JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

🎧 Blomster og blod i Stockholm

I 1928 kom Undset til Stockholm for å ta imot Nobelprisen. No var ho tilbake, som flyktning og i sorg, men med ein ladd skrivemaskin som våpen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
15638
20200430

Tilbake til framtida

Då Tyskland invaderte Noreg 9. april 1940, var Sigrid Undset i Oslo. Nobelprisvinnaren kom seg heim til Lillehammer, men ti dagar seinare stod tyske styrkar rett sør for byen. Den kjende antinazisten Undset måtte flykte nordover. Med bil, båt, tog, fly og på slede reiste ho mest jorda rundt: Oslo–Lillehammer–Gudbrandsdalen–Åndalsnes–Mo i Rana–Sverige–Russland–Japan–San Francisco–New York.

Om fluktreisa skreiv Undset boka Tilbake til fremtiden, først utgitt i USA i 1942 (Return to the Future).

I denne serien tek forfattaren Morten A. Strøksnes føre seg reisa og boka, som han meiner er ein gløymd klassikar. Essayet bygger på eit foredrag ved Undset-senteret på Bjerkebæk i fjor haust.

Del 3 av 6

Lytt til artikkelen:

Undset har bak seg ei dramatisk flukt gjennom Noreg. Ho har vore i siktet til tyske bombefly, og det var ikkje sjølvsagt at det skulle gå bra. Men no er ho trygt i Nord-Sverige.

Frå villmarka i grensetraktene blei Undset og dei andre norske flyktningane tatt hand om av svenske styresmakter og frakta til Storuman, langt inne i landet. I bussane var det ikkje berre norske flyktningar, men også finnar, som no flyktar tilbake til Finland, bort frå krigen i Noreg. I Storuman blir dei innlosjerte på eit turisthotell, «innredet med svensk smak og komfort, udmerket drevet, som de aller fleste svenske hoteller er», skriver Undset i Tilbake til fremtiden.

På grunn av brenselrasjonering fins det ikkje varmt vatn, det er det einaste. Men Undset og Stina Paasche får bore varmt vatn i bøtter inn på rommet, og dei får ei lokal frisørdame til å ordne håret deira.

I boka gir Undset eit godt bilde av den urolege stemninga i Sverige desse maidagane i 1940. Landet var under full mobilisering. Mange meinte det berre var eit spørsmål om tid før også dei blei angripne av Tyskland. Derfor var det soldatar overalt. Reservestyrkane som var i området Undset reiste gjennom, bar uniformer som likna på dei som var nytta under Karl XII, med gråblå kapper og tresnuta hattar, skriv ho. Mange av soldatane ville høyre om krigen i Noreg. Folk og styresmakter var stressa, men – med berre eitt unntak – greie og hjelpsame. Ingen av flyktningane hadde pass, pengar eller personlege dokument, men politi og tollarar laga ikkje problem.

På Stockholms centralstation blei Undset tatt imot av søstera Ragnhild og forfattarvenninna Alice Lyttkens, som Undset skulle bu hos. Den «offisielle» grunnen til at ho ikkje skulle bu hos søstera, som hadde gifta seg svensk og flytta til Stockholm alt i 1917, var at Undset kunne få sitt eige rom hos Lyttkens, sidan son deira var blitt innrullert i militæret. Ein like viktig grunn var nok at Undset ikkje klarte Ragnhilds selskap over tid og planla å bu på hotell før Lyttkens kom med sitt tilbod. I eit brev til ein katolsk pater skreiv Sigrid om Ragnhild i 1932: «Hun er entusiastisk, uttrykker seg alltid i superlativer, snakker en masse om kunst og litteratur, og skjønner seg ikke mer på det enn pus» (sitert frå Sigrun Slapgards biografi). I eit anna brev, til Gösta af Gejerstam i 1928, skriv ho på spøk at ho «innimellom kjenner den gamle ubendige lyst til å kloroformere hende».

Det fekk bli Lyttkens, altså.

Alice Lyttkens er i dag ikkje så kjent, men ho fekk ein stor karriere etter krigen med historiske serieromanar, og var i fleire tiår blant Sveriges mest kjente, lesne og produktive forfattarar. Ho og advokatmannen Yngve budde i Artillerigatan 6 på Östermalm, i hjartet av det gamle borgarlege Stockholm. Dramaten ligg hundre meter unna, det er ein kort spasertur til Gamla Stan, Skeppsholmen og Blasieholmen.

Etter mange besøk heilt frå unge år kjente Undset Stockholm godt. Den 10. desember 1928 var ho i Stockholm for å ta imot Nobelprisen i litteratur. «Av alle byer vil nordmenn synes Stockholm er vakrest», sa Undset under nobeltalen i Stockholm konserthus. Festbanketten var på Grand Hotel Royal på Blasieholmen, og Undset hadde kronprins Gustav Adolf som bordkavaler. Dagen etter var det offisiell mottaking hos kong Gustav V på Kungliga slottet, og Undset fekk seinare privat omvising både der og på Drottningholm.

No var det andre tider. Ho var komen som flyktning og hadde akkurat fått vite at sonen Anders var død. Alice Lyttkens venta ein dag med å fortelje det. «Det var hendt noko sorgsamt», sa Lyttkens. Undset skjønte med ein gong at det var Anders. Han blei drepen av ei tysk kule ved Segalstad bru i Gausdal, mens Undset var på flukt langs bomba vegar mellom Dovre og Molde.

Ho hadde bedt norske gutar om å slåst «til siste blodsdrope». No la ho hovudet i hendene og stønna som eit såra dyr, skriv Alice Lyttkens i sine memoarar.

Stockholms-passasjane i Tilbake til fremtiden er til tider som om ho er send til byen for eit reisemagasin og leverer varene i form av flotte skildringar av byens arkitektur, topografi og lys. Ho sprang ikkje mykje rundt på restaurantar, ho sat stort sett heime og jobba, men ein kan få det inntrykket, så levande som ho skildrar dei svenske friluftsrestaurantane «besungne av Bellman, med en duft av Gustav III’s livslystne og skjønnhetselskende tid». «Men aller skjønnest er det om kvelden, når lyktene er tent innunder de store gamle trær og lyser opp hvelvet av ungt grønt løv.»

Men det var ei slags illusjonslaus farvelstemning overalt. Stockholmarane gjekk liksom rundt og såg på byen sin som om han kunne forsvinne. Stadige drønn og små eksplosjonar frå arbeidet med å bygge tilfluktsrom i fjellgrunnen under torg og parkar, går Undset på nervane.

Undset likte ikkje store forsamlingar, middagsselskap eller representasjon. I Stockholm går ho stort sett berre på det ho må. Nokre gonger lar ho seg lokke med god whisky. Ho hatar skryt og folk som vil ha autografen eller endå verre: snakke med henne om Kristin Lavransdatter. Det er mykje liv i Artillerigatan, for Lyttkens-familien har ein stor omgangskrets. Ho viser dei fleste ei morsk maske.

Journalistar har ho aldri likt. Svensk presse er på ho for å få intervju, og vil ha eit fotografi av sonen Anders. Undset nektar. Avisene får tak i eit frå anna hald, der det står med Anders’ handskrift: «Til mor».

Den 11. mai var ho i møte med forlagsredaktør Ragnar Svanström i Norstedts. Svanström ville gjerne at Undset skulle skrive ein tekst til den antinazistiske tidsskriftet Nordens Frihet. Undset bad om ein skrivemaskin, lånte styrerommet og hamra på rekordtid ned ein kjenslesterk, patriotisk tekst med tittelen «17. mai 1940». Undset skildrar først nasjonaldagen vi i år ikkje får oppleve. Så løftar ho blikket og ser framover, til når Noreg atter er fritt og flagget igjen kan berast gjennom bygd og by «av lubne barnenever mot bjerkens små flammer av nytt løv. Den dagen det skjer, da kan vi glade gå til møtes med våre døde – de døde fra de gamle tidene, våre fedre og våre unge døde fra denne våren» (sitert frå Tordis Ørjasæters biografi).

Frå krigens første stund viser Undset eit tydeleg talent for propaganda, å snakke og skrive på ein måte som treffer folk i hjartet og gir dei eit løft.

I Artillerigatan skriv Undset òg ein lang artikkel til Life Magazine i USA (opplag over ein million) med overskrifta «My Escape from Norway». Undertittel: «A Nobel Prizewinner Tells How It Feels to Flee for One’s Life from a Homeland Invaded by Nazis». Ho skriv at nazi-ideologien er så framand for nordmenn flest at dei ser Quisling og hans følgjarar (ho nemner ikkje Hamsun) som «hysterical halfmen», og avviser at nordmenn og tyskarar er av same rase. Pussig nok: I 1916 kalla Hamsun Undset for «det halve Hanmenneske» i «barnemorddebatten», der nobelprisvinnarane òg stod på motsett side.

Den sju sider lange Life-artikkelen stod på trykk 10. juni, og i bladet blir det opplyst at teksten blei telegrafert frå Stockholm 14. mai. Det må bety at Undset har brukt dei tre dagane etter at ho fekk vite at Anders var død på å skrive denne reportasjen.

I boka Tilbake til fremtiden tar Anders’ død liten plass, og det er eit godt litterært val. Likevel er det noko litt pussig her. Boka er rett nok skriven ei god stund etterpå, men Undset må vel ha vore nesten lamma av sorg mens ho var i Stockholm? Dette ser ein ikkje teikn til i boka. Undset kunne vere hard som flint, og kjensler var for ho private. Mange oppfatta ho som kald, men det er kanskje ei overflatisk vurdering. Bøkene hennar er trass alt prov på ei rik evne til innleving, og den omfattande filantropien og engasjementet for svake viser medkjensle godt over det vanlege.

Ho fann trøyst i at Anders var ein god offiser, og at soldatane rekna han som «snill», eit norsk ord Undset meiner er ganske uomsetteleg. Når ein er snill på norsk, må ein vere det stillferdig og aldri demonstrativt.

Yngstesonen Hans – den einaste som framleis er i live av Undsets tre barn – kjem seg frå Noreg til Stockholm. Alice Lyttkens skreiv lenge etterpå i memoarane sine i sju band (Leva om sitt liv, siste band kom i 1989) at Undset verka merkeleg lite glad over å sjå Hans og var kjølig. Det kan vere at Lyttkens ikkje heilt makta å lese Undset, som var det motsette av «ei open bok». Sjølv skriv Undset at ho sjeldan har vore så glad som då ho tok imot Hans på stasjonen i Stockholm.

Hans har med seg etterlengta oppdateringar, nyhende og rykte frå Noreg. Det seiest at tyskarane kastar dei såra soldatane sine ut frå fly over Nordsjøen. Eit anna rykte er at tyske soldatar får utdelt sjokoladeplater med heroin som ein del av feltutrustinga. Det skal vere difor dei går så fryktlaust på, med brøl og dødsforakt. Dette høyrest jo ganske vilt ut, men Wehrmacht-soldatar hadde faktisk sjokoladeplater som innhald metamfetamin («Pervitin») i sekken. I tillegg brukte nazistane store mengder kokainpreparat, som Norman Ohler har dokumentert i Der Totale Rausch – Drogen im Dritten Reich (2015).

I stockholmstida gjekk Undset kvar morgon i eit katolsk kapell rundt hjørnet frå leilegheita i Artillerigatan. Kapellet låg (og ligg) tilfeldigvis i Linnégatan. Den store svenske botanikaren Carl von Linné (1707–1778) hadde vore Undsets store «sekulære skytshelgen» heilt sidan ungdommen. På fødselsdagen sin den 20. mai valfarta ho, saman med ekteparet Lyttkens, til Linnés gods Hammarby utanfor Uppsala.

Sidan ungdomstida hadde Undset samla på bøker og andre verk av Linné, den store pioneren i klassifikasjon av dyr og planter. Heime i biblioteket på Bjerkebæk hadde ho ei sjeldan samling, og det hang bilete av Linné i mange rom. På arbeidsrommet var det kjente koparstikket av Linné i samedrakt. Over inngangsdøra til peisestova hang ein gipsrelieff. Og på soverommet hang Alexander Roslins (1718–1793) portrett ved sida av faren Ingvald, slik at Undset kunne sjå rett på desse to frå himmelsenga. Alle veit at Undset var katolikk og opptatt av mellomaldermystikk. Men den store helten hennar i livet var altså opplysningsvitskapsmannen Carl von Linné.

Besøket i Hammarby var ein etterlengta opptur, og i Tilbake til fremtiden skildrar ho det levande. Faktisk hadde Undset førebudd ein biografi om Linné før ho måtte flykte frå Noreg. Ho lar eit Linné-sitat peike på hennar eigen og Noregs situasjon: «De öfervunna ha vapen qvar, de appelera til Gud.»

I Stockholm møtte Undset unge menn som ville over til Noreg for å slåst med tyskarane. «Mine inntrykk fra Sverige sommeren 1940 er ensidige: alle mine svenske venner hadde den samme innstillingen til nazismen som jeg.» Dette seier kanskje ikkje anna enn at Undset aldri ville vore ven med pronazistar. Sjølvsagt er også ho klar over at delar av den svenske overklassen, hæren og politiet var nazivennlege, eller i det minste tyskvennlege. Det same gjaldt svenske industri- og forretningsinteresser (som Wallenberg-familien), som gjorde særs god butikk på tyske kontraktar – til liks med dei mange norske krigsprofitørane, som nesten alle gjekk fri etter krigen.

I Stockholm blei Undset invitert til ei stor, symbolladd hending: Gravferda til Verner von Heidenstam (1859–1940) den 26. mai på godset hans, Övralid, ved innsjøen Vättern, 25 mil søraust om Stockholm. Heidenstam hadde vore ein leiande forfattar i Sverige heilt sidan 1890-åra, og som Undset blei han tildelt Nobelprisen i litteratur (1916). Ho las han med begeistring i ungdommen, og dei hadde mange berøringspunkt, som interessa for den heilage Birgitta av Sverige (ca. 1303–1373).

Heidenstam var som Undset konservativ, men i motsetnad til ho blei han i 30-åra ganske så nazivenleg. Undset måtte nesten stille i gravferda, ho var framleis leiar i Den norske Forfatterforening, og skulle legge ned ein krans ambassaden hadde skaffa, på vegner av norske forfattarar. I gravferda måtte Undset stå og sjå på, med mørke i auga, mens representantar for Nazi-Tyskland la den første og største blomsterkransen på grava. Kransen hadde breie silkeband med hakekors. Så måtte ho legge kransen med norske flagg ved sida av nazikransen.

Undset skriv ingenting om dette i Tilbake til fremtiden, men Svensk Filmindustri var på plass med kamera. Dei filma då Sigrid Undset og Sven Hedin helsa på kvarandre.

I Noreg hadde vi Knut Hamsun, som alt hadde stått fram som Hitler-beundrar, antisemitt og landssvikar. Svenskane hadde den verdskjente oppdagaren og forfattaren Sven Hedin. Hamsun beundra Hedin, Hedin beundra Hamsun. Og begge beundra Hitler. Hamsun skulle få møte Hitler i Berlin sommaren 1943. Då hadde Hedin allereie møtt Hitler fem gonger. Undsets bøker var forbodne i Tyskland. Til liks med Hamsun tente Hedin millionar på bøkene sine i Tyskland, og Hedin skreiv også sterkt protyske bøker under krigen. Mot slutten av 1942 kom Amerika in Kamp der Kontinente, som selde i fleire hundre tusen eksemplar. I boka legg Hedin skulda for andre verdskrig på Roosevelt og engelsk imperialisme. Hedin sende eit personleg eksemplar til Hitler, som skreiv oppglødd tilbake og takka.

Rett skal vere rett. Hedin var òg informant for den svenske regjeringa. Under krigen snakka han ofte Noregs sak i møter med folk som Ribbentrop, Himmler, statssekretær Weizäcker og feltmarskalk Keitel. Under festmiddagen heime hos Hermann Göring, då nazileiaren fylte 50 år, tok han opp behandlinga av norske sivile og gjekk i forbønn for dødsdømte nordmenn, dokumenterer Axel Odelberg i sin Hedin-biografi.

Sigrid Undset såg tidleg Hitler som ein vond skikkelse. «Store» menn som Hamsun og Hedin såg noko heilt anna. Uansett kor mykje informasjon dei fekk, før og under krigen, var dei ikkje til å rikke. Hitlers siste fødselsdagshelsing til Hedin kom i februar 1945, då Den raude armeen stod nokre mil unna Berlin. Då Hitler gjorde sjølvmord i førarbunkeren eit par månader seinare, konkurrerte Hamsun og Hedin om kven som kunne hylle Hitler mest. Sjølv om Hedin kalla Hitler «ein av dei største menn verdshistoria har eigd», gjekk Hamsun av med sigeren.

Undset må ha visst kor Hedin stod, og følt avsmak når ho helsa på han framfor kameraet i Verner von Heidenstams gravferd.

Kampane i Noreg tok slutt den 8. juni, Tyskland hadde pressa Sverige til å la dei få nytte svenske jarnvegar til å frakte tyske troppar og materiell. Undsets lause, optimistiske planar om å slå seg ned i eit enno fritt Nord-Noreg kunne definitivt skrinleggast. Kva skulle dei gjere no, Sigrid og Hans? «Det fikk bli Amerika», skriv Undset. Men Vest-Europa er jo hærtatt av nazistane. Vegen til USA må gå mot aust, gjennom Russland og over Stillehavet.

Morten A. Strøksnes

Morten A. Strøksnes er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Den store helten i livet hennar var altså opplysningsmannen Carl von Linné.

Emneknaggar

Fleire artiklar

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

Alle foto: Frank Furseth

KunstMeldingar

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

Eva Furseth

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn

Cuba framfor kollaps?

Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.

VegardBye

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis