Folket ved straumane
Dette er berekraft: eit sund ved Sotra som fødde på menneske gjennom 6000 år.
6000 år med historie ligg lagra i denne vesle skråninga ned mot Bildøysundet.
Alle foto: Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Småfisk vakar nede i sundet. Ein stad i duskregnet brekar ein sau. Suset frå motorvegen læt som ei brusande elv. I den slake skråninga ned mot sjøen er torva flekt av i store rektangulære felt, og noko av den berrlagde jorda er verna mot regnet av opne, kvite telt. Det ser ut som nokon driv med ein underleg safariturisme, men det er historie folk jaktar på her.
Det er 29. august, og open dag på utgravingsfeltet ved Bildøystraumen, 15 kilometer vest for Bergen. Nyfikne strilar og bergensarar traskar rundt på sølete stiar for å få nokre glimt av den framande fortida. Her har arkeologane frå Universitetsmuseet i Bergen grave og pirka, sålda og sortert gjennom heile den søkkvåte sommaren 2017. Jorda her er full av skattar. Arkeologane har krafsa fram økser, pilspissar og bein, her er kokegroper, eldstader og spor av enkle hustufter.
Vesle Bildøy ligg som ein kile slått inn mellom dei store øyane Sotra og Litlesotra, med eit smalt sund på kvar side. Denne vesle flekken må ha vore ein attraktiv stad å leve gjennom det meste av menneskehistoria i Noreg. Truleg har folk hatt tilhaldsstad ved Bildøysundet gjennom nesten heile den norske steinalderen. Dei eldste funna er kring 10.000 år gamle, og dei nyaste frå starten på bronsealderen for kring 4000 år sidan.
Pardans med sjøen
Skråninga ned mot sundet er ein tidsakse. Kvart steg eg tek nedover bakken, tilsvarer fleire hundre år med historie. Menneskespora som er funne her i sommar, viser eit tilvære i intim pardans med sjøen gjennom tusenåra. Dei eldste funna ligg kring 20 meter over dagens havnivå, ved det som var strandlina for 10.000 år sidan. Dei neste 2000 åra heva landet seg svært raskt, og busetnadene trekte nedover for å følgje sjøkanten. Så byrja havet å stige raskare enn landet på grunn av den store issmeltinga i Nord-Amerika, ein epoke som ber namnet tapestida, og dermed måtte busetnadene flyttast oppover bakken att. For kring 6000 år sidan byrja havstiginga og landhevinga å gå i takt. Flomålet stabiliserte seg, og dei same buplassane kunne brukast gjennom kanskje 2000 år før landhevinga igjen fekk overtaket. Denne perioden har etterlate seg kulturlag: mørk, feit mold under buplassane, danna av trekol frå eldstadene og ispedd brend stein og matrestar.
Oppe på den vesle sletta over utgravingsfeltet står det eit bord med nokre av klenodia frå utgravinga denne sommaren. Arkeolog Christine Tøssebro viser meg ein fiskekrok i bein og fint tilskorne, ovale fiskesøkke i kleberstein, med eit langsgåande spor på midten til å knyte snøret i. Fasongen får steinane til å minne om menneskehjernar. Dei minste søkka her er forbausande små, knapt ein centimeter lange og nokre få gram tunge, og kan ha vore brukte til stongfiske frå land. Nokre av dei større søkka er dekorerte med enkle mønster. Skulle dei gje fiskelukke? Eg vel å tru det. Også eg har mine rare, små ritual ved sjøen. Vi fiskarar er alltid litt overtruiske.
På bordet ligg det òg nokre gjenstandar som får det til å gneistre i meg. Det er ting som eg hadde håpa å finne, fint bearbeidde steinar som knyter saman denne vesle vestlandsreisa mi på perfekt vis: Ei finslipt øks av grønstein frå Hespriholmen. Pilspissar av ryolitt frå Siggjo. Å Vestland, Vestland. Sjøen skøyter deg saman.
Bruene til fortida
No er det andre årer som bind landet i hop. Det var planane om den nye riksveg 555 til Sotra som førte til utgravinga på Bildøy. Det er slik dei fleste store utgravingar kjem i stand: Nokon skal byggje noko, og grunnen blir sjekka for fornminne. Arkeologane har mykje å takke Vegvesenet for. Men få vegtrasear har så mykje historie i grunnen som denne. Øyane utanfor Bergen var fulle av gode levestader i perioden som kom etter pionertida. Isen var borte, og klimaet var blitt langt meir behageleg, med somrar som var varmare enn dei vi har i dag. Menneska som trekte innover frå den ytste skjergarden, slo seg gjerne til ved fjordmunningar og sterke tidevasstraumar, og dei vart meir stadbundne enn før. Her på Bildøy er det avdekt eit fundament til noko som truleg var ein solid, permanent huskonstruksjon. Eit meir bufast tilvære stiller mykje større krav til dei lokale ressursane enn det omstreifande jegerlivet gjorde, og ved straumane var det alltid kortreist mat å finne.
Det er neppe tilfeldig at så mange steinalderbusetnader har blitt avdekte i samband med brubygging på norskekysten. Bruer byggjer ein der eit sund er smalast. Der sundet er smalast, er straumen sterkast. Og der straumen er sterkast, står fisken tettast, og der vil òg sjøfugl, sel og småkval vere å finne. Sunda fungerer i tillegg som trakter i sjøen, dei pressar saman sildestimane og fører vandrande fisk og kval tett på landet. Beinfunna som er gjort ved Bildøy så langt, viser at det har blitt ete mykje fugl og småfallen fisk her – kanskje småsei, ein typisk fangst på slik ein stad. Men dei fleste matrestar frå buplassane er brotne ned for lengst, og dietten til folket her har utan tvil vore langt breiare enn fugl og fisk.
Tett på flomålet
I den varme tida for kring 10.000 år sidan dukka hjort, elg, rådyr, villsvin og mange andre nye dyreartar opp i det skogkledde landet. Men tilgangen på nye bytedyr løyste ikkje bandet mellom menneska og sjøen. Folk jakta sjølvsagt på hjortedyr og villsvin, men dei fleste heldt fram med å leve nær strendene gjennom hele steinalderen. Om dateringa av busetnadene og utrekninga av strandlinene stemmer, valde folk å ha buplassane sine berre to-tre meter frå flomålet. Det er som om dei alltid var budde på å kaste seg i båten på kort varsel, lik selar som held seg tett ved vasskanten i tilfelle ein fare skulle dukke opp.
Når eg iblant fantaserte som gutunge om korleis eg skulle klare meg i naturen dersom all sivilisasjon forsvann, såg eg for meg at eg skulle ty til fjøra. Om årstida ikkje kunne tilby bær eller nøtter, og om alt anna svikta, visste eg at eg kunne finne noko etande i strandkanten. Det er ein uvanleg produktivitet i dette skjeringspunktet mellom elementa: Fjøra blir gjødsla av dødt liv frå både landsida og sjøsida, og i strandsona kan ein finne mat i alle årstider, særleg på kystar med store tidevasskilnader. Langs steinete strender lever strandsniglar, blåskjel og olbogeskjel, på sandstrendene ligg hjarteskjel og sandskjel gøymde rett under yta. Og i den varme steinalderen var østers vanleg i pollane på Vestlandet. Slike dyr er for lite næringsrike til å basere dietten sin på, men skjel og sniglar er eit supplement som alltid er tilgjengeleg.
Ein brei meny
Rett utanfor strandsona er det andre ressursar å hauste. I tarebeltet er det alltid fisk å få, i det minste litt småsei, lyr og torsk. Og slike stader lèt seg ikkje fiske tomme: I dei næringsrike tidevasstraumane vil det alltid kome ny fisk sigande inn. Blant funna frå utgravinga i sommar er det ikkje berre fiskesøkke, men òg ein halv fiskekrok utskoren i bein. Reiskapane elles kan vi berre gjette om, ut frå steinalderfunn andre stader i Noreg og Norden: Fiskesnøre av dyresener, fiskegarn av lindebast, lyster av bein til å stikke flyndrer på grunna, ruser eller teiner av fletta kvistar? Tidevassfeller for småfisk, laga med steinmurar ved fjøre sjø? Kanskje alt dette. Folk trong uansett ikkje svelte på Bildøy, om dei berre hadde eit minstemål av kreativitet.
I fiskerike sund som dette fanst det òg storvilt. Vi veit at folk jakta småkval som nise og springar andre stader på norskekysten. Kanskje våga folket her seg òg på større bytte med beinharpunane sine. Flokkar av grindkval og spekkhoggarar må ha kome gjennom Bildøysundet iblant, på jakt etter silda. Skaut steinalderfolket kvalane med piler dyppa i rote kjøt for å gje dei blodforgifting og ein sakte, pinefull død, slik det vart gjort i nyare tid? Kan dei tilmed ha klart å drive vågekvalen inn i tronge bukter, stengje han inne med not og køyre harpunar i han?
Gamle kjende
– Vi veit ikkje om folka her dreiv fangst etter større kvalar. Men det er ingen grunn til å tru at dei ikkje gjorde det. Hugs at inuittane jakta på grønlandskval for fleire tusen år sidan. Den kvalen veg hundre tonn, seier arkeolog Leif Inge Åstveit, som leiar utgravinga ved Sotrasambandet.
Han går rundt på feltet på Bildøy i slagstøvlar og oljebukse, ein venleg, entusiastisk bergensar. Heile yrkeslivet til Åstveit har gått i spora etter menneske som dei ved Bildøysundet.
– Eg kjenner ein slags ærefrykt for desse folka. Eg har grave ut pilspissane og buplassane deira over heile Sør-Noreg. Når eg finn dei, er det som å møte ein gammal kjenning. Eg innbiller meg at eg klarer å kome litt under huda på dei, seier Åstveit.
Han meiner menneska som budde her på Bildøy, hadde gode liv.
– Det var ikkje noko enkelt liv, men eg ser for meg at det var bra. Her var det ressursar heile året gjennom, eit liv med føreseielege rammer. Fisk var her alltid, og kvart år kom det kvalar, sjøfugl og sild. Her var eit heilt anna næringsgrunnlag enn i innlandet. Ved kysten kan du alltid klare deg, der kan du alltid finne noko å ete.
Med ryggen til sjøen
For kring 6000 år sidan skjedde noko merkeleg lenger sør i Europa: Folk langs kystane ser ut til å ha snudd ryggen til sjøen. Ei rekkje studiar tyder på at det kom eit raskt skifte i kosthaldet til menneska på kontinentet, frå Danmark til middelhavsområdet. Dette skjer samtidig med den kanskje største av alle overgangane i historia til mennesket: frå eit liv som jegerar og sankarar til eit liv som bønder og husdyrhaldarar.
Langs heile den europeiske atlanterhavskysten var fisk, skjel og sjøpattedyr ein viktig del av kosthaldet i eldre steinalder. Men beinanalysar frå ei rekkje stader i Europa tyder at sjømat forsvann nesten heilt frå kosthaldet til folk i løpet av nokre få generasjonar. Skiftet ser ut til å ha skjedd langs nesten alle dei europeiske kystane, både på kontinentet og på dei britiske øyane.
Ved Oronsay i Skottland hadde menneska tidlegare i steinalderen hatt ein diett som var av nær 100 prosent marint opphav: Isotopverdiane deira var knapt til å skilje frå dei ein fann i knoklane av selar. Likevel ser det ut til at sjømaten forsvann heilt frå kosthaldet til folket ved Oronsay i overgangen til jordbrukssamfunnet.
Langs dei europeiske kystane ser det ut til at sjøen vart verande lite viktig som matkjelde i 4000 eller 5000 år. Strevet med jorda og husdyra ser ut til å ha teke all tid. Ved Middelhavet veit vi at sjømat fekk sin renessanse i antikken: Romarane visste å setje pris på fisk og skaldyr. Men i det meste av Nord- og Sentral-Europa vart ikkje saltvassfisk ein viktig del av kosthaldet att før på 1000-talet. Langs norskekysten har derimot folk henta mykje mat frå sjøen heile vegen, sjølv om landbruk og husdyrhald gjorde fisk og fangst mindre viktig enn før også i Noreg. I bronsealderen braut det meste av folket opp frå dei gamle fangstplassane ved straumane, og flytta lenger inn i landet. Men det tyder ikkje at dei forlét kysten og slutta å fiske.
Dei fleste stader i Noreg sluttar dyrkamarka nett ved den marine grensa etter istida. Nesten all god matjord i Noreg er gammal sjøbotn. I den grad det finst god matjord i Noreg, da. Eg ser på snitta som arkeologane har grave i jorda her på Bildøy. På nær 10.000 år har det berre lagt seg opp kring ein halvmeter med mold her. Å forkaste sjøen som matkjelde og satse alt på jordbruket i eit slikt land ville vere dårskap.
Vegen framover
Før eg forlèt Bildøy, går eg ned for å sjå på sundet som så lenge gav folket her eit livsgrunnlag. Bildøystraumen er ein skugge av det han var da steinalderbusetnaden her var på sitt livligaste. Landhevinga har fått sundet til å skrumpe inn til ein smal kanal, og fyllinga under brua på riksveg 555 stengjer nesten heilt for vatnet som er att. Det er den jamne straumen av bilar som pregar staden no. Kapasiteten til vegen er sprengd, og når utgravinga er over, startar bygginga av den nye firefeltsvegen til ni milliardar kroner. Så rike vi er. Eit stort helikopter passerer over meg, truleg på veg frå Flesland til ein av oljeplattformene i Nordsjøen. Ein kvit plastpose rek med straumen og inn under vegen.
Vi er vande med å kalle steinalderen primitiv. Han var det, etter alle våre målestokkar. Men her ved Bildøysundet klarte folk å livberge seg i 6000 år. Kor lenge kan verda bere vekta av alt raffinementet vårt? Hundre år til? To hundre år? Kven skal grave oss ut?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ei finslipt øks av grønstein frå Hespriholmen. Pilspissar av ryolitt frå Siggjo. Å Vestland, Vestland.
Denne vesle flekken må ha vore ein attraktiv stad å leve gjennom det meste av menneskehistoria i Noreg.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.