Eit ansvarleg og sosialt KrF
POLITIKK
I Dag og Tid 10. februar skriv Jon Hustad om Kristeleg Folkepartis framlegg til nytt program, og då er det grunn til å koma med eit par små kommentarar. Det gode samfunnet vert ikkje bygt berre av marknader og det offentlege. Innsatsen frå sivilsamfunnet er òg avgjerande. Det er eit gode at me i Noreg har eit stort og aktivt sivilsamfunn som verken er statleg eller som er til for å tene pengar. KrF vil at staten ikkje skal styra over dette, men støtta oppunder det. Difor vil KrF gje støtte til kyrkjer og trussamfunn, men også anna frivillig aktivitet som idrettslag, skulekorps, turistforeiningar osv.
KrF kjempar for menneskeverdet i alle fasane av livet. Me vil erstatta abortlova med ei lov som gjev det ufødde livet eit rettsvern. Her veit KrFs veljarar godt kva me står for, i og med at me har hatt den same programformuleringa i fleire stortingsprogram tidlegare.
Jon Hustad er blitt overtydd om at pleiepengar for barn med til dømes multihandikap er ein fæl ting. Å tru at dette inneber at ein deler ut pengar og lèt barn med store funksjonshemmingar vera heilt utan oppfølging frå det offentlege, er utan rot i realitetane. Hadde eg konkludert på same måte som Hustad innimellom gjer, kunne eg tru at han ønskte seg attende til lukka institusjonar, men det vil eg sjølvsagt ikkje konkludera med. Og det er ikkje mindre enn oppsiktsvekkjande å mistenkjeleggjera mange foreldre som elskar barna sine djupt og inderleg, og som ønskjer å gje dei eit best mogleg liv. Ei slik stigmatisering er KrF ueinig i.
Hustad hevdar KrF meiner at alle einslege mindreårige asylsøkjarar «skal få varig opphaldsløyve og dimed statsborgarskap». Då har han truleg oversett neste setning i kulepunktet. Der står det: «Ungdommene må enten returneres til omsorgspersoner i hjemlandet eller gis ordinær tillatelse etter lovens § 38». Det KrF vil, er å fjerna ein særregel som er spesiell for barn over 16 år og som gjer at desse får liva sine sette på vent til dei fyller 18, og så blir sende ut. Med KrF er det ingen automatikk i at dei får opphald, men me meiner alle born skal handsamast etter dei same reglane. KrF er stolte over at me i asylpolitikken har vore opptatt av vilkåra for einslege mindreårige asylsøkjarar, familiar og utsette minoritetar, som er dei mest sårbare gruppene som kjem til Noreg.
Når me har restriktiv alkoholpolitikk, politikk for sterkare og tryggare familiar og skulepolitikk som ser den enkelte eleven, bidreg det også til reduserte samfunnskostnadar i framtida. Dersom Jon Hustad hadde lese KrFs alternative statsbudsjett, hadde han dessutan sett at KrF alltid fører ein ansvarleg økonomisk politikk. I fjor føreslo me å bruka 650 millionar færre oljekroner enn det regjeringa hadde lagt opp til. Det kunne det vera grunn til å notera seg. Dersom ein er interessert, vel å merka.
Dagrun Eriksen er leiar av programkomiteen og 1. nestleiar i KrF.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.