JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Drama i siste akt

Ja! Me er her! Me er framme! Historia om å fylgje Eivind Astrups spor til Navy Cliff – med verdas lengste retur – er ferdigskriven.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Polarhelten Eivind Astrup – og lagnaden hans – har vore det store samtaleemnet undervegs.

Foto: Frammuseet

11964
20181116

Nord for den store bre

Historikar Harald Dag Jølle drog i vår saman med Vegard Ulvang og Ronny Finsås ut på ein 3000 kilometer lang skitur. Målet var å finne ut kvifor den norske polarfararen Eivind Astrup rauk uklar med amerikanaren Robert Peary i 1890-åra.

Del 6

Tre skjeggete menn klemmer kvarandre. Eg kjenner ei tåre bak solbrillene. Eg er glad, letta og takksam. Glad for at me er ferdige med ein slitsam tur. Letta for me har kome levande fram. Og takksam for at me er framme som betre vener enn då me starta. Ingen av delane er sjølvsagde på polarekspedisjonar.

Me har kome ned til ein av fjordane like ved den vesle bygda Isortoq på søraustkysten av Grønland. Me har god tid. Eg slår på datamaskinen for å publisere eit siste blogginnlegg. Eg skriv om den tunge sisteetappen, der me ikkje kunne segle, men måtte trekkje pulkane sjølve. Eg skriv at me er nøgde med at alt har gått så bra på denne lange turen. Så takkar me blogglesarane for turen – og loggar av. Vegard serverer ein Gammel Dansk, og Ronny finn fram litt marsipansjokolade.

Deretter går me ut og ventar på båtskyss.

Bodbringaren

Eg set meg tungt ned i den blaute snøen, støttar ryggen mot pulken og finn fram kikkerten. Det ligg ein del isflak i bukta nedfor oss. Tida går. Og me speidar og speidar. Me slår ein spøk om at klokka på Grønland ikkje nødvendigvis går heilt presist. Vegard går ein tur på ein liten topp for å få betre oversyn, men det er framleis ingen båt å sjå. Det vil seie, me ser eit par småbåtar lang der ute, som etter smella å døme er ute på seljakt.

To timar seinare kjem det plutseleg ein ung gut gåande ned bak oss. Kor i allverda kom han ifrå? Han er kanskje seksten år gamal, kledd i treningsbukse, T-skjorte og ei tynn dunjakke. På føtene har han nokre svære gummistøvlar. Han snakkar lite dansk, men han kan nok engelsk til å forklare oss at dei ikkje kjem gjennom isen med båtane. Han har difor hoppa frå isflak til isflak til land, og så gått ein to timars tur over fjellet for å gje oss denne meldinga. Den einaste løysinga for å kome ut herifrå, seier han, er å gå opp eit stort brefall og ned att lenger ute i fjorden. Ronny, Vegard og eg ser på kvarandre. Og så ser me på den unge guten med dei svære gummistøvlane. Brefallet – som lyser blått og sprekkfullt mot oss – er ikkje nokon spøk. Absolutt ikkje. Vakkert å sjå på, men ikkje særleg freistande å rote rundt i med seks pulkar.

Turen var ikkje slutt

Dette er ikkje bra. Me sirklar att og fram over tronge passasjar mellom djupe sprekkar og store hol. Me har klart oss fint i nesten 3000 kilometer på Grønlandsisen. Skal me havarere her? Eg kjenner det stikk i magen. Eg ser på vår grønlandske ven. Han verkar ikkje nervøs. Han trekkjer ein av pulkane våre og sveittar godt under dunjakka, men tek det heile med eit smil.

Ronny går fyrst og finn vegen. Han har trass alt breføring som jobb. Men i blåisen på Hardangerjøkulen har han med seg korkje pulkar eller folk i gummistøvlar.

Etter nesten tre timar har me kome høgt nok til å krysse utover. Men vegen ned til fjorden ser like rotete ut. Me hoppar over ubehagelege gap og listar oss varsamt over snøbruer. Pulkane veltar og sit stadig fast. Tida går. Me har gløymt å ete. Eg er tyrst, men har ikkje vatn att på flaska. Det einaste me har fått i magen sidan me kom til kysten, er klunken med Gammel Dansk og litt marsipan. Me var jo ferdige. Hadde kome fram. Skulle berre gå om bord i ein båt. Men i staden er me no ute på den mest dramatiske etappen av turen vår. Så langt.

Først når vi er nede ved fjorden att, etter gode fire timar, røper eg kor redd eg var der oppe.

I fjæra ventar to båtar og ein blid familie – to yngre brør og foreldra til vår tapre ven. Men korleis i allverda skal me få plass til alt i desse båtane, spør eg, medan grønlendarane lastar pulk etter pulk om bord. Den eine båten er neppe større enn 17 fot. Den andre kanskje berre 14. Det er såpass trongt når alt er ferdiglasta, at den eldste guten må stå på baugen, medan veslebroren styrer påhengsmotoren. Slik glir me ut mellom store isfjell på ein spegelblank fjord.

I Isortoq får me ein liten pause. Båtane må pakkast om. Mor og den minste guten skal vere att heime. Igjen kjenner me på den gode kjensla av å vere framme. Ferdig med turen. Kome i mål. Trøytte, men nøgde. No ventar me berre på å bli køyrde vidare til Tasiilaq, den største staden på Aust-Grønland. Her skal me vere eit par dagar før me flyg heim. Vi skal pakke om utstyret og sende det med fraktebåt. Ete på restaurant. Feire den vellykka ekspedisjonen. Puste ut.

Ronny, Vegard og eg set oss inn under vindskjermen i den største båten. Det er så lågt at me ikkje kan sitje rett i ryggen, men resten av båten er overfylt med pulkar. I den minste båten sit dei to gutane. Også han er søkklasta med utstyret vårt.

Like før me legg frå kai, spør eg båtføraren kor lang tid han bereknar til Tasiilaq. «Det avheng av kor mykje sjø me får», svarar han, «men eg tippar det tek om lag fire timar».

Kva?! Eg har jo sett kor stadene ligg på kartet, men var korkje førebudd eller særleg lysten på å sitje samanrulla under ein vindskjerm så lenge akkurat no.

Det er kaldt, og me har framleis ikkje ete noko. Det er over 20 timar sidan me starta dagen. Men idet me rundar ut i open sjø, og treffer bylgjer som har rulla sidan Island, får me raskt anna å tenkje på. Båten krengjer og slår. Bak oss ser eg den vesle jolla til dei to gutane hoppe frå bylgjetopp til bylgjetopp. Men korkje far eller sønene ser ut som dei har tenkt å senke farten. I 20 knop held me fram utover i storhavet. Redningsvestar er det ingen som har sett noko til.

«Du må få han til å snu, Jølle.» Vegard ser alvorleg på meg. Me har nettopp treft eit isflak. «Dette er galskap, du må få han til å snu!» Eg har aldri sett den sindige finnmarkingen så stressa. «Få han til å snu. Eg betaler gladeleg for helikopertransporten til Tasiilaq.»

Etter ei lita rådslaging og ei handsopprekking her framme under vindskjermen, blir me likevel einige om å la det stå til.

Sjølvmordet

Eg lèt att auga. Eg kan uansett ikkje gjere noko med situasjonen. Berre håpe at eg ikkje blir sjøsjuk. Tankane går mot Eivind Astrup då han reiste frå Grønland i 1894, då han og nesten heile mannskapet forlét Peary. Astrup var nok både letta og stressa. Planen hadde vore at ekspedisjonen skulle vare i to år. Men konflikten med ekspedisjonsleiaren var openbert så stor at dei fleste valde å dra heim med forsyningsskipet som kom etter eit år. Var det eit kontraktbrot å reise, eller var det Peary som ikkje hadde innfridd vilkåra for å delta på ekspedisjonen? Karane som drog, var tydelege på det siste. Ikkje minst Astrup, som kalla ekspedisjonen for humbug, i all offentlegheit. Men samstundes frykta dei kva Peary ville seie når han kom attende eit år seinare. «Me må kvesse øksene våre og vere førebudde på kamp», skreiv ein av karane til Astrup. Han refererte til at Peary hadde kome med truslar på Grønland, men skreiv ikkje noko om kva truslane handla om.

Eg blir dratt ut av tankerekkja av ein kraftig smell. Båten har treft nok eit isflak. Det går kaldt nedover ryggen. Båtføraren slakkar framleis ikkje på farten, men tråkkar hardt med venstrefoten mot dørken for å sjekke skaden. Glasfiberen er sliten, og det piplar litt vatn inn. Dette er ikkje bra!

Eg prøver å tenkje på noko anna, prøver å drøyme meg attende til Navy Cliff. Det var ei utruleg kjensle å vere på ein så aude flekk av planeten – og på ein så ikonisk stad i polarhistoria. Samstundes skjønte eg noko då eg var der: Peary må tvillaust ha bløffa om kanalen som skulle skilje Grønland i to – ein bløff Astrup sjølvsagt må ha vore klar over. Eg undrar meg på om denne løyndomen kunne ha noka tyding for tilhøvet mellom dei to. Me har stadig lurt på kvifor Astrup skreiv artiklar og gav ut ei populær bok, sjølv om det var eit brot med kontrakten han hadde med ekspedisjonsleiaren. Var han så frimodig fordi han hadde «noko på» Peary, som verkeleg ville diskreditere amerikanaren som geografisk oppdagar om Astrup offentleggjorde bløffen?

Det er kanskje ein søkt spekulasjon, og han forklarer jo heller ikkje kva Peary eventuelt trua mennene sine med. Snarare tvert om. Eg kan likevel ikkje fri meg frå å leite etter alle moglege og umoglege forklaringar på kvifor ein ung, svært vellukka polarfarar drog til fjells og skaut seg sjølv. 24 år gamal. Sjølvsagt er det ikkje mogleg å finne ei årsak til sjølvmordet. Men det er likevel nærliggande å spørje om noko av forklaringa kan finnast i noko som hende her på Grønland. Me veit det var usemje, men kva skulle truslane ha handla om?

Me er på ingen måte dei fyrste som har vore opptekne av Astrups død. I Noreg klarte ein rett nok å leggje eit effektivt lokk på spekulasjonane. Den offisielle forklaringa var at han hadde falle og slått hovudet mot ein stein under ein skitur i romjula 1895. Denne forklaringa vart ståande til ut i 1990-åra.

I andre land, derimot, skreiv pressa i detalj om kva som hadde skjedd. Dagen etter gravferda hadde den danske avisa Politiken ein stor reportasje der dei kritiserte nordmennene som skjulte sanninga: «Eivind Astrup bliver jo ingen ringere Mand, fordi han dræbte sig», var avisas klare bodskap. Samstundes forklarte dei sjølvmordet med at Astrup hadde vore «melankolsk, mistvivlende om sin Fremtid, mismodig over sin Stilling». Årsaka skulle ha vore at familien hadde tvinge han til å forlate polarkarrieren og bli forretningsmann. Men Astrup var ingen kjøpmann av natur, han drøymde om nye ekspedisjonar – «han vilde ikke sidde indespærret i et mørkt Kontor uden at bruge sin Ungdoms gode Kraf». Ifylgje avisa var den moderne tankemåten til Astrup rett og slett «Uforenelighed med en konservativ Slægt».

Nokre veker seinare publiserte Politiken ei ny oppsiktsvekkjande forklaring på kvifor Astrup hadde tatt sitt eige liv: «Efter hva der nu medeeles os fra troværdig Side, synes det utvivlsomt, at Astrup er falden som Offer for en saakaldt ‘amerikansk Duel’, og der er al Grund til at tro, at hans Modstander ikke var nogen anden end – Løjtnant Peary. Fru Peary skal være den fuldstændigt uskyldige Anledning til, at de to dyktige Mænd blev enige om, at kun én af dem kunde blive i Live.»

Det verkar som ei heilt vanvitig historie. Kor kom ein slik påstand ifrå? Og kvifor sette avisa han på trykk?

Tasiilaq

Sjøen legg seg noko. Klokka har passert midtnatt. Vegard har sovna. Ronny ser på meg med eit trøytt smil.

Tanken på Astrups død slepper ikkje taket. Frederick Cook hadde også ei meining om han. Cook, som krangla med Peary om kven av dei som fyrst nådde Nordpolen, kjente Astrup godt etter den fyrste ekspedisjonen til Grønland. Og han gav kort og godt den bitre rivalen ansvaret for sjølvmordet. Det som skjedde på Hjerkinn, kunne «førast direkte attende til Pearys egoistiske og intolerante brutalitet», skreiv Cook i My Attainment of the North Pole frå 1911, «det var ikkje direkte eit knivmord – men like fælt – for eit ungt og edelt liv vart avslutta som fylgje av eit feigt diktat, drive av misunneleg egoisme».

Kva sikta Cook til? Kvifor skreiv han dette? Ville han sverte Peary, eller visste han noko me ikkje veit?

Me veit at Astrup vitja Cook like før han reiste heim til Noreg for siste gong. Kva fortalde han då?

Spørsmåla blir for mange. Tankane går i spinn. Eg er svolten og trøytt. Det har vore eit vanvitig døgn. Men eg er samstundes overtydd om at eg må grave vidare for å finne ut kva bagasje Astrup hadde med seg heim frå Grønland.

Vegard har begynt å snakke igjen. Båtføraren bøyer seg ned under vindskjermen og smiler mot oss. Me har kome innaskjers, på veg mot indre hamn i Tasiilaq

Harald Dag Jølle

Harald Dag Jølle er historikar ved Norsk Polarinstitutt

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det var ikkje direkte
eit knivmord –
men like fælt».

Frederick Cook

«Dette er galskap, du må få han til å snu!»

Vegard Ulvang

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis