Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

4402
20250117
4402
20250117

Sonen til ei ung mor frå Nasaret skreiv éin gong i sand. 2000 år før skreiv ein egyptisk skrivelærar til sonen sin: «Inkje er større enn skrifta. Den er som ein båt på havet.»

Jesu første skuledag er omtalt i det apokryfe Tomas’ barndomsevangelium, truleg skrive seint på 100-talet. Eitt av svært få bilete av skuleeleven Jesus er måla i kvelvingen på ei kyrkje i Danmark. Då han levde, skreiv ein mest på flak eller rullar av papyrus i Midtausten – brend leire var fortid, ark av pergament mest framtid.

Forteljingane om Jesus frå Nasaret er mange, men berre éin stad blir det sagt at han skriv. «Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren», står det i Johannes 8-6 – og han bøygde seg ned ein gong til. Ingen veit kva han skreiv, men vi veit kva han sa, og kva det fekk å seie.

Lære eller satire

Han som fortalde sonen sin om verdien av skrift, var den egyptiske byråkraten Dua-Khety. Utsegna er funnen i Khetys lære, ei lærebok for skrivarar, forma som ein samtale mellom faren og sonen Pepi på veg sørover Nilen til skriveskulen eit godt stykke unna handelssenteret Memphis. Gjennom 30 små avsnitt får Pepi høyre om kva som er godt og dårleg med 15–20 yrke. Øvst ragar skrivaren, både økonomisk og sosialt.

Eller gjer han no det? Khetys lære kan forståast som ein av fleire forløparar til Ordtaka i Det gamle testamentet. Læra er ein av mange tekstar i den visdomslitteraturen som her nord kom til uttrykk i Håvamål fleire tusen år seinare.

Alvor eller satire? Det har forskarar grubla på, og for tida peikar pila mot satiren. Khetys lære blir difor no helst kalla Satire om alskens handel. Litt rart, for i litteraturhistoria går den menippeiske satiren for å vere den første, og den er minst 1400 år yngre. Verket viser at skrift var blitt så viktig at den var noko ein beundra – og kanskje heldt på avstand.

Originalteksten er borte, men verket finst i om lag hundre fragment på papyrus og keramikkbrot. Som med mange andre kulturhistoriske grunntekstar blei også mange av desse avskriftene henta til sentrum for kolonimaktene. Dei to viktigaste avskriftene kom til British Museum i London saman med mange andre papyrusdokument i 1839. Der oppdaga den engelske egyptologen Charles Goodwin læreskriftet i 1858. Avskriftene er komplette, men skadde. Fragmenta ligg mellom anna i Louvre i Paris og Museo Egizio i Torino.

Mest truleg blei læra skriven ein gong mellom 2025 og 1700 f.Kr. Då hadde egyptarar skrive med hieroglyfar sidan om lag 3300. Den skrifta brukte dei helst på monument og minneverk, og Khetys lære er i hieratisk skrift. Dette var eit skriftsystem for kvardagen og høvde godt for blekk på papyrus. Skrift var blitt tradisjon, og Dua-Khety var ein av mange som ville skrive tradisjonen vidare. Meir enn det: Skrift var blitt så viktig at der var skriveskular som kunne spreie skrivekunna til fleire. Dei skulane var det første formelle utdanningssystemet i verda.

Tradert i skrift

Ein kortversjon av Khetys lære – eller eit tilsvarande verk frå visdomslitteraturen – står i Siraks bok, ei av dei apokryfe skriftene i Det gamle testamentet. Han som skreiv denne religiøse lovprisinga av skrift, var Jesus ben Sira, altså Jesus, son til Sirak, ein skriftlærd i Jerusalem.

I denne versjonen kjem så vel bonden og smeden som pottemakaren og andre handverkarar til kort, same kor dyktige dei er. Utan dei blir ingen by grunnlagd, heiter det, men dei blir ikkje bedne om å sitje i rådet, ingen kallar dei fram i folkeforsamlinga, på dommarsetet sit dei ikkje, rettsordninga forstår dei seg ikkje på, og dei er ikkje å finne mellom dei som styrer. Arenaer som har vore viktige nok før, blir altså endå viktigare når skrift kjem til.

Siraks son skreiv på hebraisk, og han gjorde det truleg kring 180 år før Maria møy blei mor. Dua-Khetys meir allmenne hylling av skrift nær 2000 år tidlegare var no omfunksjonert til ei lovprising av Gud, som om Dua-Khetys visdom var blitt gudsens sanning. Dessutan var der mange andre visdomsskrifter om kor viktig det var å kunne noko og å meistre skrifta.

Makta gjekk gjennom skrift og gjennom Skrifta. I mange samfunn var profan og sakral makt eitt.

Kunne eg berre få deg til å elske skrift meir enn du elskar mor di, skreiv far til son ute på Nilen ein dag for 4000 år sidan.

Ottar Grepstad

Neste gong: Materielle rammer for skrift

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis