JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Dansk val i eit nytt landskap

Splittinga på borgarleg side styrkjer sjansane for at Mette Frederiksen kan bli attvald.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Mette Frederiksen då ho informerte om at det blir nyval 1. november.

Foto: Liselotte Sabroe / NTB

8076
20221014
8076
20221014

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

Det er eit interessant tidsspenn i valkampen til statsminister Mette Frederiksen. Ho og det sosialdemokratiske partiet kan bli henta inn av synder frå fortida, men kan òg bli redda av frykta for ei dyster framtid. Derfor satsa ho på eitt ord då ho opna valkampen sist veke: tryggleik. «Valget er skudt i gang – som en folkeafstemning om Mette Frederiksen», skreiv avisa Information. Det vil vere der heile tida, det personlege elementet, som ein skugge: Er det ho som skal styre Danmark gjennom dei store krisene: inflasjon, straumprisar, klima og krig?

Det skal eg komme tilbake til. Først eit anna bod på tidsånda som valet utspelar seg i, eit kritisk blikk på den borgarlege leiren – blå blokk, som det heiter på dansk. Som ein introduksjon til valkampen kom det nyleg ut ei debattbok av historikaren og kommentatoren Christian Egander Skov: Borgerlig krise. Det ideologiske opbrud i blå blok.

Boka har fått mykje merksemd og god omtale i Danmark. Med eit skarpt konservativt blikk skriv Skov om eit borgarleg politisk «trekantdrama» mellom det liberale, det konservative og det folkelege. Tilhøvet mellom desse tre perspektiva blir bretta ut både historisk og som aktuell scene: «det klassiske liberale forsvaret for individets fridom blir framleis prioritert framfor å tilpasse det liberale idégrunnlag til ei tid då fellesskapet og det kollektive er under press», hevdar Christian Egander Skov.

Gaukungen

Den liberale dyrkinga av enkeltmenneskets fridom til sjølvrealisering har tært på forståinga av kva fellesskapet har å seie for det gode liv, og ikkje minst på oppfatninga av det å vere borgar. Tidsånda har skifta: «Vi har gått frå ei liberal tidsånd til ei postliberal», skriv Skov. Han meiner sentrum–høgre har stivna i liberalisme og mista det historiske sambandet med dei folkelege røtene. Eit resultat er ei «utsondring av høgrepopulisme» som mellom anna nærer seg av avstanden mellom elite og folk. Høgrepopulismen er ein «borgarleg gaukunge».

Velferdsstaten har blitt ein konkurransestat; også i velferdsbutikken er det fritt val frå hyllene. Borgaren har blitt ein forbrukar. Det har skjedd gjennom reformer og effektivisering, ei utvikling Skov meiner har vore både elitær og «teknokratisk», altså noko som har gått over hovudet på folk. Populisme blir dermed også uttrykk for ei kjensle av avmakt og fråkopling. Medisinen han foreslår, er å styrke sivilsamfunnet, det nære og det lokale. Der kan den folkelege samanhengskrafta vekse fram nedanfrå.

Partiavskaling

Sjølv om blå blokk skulle finne saman og faktisk overta regjeringsmakta, meiner Skov at det ikkje endrar grunnlaget for kritikken hans, fordi splittinga mellom og i dei borgarlege partia ligg på eit djupare plan. Og sant nok, det har blitt eit mylder av borgarlege parti i Danmark. Etter valet i 2019 har Venstre, det store og førande borgarlege partiet dei siste tiåra, hatt avskaling til to nye parti, nemleg tidlegare statsminister Lars Løkke Rasmussens Moderaterne og tidlegare nestleiar Inger Støjbergs Danmarksdemokraterne. Det danske Venstre kan i norsk samanheng best plasserast ein stad mellom Høgre og Framstegspartiet.

Lars Løkke Rasmussens brot med det gamle partiet sitt kom i hovudsak av at han ønskte eit samarbeid «hen over midten» i dansk politikk, det vil seie eit samarbeid med mellom andre sosialdemokratane. Målingane indikerer at partiet kan komme i vippeposisjon, men om dette vil føre til eit samarbeid med sosialdemokratane i dag, vil han ikkje seie noko om.

Om eit samarbeid «hen over midten» er mogleg, blir diskutert i alle valkampar, men eit blikk på dansk historie syner at det stort sett viser seg å vere taktikk og retorikk framfor konkret politikk. Hos Lars Løkke Rasmussen dreier det seg i stor grad om å fjerne innverknaden til ytterpartia. Også Radikale Venstre, søsterpartiet til norske Venstre, og statsminister Mette Frederiksen seier at dei ønskjer samarbeid over midten i dansk politikk. Men veljarane veit ikkje mykje om kva dette inneber.

Jokeren i valet

Støjbergs sorti frå Venstre var dramatisk. Som utlendings- og integreringsminister i dei borgarlege regjeringane frå 2015 til 2019 påla ho asylmottak å skilje ektepar der den eine parten var under 18 år. Det var det ikkje lovheimel for. Det enda med riksrett, noko fleire i Venstre røysta for. Dermed melde ho seg ut av partiet, og etter ein dom på to månader i fotlenke, stod ho fram med eit nytt parti, Danmarksdemokraterne. Straks fekk partiet kring 10 prosent på meiningsmålingane, og det før kandidatliste var utarbeidd, og før det låg føre noko program. Namnet hennar var nok.

Fleire av Dansk Folkeparti sine medlemmer i Folketinget har slutta seg til Støjberg. Ho er jokeren i valet, fordi ho kan føre veljarar «hen over midten» til blå blokk. Støjbergs viktigaste forteljing handlar om utkantar og makteliten og smaksdommarane i København, ikkje ulikt den verdipolitikken tidlegare statsminister Anders Fogh Rasmussen kom til makta på i 2001, same året som Støjberg kom inn på Folketinget. Med måten ho har uttalt seg på så langt, synest ho å leie partiet sitt tettare på dei to store borgarlege partia enn Dansk Folkeparti til tider har vore. I motsetnad til DF vil ho i regjering.

Støjberg vil derimot ikkje seie kven av dei to borgarlege statsministerkandidatane ho vil støtte. Dei er Jakob Ellemann-Jensen frå Venstre, som stod igjen som leiar då tumultane i partiet hadde lagt seg, og leiaren for Det Konservative Folkeparti, Søren Pape Poulsen. Han lanserte statsministerkandidaturet sitt i sommar, og eit av dei første utspela hans var å gå til åtak på toppskatten. Det var ei gåve til statsminister Mette Frederiksen, men då Støjberg sa at ho heller ikkje ville ta bort toppskatten, begynte Pape, som han blir kalla, å nyansere utspelet.

Maktfullkommen

Radikale Venstre har vore eit viktig støtteparti for Mette Frederiksen, men med vektlegginga av liberale rettar har partiet blitt ein litt einsam blome i partifloraen, ikkje minst i innvandringspolitikken. Sosialdemokratane går no inn for at asylmottakarar skal sendast til Rwanda og få sakene sine handsama der, noko blå blokk ikkje set seg imot. Det er Radikale Venstre imot, og partiet har sendt ut eit ultimatum mot den typen politikk, noko som også kan medverke til kompliserte regjeringsforhandlingar etter valet.

Det var eit anna ultimatum som førte til at det vart skrive ut nyval. Radikale Venstre meiner statsminister Mette Frederiksen slapp for lett frå minkskandalen. Det var ikkje lovheimel for å avlive millionar av mink under pandemien, og uansett kommisjonsavgjerder meiner partiet at det som skjedde, var så gjennomgripande at det trengst ei politisk utlufting. Derfor trusselen: Skriv ut nyval før Folketinget opnar, elles erklærer vi mistillit. Dermed må danskane til urnene 1. november.

Minkskandalen bidrog til at Mette Frederiksen fekk klistra ein merkelapp på seg: maktfullkommen, altså eigenrådig, lite lyttande og arrogant. Under opningsdebatten i Folketinget tok Jakob Ellemann-Jensen fatt i dette: «Meiner statsministeren oppriktig at statsministeren ikkje har gjort feil under minkskandalen?» Frederiksen svarte avvæpnande. Å ta livet av mink var ikkje feil slik situasjonen var, men ja, i handteringa seinare har ho sagt nokre uheldige ord.

Ho var like imøtekommande i opningstalen i Folketinget, der ho var sjølvironisk om sitt eige forhold til makt og arroganse. Det viktigaste ved den talen var likevel den tydelege understrekinga av kor viktig fellesskapet er. Partia må samarbeide – også «hen over midten». I talen stod ho fram som statskvinne, og i den rolla kan faktisk merkelappen maktfullkommen vendast til ein positiv eigenskap: Den som vil styre landet, må vise vilje til makt og til samarbeid.

Spørsmålet er om det fører fram i ei postliberal tid.

Dag Kullerud er journalist og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ho var like imøtekommande i opningstalen i Folketinget, der ho var sjølvironisk om sitt eige forhold til makt og arroganse.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis