemiske prosessfag. Trygt og godt. Han gjekk læretida si på Statoils anlegg på Mongstad og blei ferdig utdanna prosessteknikar. Det førte til fast jobb, leilegheit, bil og alt det ein ung mann skulle drøyme om. Han jobba der i fem år. Men draumen var ein annan.

Han dreg i spakane under den historiske månelandinga på Mongstad, bokstaveleg talt, men astronauten Hodneland er i ferd med å gjere ei mykje større landing for sin eigen del. Han har ved sida av jobben søkt opptak på Kunsthøgskulen i Oslo, på teaterlinja og skal prøvespele. Det skal gå like gale med begge to. Hodneland blir ikkje teken inn. Han prøver på nytt og blir avvist igjen.

I mellomtida går livet på Mongstad sin gang. Olje inn og olje ut.

Ein dag i 2011 vaknar han med ei god kjensle. Han har vore så innstilt på endå eit avslag at han har kjøpt sydentur med ein fetter og ei kusine. Når nederlaget er eit faktum, er det berre å hoppe på flyet og reise bort frå elendet. Men når dagen endeleg kjem, kjennest alt annleis. Den dagen et dei frukost i lag, gjengen som har prøvespelt. Preben har framleis ei god kjensle.

– Då eg såg namnet mitt på lista, var det heilt sjukt. Det skulle forandre livet mitt. Men samtidig fekk eg også eit snev av panikk. Eg hadde leilegheit på Lindås, fast jobb på Mongstad, eg var så etablert.

Livet der heime er ein annan stad, så langt borte. For ein tidlegare praktikar og teoretikar fortonar det seg som bagatellar, noko uvesentleg.

– Då var det berre å få vekk leilegheita, få vekk bilen. Eg selde ferdig møblert, utan visning. Så pakka eg ein sommarkoffert og ein vinterkoffert, og drog til Oslo.

Han flyg mellom teatera i Bergen, Trondheim og Oslo i eit tempo som er så høgt at han slit med å fortelje det att. Og sjølv om han snakkar med ei roleg stemme om alt han har gjort, er det så mykje at han må telje på fingrane for å skilje mellom åra. Han har spelt hovudroller, vore med på store oppsetjingar, lese og memorert forferdeleg mykje tekst, tolka store og historiske roller, gjort dei til sine eigne.

– Eg synest det er vanskeleg å snakke om faget, og om kvifor ein gjer ting sånn eller slik. Eg har fått ein del spørsmål om korleis ein grip an ei rolle, men eg veit eigentleg ikkje. Somme meiner det finst eit konkret fasitsvar, og det provoserer meg. Teaterkritikarane er kanskje dei mest konvensjonelle av alle.

– Når ein jobbar med for eksempel Shakespeare, er det jo ein poesi i det, og det verste ein kan gjere med det, er å gjere det daglegdags. Teater er ikkje verkeleg, men eit spel og ei iscenesetjing av røynda. Med mindre dei er improviserte, er dramatiske verk ofte nøye gjennomtenkte og kvart ord er valt med omhug. Då synest eg ofte nynorsk kan løfte verket frem og gjere poesien og teksten til dramatikaren tydelegare og reinare.

Då han i fire år traska vegen frå kollektivet nær Aleksander Kiellands plass, langs Akerselva og ned til Kunsthøgskulen i Oslo øvst på Grünerløkka, fortel at han at han kjende seg levande.

– Eg følte meg annleis og merka at eg var annleis då eg gjekk på Teaterhøgskulen. Eg kunne ha ei rasjonell tilnærming til det som stod fram som eit veldig emosjonelt miljø. Eg verka nok streng. Eg måtte flytte på nokre brikker i hovudet for få tilgang til emosjonelle tankar hos meg sjølv, som eg hadde forska på lenge. Det er som om eg har gått frå rasjonell til emosjonell dei siste åra.

Det var hobbyen, lidenskapen og det brennande hjartet som fekk han dit. Kicket på scenen, energien i salen, lange dagar med lesing, seine kveldar med djupdykk i rollefigurar, diskusjonar med kollegaer, møte med publikum. Teateret måtte bli jobben. Det måtte bli livet. Det var sånn det skulle bli.

– Dette med revy og teater var noko som gjekk frå å vere gøy til å bli viktig. Det var for viktig til å kaste bort. Og eg blei berre meir og meir interessert i det, og ønsket om å få det til blei viktigare og viktigare. Det å få kommunisere noko frå ein scene til ein sal er ein ekstrem arena. Å få merksemd og kunne flytte på nokon som høyrde på, kjendest så riktig. Og det kjendest som noko var røva frå meg. Eg blei litt lei meg for at dette var noko eg ikkje hadde fått oppleve før.

Dei som har jobba med Preben Hodneland, seier at han er eit talent av dei sjeldne. Han går ekstremt teknisk til verks og kjem ut på andre sida som eit heilstøypt fyrverkeri. Dei kallar han profesjonell. Regissør Vidar Magnussen misunner han dette. Dei seier at han jobbar som ein gal. Til rolla som Joakim i Når jeg faller, jobba han i over eit år med å skape og forme rolla han skulle spille. Så mykje av seg sjølv la han i rolla at han håpte å sleppe å sjå filmen. Men som målbevisst og hardtarbeidande skodespelar kunne han heller ikkje droppe sin eigen premiere då filmen fekk æra av å avslutte Den norske filmfestivalen i Haugesund.

– Då eg sat der, tenkte eg: «Sånn hadde det vore om det var eg som ramla utpå, eg hadde vore så rotete.» Det var ubehageleg å sjå.

– Eg synest det er mykje skumlare med folk som er nærare meg i framferd, og sjå korleis dei kan resonnere seg fram til helt sinnssjuke tolkingar av ting. Sånn som Joakim i Når jeg faller, det er meg i dei omstenda. Eg hadde ikkje takla dei situasjonane noko betre enn Joakim. Difor klarar eg ikkje å tenke på han som ein kjip rollefigur, men at det er eg som står i dei situasjonane.

Dei som kjenner han, trur det er fleire grunner til at han har lykkast. Det som fleire seier, er at det er ein fordel at han har levd eit vanleg liv før han kom til teatret. Hatt fast jobb, fast inntekt, fast adresse. Han er ein staut kar, fornuftig type frå ein liten stad, som har tatt trygge val. Han ofra alt dette, veit godt kva han går glipp av, samtidig som han også veit kva han må tilbake til dersom han ikkje presterer. Han gjer ting på sin eigen måte.

– Når ein ikkje heilt kjenner til konvensjonane på same måte som andre kanskje gjer når dei begynner med det, kan eg bli provosert over kor strengt det er i teatret. Eg tenker at det er teksten og historiene som er viktigast, å få dei inn i eit vanleg menneske. No har det vore litt diskusjon om Macbeth, men for meg handlar det om spørsmålet «Kva er ein tyrann?». Ser han ut på ein spesiell måte, snakkar han på ein spesiell måte, eller er det dei tankane og det han seier, som er det tyranniske?

Dei seier han er utruleg sjølvkritisk. Det finst perfekt, og det finst skuffelse, ingenting imellom. Dei trur at han i tida framover vil kunne velje og vrake i roller, både i teatret, i film og på fjernsynet. Alle som har jobba med han, seier dei er glade dei fikk sjansen til det.

Dei som kjende han før han gjekk til teatret, seier at han ikkje har forandra seg. Han er framleis ærleg og dedikert, varm og omtenksam.

Antakeleg vil han oppnå større ting enn han har drøymt om. Preben Hodneland har kalenderen full. Antakeleg er hovudet også fullt, av tekst og roller, skjebnar og rollefigurar, fortid og notid, personar som kunne vore han sjølv, menneske som kunne ha handla og reagert som han.

– Eg begynte å lese Shakespeare på Teaterhøgskulen. Eg likte det som eit verk som skal lesast, men hadde ikkje sett noko bra Shakespeare på scenen. Men då eg såg Hamlet i Thomas Ostermeiers regi i Berlin, var det fantastisk. Sidan fekk eg jobbe med Stefan Larsson på Den Nationale Scene i Bergen. Det blei ein game changer på korleis ein grip ein sånn tekst an, og korleis ein jobbar som skodespelar.

– Kva tid har du hol i kalenderen din, då?

– I 2020, seier han og ler.

– Eg veit om alt eg skal gjere fram til då. Eg skulle ønske eg klarte å vere meir kvantitativ. Det eg øver meg på no, er ei meir pragmatisk side av faget. Eg må øve meg på å økonomisere korleis eg skal bruke meg sjølv, kroppen og hovudet. Eg kan ikkje halde på sånn som no, så mykje.

– Den energien ein får på scenen, sjølv om det kostar mykje å stå der, får ein att ein god del for. Og han får deg til å gløyme kor mykje arbeid ein legg ned i det. Plutseleg så smell det. Eg hadde ein sånn smell ein gong, men skjønte det ikkje før det var for seint. Eg har lova meg sjølv at det aldri skal skje igjen.

– Korleis ville livet ditt vore om du ikkje hadde hamna i teatret?

– Det er ikkje tilfeldig at eg er her. Det er nokon det er sånn for. Eg har vanskeleg for å sjå føre meg noko anna.

Så drikk han opp kaffien, tek på seg jakka og sekken og tråkkar over vegen – inn på Det Norske Teatret.

Han ser ut til å trivast i rolla som Preben Hodneland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg selde ferdig
møblert, utan visning.
Så pakka eg ein sommarkoffert og ein vinter-
koffert, og drog til Oslo.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis