Ei åtvaring mot politiske draumar
– Eg freistar å vaksinera lesaren mot fascistiske draumar som kan vera enkle og lokkande,
seier Johannes Anyuru.
Som lærar på skrivekurs i svenske drabantbyar har Johannes Anyuru opplevd at nesten alle studentane kjenner nokon som har vorte skotne eller drepne.
Foto: Ottar Fyllingsnes
Bakgrunn
Johannes Anyuru
Svensk forfattar
Oppvaksen i Växjö, busett i Göteborg
Diktdebut med Det är bara gudarna som er är nya 2003
Gjennombrot med romanen En storm kom från paradiset 2012
Nominert til Nordisk råds litteraturpris
Augustprisen for De kommer til å drukne i sine mødres tårer 2017, som kom på norsk i 2018
I Sverige aktuell med essaysamlinga Strömavbrottets barn: Texter om konst, våld och fred 2010–2018 2018

ottar@dagogtid.no
Den svenske forfattaren har skrive romanen De kommer til å drukne i sine mødres tårer, som kom ut i Sverige i fjor, og som han fekk han den høgthengande Augustprisen for.
I romanen skildrar Johannes Anyuru marerittet sitt: eit fascistisk Göteborg som er inndelt i Sverige-fiendar og Sverige-vener. Hovudpersonen i romanen er ei ung kvinne. Ein vinterkveld tek ho seg inn i ein svensk bokhandel saman med Amin og Hamad, som alle har svore truskap til IS. Dei fyrer av eit pistolskot og avbryt ein kontroversiell kunstnar, som kan minna om Lars Vilks, og publikum får panikk.
Den unge kvinna filmar det som skjer, men etter ei stund slår ho fast at alt dei gjer, er feil. Ho overlever, og to år seinare oppsøkjer ein forfattar henne på ein rettspsykiatrisk klinikk. Kvinna meiner at ho kjem frå framtida, og vil at forfattaren skal skriva historia hennar.
Nyleg kom boka på norsk, og utgjeving i fleire land står for døra. Snart skal romanen filmatiserast, og planen er at filmen skal ha premiere neste haust.
Anyuru voks opp Växjö, men bur i Göteborg, og det har han gjort i fleire år. Det var slett ikkje opplagt at han skulle verta forfattar. Som ung skreiv han dikt, men han skamma seg over å gjera det.
– Eg likte å lesa og skriva, men skjøna ikkje kva litteratur var. Det forstod eg først då eg las eit dikt av Allen Ginsberg. Eg vart sterkt gripen og las alt eg kom over av amerikanaren. Tanken var at eg skulle verta sivilingeniør. Difor las eg til sivilingeniør i to år, eller rettare sagt i eit halvt år. Resten av tida sysla eg med poesi, medan eg lét resten av verda tru at eg studerte for å verta sivilingeniør. Sidan hoppa eg av utdanninga. Eg kunne ikkje tenkja meg noko trasigare enn å arbeida som sivilingeniør. I staden flytta eg til Göteborg og arbeidde i helsevesenet i to–tre år.
Men Johannes Anyuru skreiv dikt, og i 2003 gav han ut den første diktsamlinga.
– Og du fekk strålande kritikkar?
– Ja, og stipend på 30.000 kroner, og det var mykje pengar for meg den gongen. Det gjorde at eg kunne ta ferie, og sidan heldt «ferien» fram.
Anyuru skreiv vidare, og i 2012 gav han ut romanen En storm kom från paradiset, og den boka gjorde han kjend som forfattar. Der fortel han historia om faren frå Uganda som reiste til Hellas for å skaffa seg utdanning som jagarflypilot.
– Far fortalde historia si då eg voks opp, og eg tenkte at ho burde filmatiserast. Eg byrja å skriva forteljinga ut som dikt, men kunne ikkje fanga ho på det viset. Det var først då eg hadde skrive ein ussel kjærleiksroman, at eg oppdaga korleis det kunne gjerast, og eg sette i gang, men så døydde far då eg arbeidde med å gjera ferdig boka.
– Det er ein slags biografi?
– Ja, det er eigentleg ein kunstarleg biografi, men likevel ein roman. Same året som far skulle ta eksamen på jagarpilotskulen i Hellas, tok Idi Amin makta i Uganda. Far bestemde seg for ikkje for å venda tilbake og vart flyktning. Lenge flakka han kringom i verda. Han hadde fleire svært utrivelege opplevingar og hamna blant anna i ein fangeleir. Men så møtte han mor mi, ei svensk kvinne, i Kenya, og dei flytta til Tanzania. Mor ville bu der, men far min ville til Sverige, og i 1976 flytta dei hit.
Med romanen om den dramatiske lagnaden til faren byrja Anyurus klassereise.
– For første gong fekk eg pengar for å skriva, og eg kunne byrja å tenkja på å stifta familie. Det hadde ikkje vore mogleg tidlegare. Då eg byrja å skriva poesi, var den store draumen å få gje ut diktsamlingar. Eg kunne gjerne arbeida i helsevesenet ved sida av, men tenkte aldri at eg skulle skriva romanar. No er det ei stor velsigning å vita at eg kan leva av å skriva, å få jobba med det som eg elskar.
Det var ikkje terror og fascisme som var i Anyurus tankar då han byrja å skriva på den førre romanen.
– Det byrja med at eg tenkte eg skulle skriva ein roman som likna på teikneseriane eg las då eg var ung. I ein av desse seriane fanst det ei ung jente som hadde kome til vår tid frå framtida, og ho gjekk rundt i New York og kika på byen. Eg byrja å skriva om ei ung kvinne som går rundt i Göteborg og minnest framtida. Den gongen var det ikkje særleg snakk om ekstremisme, islam, fascisme eller det typisk svenske, men så skjedde terroråtaket på Charlie Hebdo. Ettersom eg er truande og praktiserande muslim, kjende eg at eg måtte skriva noko om det, og eg byrja å tenkja på kva som ville skje om eg plasserte ei slik hending i romanen. Eigentleg er det eit møte mellom science fiction – eller teikneseriar frå barndommen min – og skrekken, valden og sorga i nyhendesendingane i samtida.
– Romanen er omtalt som poetisk science fiction?
– Ja, eg les mykje science fiction, og for meg er det eit gledesteikn at eg har greidd å få mange svenskar til å lesa bøker i den sjangeren. Kall meg gjerne science fiction-forfattar. Ønsket mitt er å skriva ei science fiction-bok som sjangerhatarane kan lesa.
– Men det er eit mareritt og ei skrekkhistorie du fortel. Er det ei åtvaring mot noko som det svenske samfunnet kan utvikla seg til?
– Ja, det er det absolutt. Det er ei åtvaring mot det som visse politiske draumar og idear kan føra til. Eg freistar å vaksinera lesaren mot fascistiske draumar som kan vera enkle og lokkande.
– Ser du teikn på den slags fascisme som du skildrar i boka i dagens Sverige?
– Ja, det må eg dessverre vedgå. Eg trur at heile Europa er ved eit vegskilje, der me anten kan velja å leva opp til det beste me drøymer om, eller å søkka ned i eit mareritt ein gong til. I Sverige ser eg samstundes både håp og fortviling, og det er mange grunnar til å kjenna redsle. Det er valår i Sverige, og det har byrja koma forslag om korleis me skal forby muslimar frå å praktisera islam, forslag som verkar rimelege, men som kan verta veldig uheldige. Det er teikn på at noko skremmande kjem til å henda. Samstundes er det første gongen at vi muslimar tek plass i ålmenta for å tala om røyndommen vår, og det er det viktig å kunna for alle grupper i samfunnet. Me må kunna og våga delta i litteraturen, journalistikken, i fjernsynsprogram, på teaterscener og så bortetter. Det er slik me diskuterer oss sjølve og samfunnet, og muslimar bør gjera det like mykje, om ikkje meir, enn majoriteten.
– Finst det ei stigmatisering av muslimar i Sverige?
– Både og. Eg er alltid varsam med å klaga på situasjonen for muslimar i verda. Å vera religiøs er å vera takksam, ha tolmod og tenkja godt om andre menneske. Å klaga fører gjerne til meir skade enn nytte, men sjølvsagt skjer det ei stigmatisering av muslimar i Sverige. Å veksa opp som ung muslim i Sverige er hardt, men me har alltid ein skapar som me kan venda oss til, og det er det ikkje alle som har. Er me stigmatiserte, er me stigmatiserte fordi me eig ein stor rikdom.
– Er stigmatiseringa av muslimar aukande i Sverige?
– Eg trur det minskar, og det merkar eg ved at me kan ha ein slik samtale. Når det vert sagt at stigmatiseringa aukar, er det av di alle snakkar om sløret no, og det har vore snakk om muslimske friskular. Folk opplever det som om stigmatiseringa aukar, men eg trur det er ein del av prosessen med å verta ein del av samfunnet, og det er håp i det. Når ein bryr seg om å diskutera desse spørsmåla, er det teikn på at muslimar er meir integrerte enn dei var for ti år sidan.
For ti år sidan valde Anyuru å konvertera til islam.
– Eg var problematisk ateist i nokre år. Den beste venen min døydde av kreft då eg var 23 år. Sommaren etter døydde fleire andre vener, og det gjorde meg til ateist. Før den tid hadde eg trudd på poesien, og at han skulle visa vegen til meininga med livet, men eg heldt ikkje ut å vera ateist. Det var så kaldt og fattig i det hyperkapitalistiske samfunnet. Som ung hadde eg elska poesien, og eg hadde tru på at det fanst noko meir, at det er noko som står på spel. Den røysta hadde eg i meg heile tida. Eg søkte ikkje ulike religionar, men far min hadde vorte muslim, og eg byrja å lesa Koranen.
– Er det like mykje poesi i Koranen som i Bibelen?
– Ja, det vil eg hevda. Den arabiske utgåva av Koranen er skriven på vers og inneheld vakre bilete. Eg høyrer til dei som trur at når Gud skal skriva om seg sjølv og snakka til menneska, kan han berre snakka gjennom poesien – i metaforar.
Anyuru omtalar mennesket som eit gåtefullt vesen, og han meiner det er noko som lett vert borte i det moderne, rasjonelle samfunnet og den moderne forståinga av mennesket. Han meiner det ofte er draumar som får folk til å handla som dei gjer.
– Du meiner at ein skal følgja draumen og la han vera retningsgjevande?
– Ja, det trur eg absolutt på. Kanskje var det difor eg vart poet. Alle klassekompisane trudde eg var galen. Det same gjorde foreldra mine. Alle.
Den største bokmessa i Norden går føre seg i Göteborg kvar haust. I fjor fekk den høgreekstreme avisa Nya Tider utstillingsplass, og det førte til at 200 forfattarar boikotta messa.
– Det gjorde du også?
– Ja, eg streika. Eg tykte at bokmessa handterte nærværet til nazistane på ein så dårleg måte at eg ikkje ville vera der.
– Ser du på Nya Tider som nazistar?
– Dei nektar for holocaust, og sjefredaktøren har laga sin eigen «förintelse». Avisa har oppmoda folk om å forfølgja både forfattarar og journalistar, og dei er knytte til Den nordiske motstandsrørsla, som er nasjonalsosialistar. Det finst eit punkt der samtalen ikkje er meiningsfull lenger, og på bokmessa til hausten får ikkje Nya Tider vera med.
– Opplevde du det som eit trugsmål då Den nordiske motstandsrørsla demonstrerte i gatene i Göteborg under bokmessa?
– Ikkje om dagen, men om kvelden før og etter, og det er av di eg ser ut som eit menneske som dei vil utrydda. Då eg var ung, opplevde eg at nazistane plaga meg fysisk. Kjem det fem frå motstandrørsla mot meg på gata under bokmessa og ingen andre er der, fryktar eg å verta mishandla.
– Du var redd for å gå i gatene?
– Ja, eg køyrde drosje, og eg hadde med meg tannvern som eg brukar når eg driv med thaiboksing. Eg frykta at dei kom til å hoppa på meg. Det finst dei som har plassert ut bomber, og det finst døme på at folk har vorte mishandla.
– Det er ei opptrapping av vald og skyteepisodar i fleire svenske byar. Kor dramatisk er det?
– Eg har støytt på problematikken når eg har hatt kurs i kreativ skriving i svenske drabantbyar. Då har eg opplevd at nesten alle ungdommane kjenner nokon som har vorte skotne eller drepne. Kjende dei ikkje nokon då eg byrja å arbeida der, så opplevde dei det medan eg var der. Det er frykteleg for dei som bur der, seier Anyuru, før han dempar inntrykket av ei uheldig utvikling i grannelandet:
– Ser ein på heilskapen, er det mindre dødeleg vald i Sverige no enn for ti år sidan, men valden er konsentrert til visse plassar. Det finst folk som kjenner seg heilt utestengde frå samfunnet, som opplever at dei ikkje har ei framtid og som tyr til vald. Men det er nesten ingen som tek opp dette spørsmålet, eller som lyttar til dei som bur i desse drabantbyane. I staden snakkar dei om å senda inn meir politi og militære styrkar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Alle klassekompisane trudde eg var galen. Det same gjorde foreldra mine. Alle!
Johannes Anyuru
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.