JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Mot integrering og for meir innvandring – eller motsett

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Politioffiser i departementet Dôme.

Politioffiser i departementet Dôme.

Foto: Håvard Rem

Politioffiser i departementet Dôme.

Politioffiser i departementet Dôme.

Foto: Håvard Rem

15110
20170505

FRANKRIKE, DEL 3:

Aldri har valet vore vanskelegare, får Håvard Rem støtt høyra når han dreg gjennom Frankrike i vekene fram mot avgjerda i presidentvalet 7. mai.

For andre gong står venstresida utan kandidat når Frankrike skal velja president. I 2002 var oppslutninga svekt etter 11. september-terroren. No er ho svekt etter Paris-terroren og folkevandringa i 2015.

Som i Nederland i mars vert det i Frankrike sundag eit val mellom sentrum og høgre – om me skal følgja den gamle venstre-høgre-aksen. Men det kan me snart ikkje. Macron og Le Pen er to ytterpunkt på ein nyare politisk akse. Global-nasjonal-aksen skil ikkje berre dei to kandidatane, men òg venstresida. Medan nasjonal-venstre reknar Macron som høgrevridd, meinar global-venstre at han er sosialdemokrat. Medan nasjonal-venstre finn von i framgangen til Mélenchon, meiner global-venstre at Mélenchon har for mykje til felles med Le Pen. Båe kan ha rett. Dei er usamde av di dei nyttar ulike høgre-venstre-aksar. Nasjonal-venstre vektlegg økonomisk utjamning, statleg kontroll og sjølvråderett. Global-venstre vektlegg migrasjon og EU. I framtida vil ei samla venstresida neppe henta stønad frå båe veljargrupper.

Den sosialistiske kollapsen i Mellom- og Sør-Europa botnar ikkje i det økonomiske programmet. Den migrasjonspolitikken som har tvinga venstresida over på defensiven, vert no endå meir kompleks, av di båe politiske motstandarar og veljarane ikkje lenger ser på integrering og innvandring som eitt og same spørsmål.

REDJIMI NACER

Ti mil sør for Lyon, i Drôme, eit av dei hundre departementa i Frankrike, skal eg møta fem personar som førebur seg til valet sundag. Eg byrjar utanfor Valence, hovudstaden i Drôme, i ein muslimsk forstad som eg vart rådd til å vitja i dagsljos, men eg kjem i mørkret for å få med meg soloppgangen, og heilt godt går det ikkje. Lokalt politi tauar vekk bilen. Parkeringsplassen syner seg å høyra til den travle morgonmarknaden eg vil sjå. Der vert eg kjend med grillkongen – «Le King de La Rotisserie» – Redjimi Nacer (56).

Som tjueåring kring 1980 braut han opp frå Algerie og foreldregarden. Av di han hadde jobba i det lokale politiet, kunne han fransk. I 33 år har han vore på plass på tysdagsmarknaden. I det nye heimlandet har sjubarnsfaren bygd opp ei vellukka matverksemd med mange tilsette.

– Eg seier ikkje kva eg røystar. Det er hemmeleg.

Når han spanderer kaffi på meg i marknadskafeen, kjem det fram at han og kona ikkje kan røysta. Dei får ikkje statsborgarskap av di den algeriskfødde grillgründeren har hatt visse vanskar med fransk byråkrati. Skattesakar. Han har hyra ein advokat. Vona er å verta franskmann før han døyr.

– Men snart er det val i Algerie. Der røystar eg. Borna òg. Dei har doble statsborgarskap. Då dreg me dit, alle saman. Men borna trivst ikkje i Algerie. Dei snakkar dårleg arabisk. Etter ei veke vil dei heim att.

– Kva er heim for deg?

– Eg har gitt Frankrike alt. Sju integrerte born. Nær førti år som arbeidar. Eg byrja å jobba straks eg kom. Fyrst som lastebilsjåfør, så med kyllingar. Kvar morgon er eg oppe klokka fire for å stå til teneste på marknadene her i Drôme. Berre måndagar har eg fri. Eg vil kvila i fransk jord.

– Har borna dine fått dei same mogelegheitene som andre?

– Alle sju er godt integrerte. Dei som ikkje studerer, er i arbeid. Ei av døtrene mine snakkar fem språk, fortel han stolt.

– Har du møtt mykje rasisme i Frankrike?

– Eg? Aldri. Men skattane er for høge her. Ikkje for det, økonomien har vorte god. Eg har eigen jakthund. Eg er jeger. Og pilegrim. Dei siste åra har eg reist på hadj til Mekka.

Politimannen som tok hand om bilen, vert litt forlegen når han treffer meg att i samtale med Nacer. Dei kjenner kvarandre godt frå marknaden. Det er uråd å få tak i ein taxi, men Nacer sørgjer for at ein av dei tilsette køyrer meg til inntauingstomta.

POLITIMANNEN PIERRE

Eg skal møte meir politi den dagen. Ein stad i Drôme møter eg ein tilsett i det franske nasjonalpolitiet. Me kan kalla han Pierre (45). Han jobbar i felten, med utrykkingar og arrestasjonar. Av di han ikkje er talsperson i fagforeininga, kan han ikkje uttala seg offentleg, men det han seier anonymt, er mykje det same som franske politifolk nyss sa då hundrevis av dei demonstrerte i protest mot arbeidstilhøva etter at kollegaen Xavier Jugelé vart drepen av ein IS-tilhengjar på Champs Elysee i Paris for to veker sidan. Pierre har vore i politiet i 23 år. Dei fyrste åra jobba han i Marseille og Lyon. Etter at han stifta familie, har han tenestegjort i Drôme. Han fortel:

– Løna er langt lågare enn risikoen. I helgene er me fire konstablar i to bilar med ansvar for 150.000 menneske. Når me skal handtera ti personar som lagar bråk i ein forstad, vert dei snøgt femti. Mange av dei er væpna. Då trekkjer me oss ut. Eg har tre born. Eg vil ikkje råda nokon av dei til å gå inn i politiet. Sjølv har eg ikkje noko val. Det er ikkje som i Sverige, der du kan seia opp jobben og få betre løn i eit privat vaktselskap.

– Er det skilnad på storbyane og dei rurale områda du jobbar i no?

– Skilnaden vert mindre. Forstadane er overalt. Eg trur vel at så mange som 90 prosent av dei me arresterar, har utanlandsk opphav. Men du kan ikkje senda dei ut av landet, for mange av dei er fødde her. Du kan senda dei i fengsel, men franske fengsel er overfylde, her i Drôme òg, og uansett går straffa i liten grad utover lønsemda. Dei yngste vert rekrutterte til overvaking og varsling, og dei tener betre enn meg.

– Kva trur du er situasjonen om nye 23 år?

– Eg trur det vert verre og verre. Eg har inga von om betring. Kjem det til konfrontasjon, får me som bakkemannskap alle mot oss, folk i forstadane sjølvsagt, men òg overordna og media.

– Kva kjenneteiknar dei vanskelegaste gruppene?

– Folk frå dei tidlegare koloniane i Søraust-Asia merkar me lite til. Me slit ein del med austeuropearane. Dei største problema lagar dei som har bakgrunn frå Maghreb (i Nord-Afrika). Dei er mange. På ferie i Tunis møtte eg tunisiarar som skamma seg over korleis landsmenn oppførte seg i Frankrike. Her vert reaksjonen ofte rasistisk.

– Kva parti har den beste løysinga?

– Ingen av dei. På høgresida lovar dei meir politi samstundes som at dei vil ha færre statleg tilsette. Det går ikkje. På venstresida oppmuntrar dei til kriminalitet med eit altfor lågt straffenivå.

– Røystar du Front National? spør eg. Dagen etter skal eg møta partileiinga i Drôme.

– Nei.

CHATHAM HOUSE

Kvifor vert integrering og innvandring meir og meir to avskilde spørsmål? I den mannsalderen migrasjonsspørsmål har stått høgt på den politiske dagsordenen, har me gjerne drøfta dei under eitt. I byrjinga var det naturleg, av di den fyrste generasjonen av dei som innvandra òg var dei som skulle verta integrerte eller ikkje. Når samanblandinga av innvandrings- og integreringsspørsmål heldt fram, skuldast det etter kvart ein uvilje mot å skilja dei to spørsmåla. Uviljen fann ein hjå båe dei innvandringsskeptiske og dei innvandringsliberale.

Dei innvandringsskeptiske skilde ikkje mellom innvandring og integrering, av di dei var mot begge delar. Dei såg for seg at ny innvandring skulle stogga, og at dei som alt hadde innvandra, ikkje skulle verta integrerte, men reisa heim att. Dei tenkte ikkje at mange av «gjestearbeidarane», som ein kalla dei på 1980-talet, etterkvert korkje var «gjestar» eller «arbeidarar».

Hjå dei innvandringsliberale var det òg ein uvilje mot å skilja mellom innvandring og integrering. Anten var ein for eller mot «innvandrarar». Det handla om haldning. Sinnelaget, så å seia. Var ein mot, var ein framandfiendsleg. Var ein for, var ein for heile pakka – ikkje berre integreringa og den tidlegare innvandringa, men òg den framtidige innvandringa.

Ein vart sjeldan spurd: «Er du for eller mot integrering?» For det var jo alle, med unnatak for dei særs få som var for deportering. Det me no ser, er at medan integreringsmotstanden har vore svekt på høgresida, er han veksande på venstresida. Korleis? Sjølvsagt ikkje av di dei godtek deportering, men parallellsamfunn.

Ein vart heller ikkje spurd: «Er du for eller mot meir innvandring?» Var ein for, var ein òg for meir.

Fyrst i seinare tid har ein byrja å stilla dei to spørsmåla kvar for seg. Då ser ein at når spørsmåla vert differensierte, vert òg svara det. Om ein trur at dei fleste svarar eins – ja eller nei – på båe spørsmåla, tar ein feil. Fleire svarar no ja på det eine og nei på det andre.

Spørsmålet «Er du for eller mot innvandrarar?» var vorte så unyansert at det høyrer meir til i 1987 enn i 2017.

Ikkje eingong spørsmålet «Er du for meir innvandring?» var nyansert nok då den hundre år gamle London-baserte tenketanken Royal Institute of International Affairs, kjend som Chatham House, i vinter gjorde ei migrasjonsundersøking i ti europeiske land. Av di det i liten grad er vietnamesisk innvandring europearane er usamde om, bad tenketanken folk om å ta stilling til følgjande påstand: «All vidare innvandring frå i hovudsak muslimske land lyt stogga.»

I dei fleste gruppene – etter kjønn, alder, utdanning og nasjonalitet – svara eit fleirtal ja. Totalt sa 20 prosent seg heilt usamde, medan nær 55 prosent sa seg heilt samde. Tala er eit sjokk for somme, ei stadfesting for andre: Meir enn helvta av europearane ynskjer full stogg i muslimsk innvandring.

Men er dei difor mot integrering?

Tvert imot. Med unnatak for dei få som tek til orde for deportering, har innvandringsmotstandarane vorte dei mest ihuga integreringstilhengjarane.

Og motsett. Dei same europeiske partia, til dømes nederlandske Denke og somme Dei grøne-variantar, som er mest liberale til innvandring, er òg minst positive til integrering – som dei samanliknar med snikassimilering; i staden for integrering ynskjer dei seg akseptering.

Når ein må skilja mellom spørsmåla om integrering og innvandring, syner det seg eit nytt mønster. Di meir ein er motstandar av integrering, di meir er ein tilhengjar av meir innvandring. Di meir ein er tilhengjar av integrering, di meir er ein motstandar av meir innvandring.

FRONT NATIONAL

Rachel Reygnier (39) og Olivier Amos (40), leiinga i Front National (FN) i Drôme, ser litt resignerte ut. Partikontoret i Valance er vandalisert. Med eit høgtrykksapparat, gjennom eit lite hòl som er slått i tryggleiksvindauget, er golv og tak, veggar og møblar tilgrisa med svartmåling. På FN-kontoret i Nantes på vestkysten vart det, i tillegg til molotovcocktail, nytta rosa måling.

– Hærverket er meldt til politiet. Me trur det er Mélenchon-aktivistar nordfrå, seier Amos, ein tidlegare France Télécom-leiar, no bedriftseigar, som representerer partiet i regionsforsamlinga Auvergne Rhône-Alpes, ein av dei tretten franske regionane, med ein folkesetnad på omlag åtte millionar.

Reygnier førebur seg på å flytta til Paris seinare i år. Ho står øvst på parlamentslista til FN i Drôme.

– Korleis skil de mellom innvandring og integrering? spør eg henne.

– Problemet er ikkje innvandringa, men integreringa. Me godtek kontrollert innvandring om innvandrarane vert integrerte. Me har hatt ei bylgje av til dømes polakkar og portugisarar som tok franske namn og vart franske, med born som utdanna seg til gode jobbar. Men sidan 1970-talet har det kome ei annleis bylgje frå Nord-Afrika. Mange vil ikkje verta franske. Dei mislikar Frankrike og fransk kultur.

– Skuldast det at dei kjem frå kulturar som vart koloniserte av Frankrike?

– Me har ikkje slike problem med dei som kjem frå dei tidlegare koloniane våre i Søraust-Asia, svarer Reygnier.

Amos legg til:

– Me øydela ikkje Algerie. Før Frankrike kom, var det eit klansamfunn. Me bygde Algerie, med skulevesen og helsestell, hamner og jarnbane. For to hundre år sidan gjekk me inn for å stogga piratverksemda og den kvite slavehandelen. Halvanna million franskmenn og spanjolar vart tekne som slavar på eit tidspunkt då me hadde slutta med slavehandel.

– Er de redde for den demografiske utviklinga i Frankrike?

– Ingen har oversikt. Folk lit ikkje på media. Styresmaktene tel ikkje med andre- og tredjegenerasjonsinnvandrarar. Det me veit, er at Al Jazeera har fem millionar tingarar her i landet. Dei færraste er flyktningar. Av dei som kjem, er berre femten prosent frå Syria, seier Reygnier.

– Vil de heller ha kristne enn muslimske syrarar? spør eg. Om nokre timar skal eg på middag hjå ein kristen syrar i Drôme.

– Om ein skal tenkja logisk, vert svaret ja, seier Amos.

– I Skandinavia er gjerne menn og eldre dei mest innvandringsskeptiske. Kvifor har Le Pen så stor oppslutnad mellom kvinner og unge?

Rachel Reygnier svarer. Ho er forretningsadvokat og åleinemor til ein gut som no er sytten år.

– Eg ville at han skulle møta røynda, så han gjekk i offentleg skule, ikkje privat. Men han vart utsett for vald og rasisme av medelevar. Då engasjerte eg meg politisk. Som mor set du borna fyrst. Eg tenkte: Dette er Frankrike, ikkje Algerie.

Ho legg til:

– Det tyder mykje at kandidaten er kvinne. Eg kjenner mange kvinner som aldri røysta på Jean-Marie Le Pen, men som no røystar på dottera.

RASHA CHARRIÈRE

Chatham House-spørsmålet vart nok som det vart av di fleire no syner seg å ha ei meir positiv innstilling til ålmenn innvandring enn til muslimsk innvandring. Dette er ei haldning det fall naturleg å drøfta med Rasha Charriére, ei syrisk trebarnsmor frå Homs, med kristent opphav og no med fransk statsborgarskap, busett i Valence.

– Nei, det er ikkje akseptabelt. Du vel ikkje religion. Du vert fødd inn i det. Men når det er sagt, er eg nok ikkje så representativ for dei kristne syrarane. Eg er meir humanistisk enn religiøs. Mange av dei kristne har erfaringar med muslimar i heimlandet som gjer at dei ottast islam i Europa.

Racha Charrière er utdanna i arabisk språk og historie ved Sorbonne. Etter å ha produsert ungdomsprogram for Al Jazeera, fekk ho jobbtilbod frå France24, men trebarnsmora valde å følgja med ektemannen til Valence, då han, som er gymnaslektor, fekk stilling her etter tøffe undervisingsår i ein forstad til Paris. No har ho vorte ei drivkraft i fleire friviljuge organisasjonar i Valence. Ho fortel:

– Mange får eit meir positivt høve til meg som syrar og innvandrar når dei høyrer at eg er kristen. Nyss vart eg vald til leiar i ein lokal organisasjon som omfattar 300 familiar. Då var det inga ulempe at eg er kristen.

Som så mange andre vil ikkje Racha Charrière seia kva ho røystar, anna enn at ho ikkje røystar Front National. Som ung og ressurssterk kvinne med ikkje-franske røter, er ho ein typisk Macron-veljar. Ho representerer endå ei veljargruppe som aldri har hatt ei historie med venstresida. Som kristen syrar i Frankrike, fødd på 1980-talet, orienterer Racha Charrière seg attmed global-nasjonal-aksen.

HÅVARD REM

Håvard Rem er forfattar, poet
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Skal me tru Royal Institute of International Affairs, ynskjer meir enn helvta av europearane stogg i muslimsk innvandring.

Som så mange andre vil ikkje Racha Charrière seia kva ho røystar, anna enn at ho ikkje røystar Front National.

Medan
nasjonal-venstre reknar Macron som høgrevridd, meinar global-venstre at han er sosialdemokrat.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Lysberg (t.v.) og Harald Stolt Nielsen har arbeidd som krimjournalistar i Aftenposten i fleire år.

Foto: Astrid Waller

BokMeldingar

Ei vill mafiahistorie frå Noreg

Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg har skrive ei veldokumentert norsk-marokkansk mafiahistorie.

EinarHaakaas

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis