Treverk
Jakob Hustad
hustad.jakob@gmail.com
Det skal handle om dendrologi, læra om tre. Ikkje kva som helst tre, men om blodbøk. Sjølv om denne forteljinga er skriven på Sunnmøre, er det ikkje her soga tek til. Ho byrjar nemleg i Det tysk-romerske riket i år 1690, i ein skog utanfor byen Sonderhausen, som er administrasjonsstad i delstaten Thüringen.
For skogen, som på lokalspråket heiter Possenwald, er sjølve fødestaden for noko så merkverdig som eit raudt tre. Oppdaginga vart nøye studert og dokumentert, slik berre tyskarar kan gjere.
Dei historiske kjeldene seier ikkje noko om kven som gjorde den sensasjonelle oppdaginga.
Vel, så var det ingen brennande busk som talte. Eg går likevel ut frå at han eller ho som gjorde funnet, må ha teke med seg bygdefolket for å bli teken på alvor då vedkommande fortalde om det raude treet utanfor bygrensa.
Blodbøk har oppstått gjennom det som på fagspråket heiter mutasjon, ein prosess der meir eller mindre tilfeldige endringar i arvestoffet gjev nye eigenskapar til avkommet.
Slik fekk ein alminneleg bøk nye karakteristikkar i form av den særmerkte raudfargen, som elles berre er å sjå hos eit fåtal andre lauvtre. Fargen er eit resultat av auka produksjon av antocyanin, eit stoff som reflekterer lys i den raude delen av lysspekteret.
Seinare gav Carl von Linné blodbøken namnet Fagus sylvatica purpurea. Fagus tyder bøk på latin, og purpurea viser til, som du sikkert kan tippe, fargen på bladverket – her omtalt som purpur. Eg er nøgd med den norske omsetjinga av namnet, for fargen gjev klare assosiasjonar til blod. Namnet er dramatisk, liksom treet.
På engelsk heiter treet «copper beech» (koparbøk), men det må her leggjast til at ikkje alle britar er like begeistra for det tyske treet. Den kjende landskapsarkitekten Russel Page, forfattaren av verket The Education of a Gardener, skriv at ingenting kan «øydeleggje harmonien i ein hage meir enn ein mørk blodbøk».
Purpur, kopar eller blod – kva er rett? Sjølv om det er mange fargar i spel, kjem ikkje dette av usemje. Blodbøkar endrar nemleg farge på lauvverket gjennom året. Midt på sommaren er lauvet ofte ikkje raudt i det heile, men djupgrønt som spinat. I overgangen mellom grønt og raudt om hausten får blada ein patina som minner om nettopp kopar. Dersom du likevel skulle vere usikker på om det er ein bøk du har framfor deg, kan du stryke fingrane over bladverket.
Minner det om lær, kan du vere rimeleg trygg på at det er ein bøk.
Ein reknar med at heile 99 prosent av førekomsten av blodbøk har den stamfaren som er omtalt over. Det seier noko om kor sjeldan slike mutasjonar er, og ikkje minst kor godt det første eksemplaret vart kultivert. Neste gong du ser ein blodbøk, kan du sjå føre deg (slekts)treet med rota i Sentral-Europa, stammen i Danmark og toppgreinene i Noreg.
Her eg sit og skriv, i Bondalen på Sunnmøre, veks bøken i randsona av det arten kan handtere av klimapåkjenningar. Som ein del av den varmekjære edellauvskogen trivst ikkje bøk i kalde temperaturar. Derfor veks ikkje treet naturleg nord for Hordaland.
På byrjinga av 1900-talet gjorde blodbøk seg populær som prydtre i stader som Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Dette har gitt kontrastar til dei elles grøne lauvkronene i langs fjorden. På Urke veks det fleire blodbøkar av uvanleg god kvalitet. Eigaren av trea, ein hyggeleg mann fødd i 1947, kan fortelje at trea alt var fullvaksne då han kom til verda.
Sjølv om dei i dag over 100 år gamle bøketrea må reknast som fullvaksne, har dei har likevel mange leveår att. Bøken vert ofte 300 år, men det finst eksemplar som er mykje eldre enn det òg. Frå og med 50-årsalderen byrjar treet å produsere frukt i form av trekanta nøtter. Dei smakar syrleg og beiskt og er dessutan giftige i store mengder.
Å plante ein blodbøk er ikkje noka egoistisk handling, men ei gjerning som kjem fleire generasjonar til gode. I eit gresk ordtak heiter det seg at «sivilisasjonen blomstrar når folk plantar tre dei aldri vil få gleda av å sitje under». I så måte kan vi takke hjørundfjordingane som tok seg bryderiet for alle dei åra sidan og nytta noko av fortenesta si til å kjøpe seg eit vakkert prydtre. Du skal likevel åtvarast.
For det du kan dømme eigaren av blodbøken på, er stammen på treet. Dersom du ikkje syter for å trimme treet korrekt, og kappar stammeskot undervegs, endar du som regel med ein kort og tjukk stamme som spring ut i fleire konkurrerande toppskot. Ikkje optimal vekst, med andre ord. Om du derimot er nøye og steller godt med bøken, får du ein rank og høg stamme som mest kan minne om beinet på ein elefant. Ikkje minst er samanlikninga treffande fordi stammen er meir grå enn brun, og borken er tjukk og seig. Har du eit slikt tre, får du respekt.
Ein oktoberdag fekk eg i oppgåve å felle ein blodbøk. Eigaren ville ha han fjerna til fordel for ein ny garasje, og det gjekk rykte på bygda om at motorsaga mi var nyfila.
På den eine sida var det vemodig å skulle felle eit sakralt tre. På den andre hadde eg aldri handtert ein slik stamme, og eg var spent på kva som skjulte seg på innsida av borken. Kven ville gi etter først, treet eller mannen?
Etter å ha drege i gang saga og starta på felleskaret kom eg til å tenkje på orda som vart veksla mellom Einar Tambarskjelve og Olav Tryggvason under slaget ved Svolder. Her var det likevel ikkje bogen, men motorsaga som var for veik. Gode råd var dyre, men heldigvis stilte ein nabo opp. Eg fekk låne ein heftig oransje råtass med 6,8 hestekrefter. Ein Stihl 500i gav bøken banesår. Ho vart 80 somrar gammal.
Traktoren til far min, ein uthaldande John Deere med lite elektronikk, fekk kjenne på den tunge børa. Om du vert gravlagd i ei kiste av bøk, kan det vere at gravfølgjet ditt må late deg liggje att i sakristiet. Bøken er svært tung, med ein brennverdi målt i kilowatt per fastkubikk på 3000. Til samanlikning har gran ein brennverdi på berre 2150 kW/m3. Ikkje at du skal gjere noko så kjettersk som å brenne han!
Kva kan ein så nytte ein blodbøk til?
Bøken er mellom dei fremste treslaga ein kan ta i bruk til møbel, særleg dersom emna skal bøyast. Nettopp denne eigenskapen gjer at bøk vert nytta i produksjonen av den klassiske Tripp Trapp-stolen til Stokke.
Utover å vere elastisk med gode styrkeeigenskapar kan bøken overflatebehandlast, pussast og polerast på ei rekkje vis. Ettersom han ikkje set smak, vert bøk ofte brukt i produkt som ispinnar.
Ein av dei få attverande «bygdesagene» finn du i Austefjorden i Volda kommune. Mannen bakom sagbruket er i 70-åra og har eit vennleg smil. Og ja, han røykjer rullings. Eg brukte ein time til sagbruket på traktoren. Det gjekk med nokre liter avgiftsfri diesel då eg frakta den fullasta tilhengaren med vel 2 kubikk bøk. Klimaavtrykket til traktoren er likevel ikkje så ille, all den tid mykje materiell av bøk vert importert til Noreg frå plantasjar i Danmark.
Fryktlause som vi var, tok vi til på den største av stokkane. Ein kvist midtvegs i stokken fekk saga til å kile seg. Eg spurde om dette har skjedd før, nærmast faderleg stolt av bøken som hadde fått saga til å bråstanse. Nei, svarte mannen med rullings og la til: «Dette var harde saker.» Etter å ha rygga tilbake stokken, prøvde vi på nytt. Saga fekk igjen setje tennene i bøken. Stokken gav etter og vart delt på midten.
Treverket var nydeleg, unikt og med vakker tekstur. Mykje av treverket viste seg å være «flammeved». Dette er ved med ein bølgjete struktur som minner om eld. Dette er ein særleg ettertrakta eigenskap ved treverk som skal nyttast til dekorative føremål. Mellom anna var den berømte fiolinbyggjemeisteren Antonio Stradivari kjend for å nytte flammeved i botnen på musikkinstrumenta sine. I treverk er det nemleg ikkje det regelmessige, men det unike som gjev sjel og eigenkarakter.
Mekaniske skadar, varierande temperaturar og jordsmonn er nokre av dei mange faktorane som påverkar treverket. På lik linje med menneske går treet gjennom eit liv med påkjenningar, mekaniske og miljømessige, som etterlèt arr og djupe furer. Alle målarar veit å setje pris på eit gammalt ansikt frå eit levd liv. Slik er det òg for møbelsnikkaren. Godt handverk startar med godt treverk.
Blodbøk som veks på den sunnmørske breiddegrada, har som regel ein falsk kjerneved som er raud, og dette treet var ikkje noko unntak. Raudfargen oppstår som følgje av kuldeskade, men dette har ikkje noko å seie for styrkeeigenskapane. Den raude veden breier seg som ei eldtunge over dei lysare partia og sameinar kaos og orden i perfekt symfoni.
Kva vart det av denne formidable bøken? Eg enda med å laga meg eit kjøkkenbord. Eg håpar og trur at bordet vil vare lenger enn forfattaren, bøken har i alle fall fått eit nytt liv i heimen.
Jakob Hustad er sjølvstendig næringsdrivande.