Gladiatorane vil heim
Spelarane lid, men publikum heime i stova er godt nøgde med underhaldinga frå kandidatturneringa i Jekaterinburg.
Jan Nepomnjasjtsjij hostar i og helsar med olbogen på rivalen Kirill Aleksejenko.
Foto: FIDE
Kandidatturneringa, Jekaterinburg,
17. mars–3. april 2020
14 rundar, alle mot alle med kvit og svart. Vinnaren møter Magnus Carlsen til VM-kamp i Dubai i desember 2020.
Stillinga etter seks rundar:
1. Nepomnjasjtsjij Russland 4.5
2. Vachier-Lagrave Frankrike 3.5
3. Caruana USA 3
4. Grisjtsjuk Russland 3
5. Giri Nederland 3
6. Wang Hao Kina 3
7. Aleksejenko Russland 2
8. Ding Liren Kina 2

Eg er langt frå viss på om den niande runden (av 14) vert spela, når avisa kjem ut denne fredagen, men eg elskar spelet til Jan «Nepo» Nepomnjasjtsjij når han som svart tvingar Anish Giri til å gje opp i denne stillinga:
Giri–Nepomnjasjtsjij 1. runde, 0–1. Kvit kan slå dronninga med tårnet, men svart slår attende med bonden, som vert ny dronning (om kvit freistar stogga bonden med kongen, set svart kongen på feltet c2).
Det har vore mange slike glimt av sjakklukke den siste veka. Millionar av menneske sit i desse dagar heime i stova og spelar sjakk mot kvarandre på internett med høgrehanda over musa (auken på nettplattformene er markant, om lag 50 prosent). Med det venstre auget fylgjer ein samstundes kandidatturneringa i eit separat vindauge på dataskjermen. Slik er «multitasking» for ein moderne sjakkspelar: ein spelar sjølv og ser andre spela.
Kandidatane
Kven skal utfordra Magnus Carlsen i VM-kampen i klassisk sjakk i Dubai mot slutten av året? I moderne sjakk, etter den andre verdskrigen, har kandidatturneringa vore høgdepunktet i turneringskalenderen. Slik er det i år òg. Men det nye er at denne vesle sjakkturneringa ikkje konkurrerer om merksemd med andre sports- eller kulturarrangement. Kalenderen er heilt tom. I koronatider er det endeleg sjakken som triumferer, tenkjer verdssjakkforbundet FIDE. Om berre spelarane kunne halda kjeft …
Lat oss byrja med ein som faktisk held munn: Det franske reknemonsteret Maxime Vachier-Lagrave («MVL» i sjakkmiljøet), ein tidlegare matematikkstudent, var eigenleg ikkje kvalifisert som ein av dei åtte utvalde. Men etter andre kriterium, som til dømes rating og fartstid i verdseliten, er han ein opplagd «kandidat». Då aserbajdsjanaren Tejmur Radzjabov trekte seg før turneringa i koronaprotest, kunne ikkje reserven frå Paris koma seg fort nok til Russland. Franskmannen ligg på 2. plass etter seks rundar og syter ikkje.
Favorittane slit
Så er det kinesarane. Ding Liren, ein av dei to førehandsfavorittane, lid meir enn nokon i Jekaterinburg. Han måtte gjennom ein trøyttesam karantene i Moskva før turneringa, og spelar langt under den vanlege standarden sin. Mannen som aldri taper, har alt notert tre tap på ei veke. Den einaste trøysta so langt er at han slo rivalen Caruana i eit spanande parti. Landsmannen hans, Wang Hao, spelar betre og er meir frittalande: «Eg vil ikkje til Russland, men det kinesiske forbundet tvingar meg», sa han før turneringa.
Den største favoritten er VM-utfordraren frå 2018, amerikanaren Fabiano Caruana. Han syner fram den eine gode opningsideen etter den andre, men spelar uvanleg upresist i midtspelet (til dømes i tapet mot Ding Liren) og har berre 3 av 6 poeng. «Korleis kjem eg meg heim til USA?» spør Caruana. «Går det framleis fly heim?» undrast sjakknerden, som er kjend for aldri å tenkja på anna enn sjakkvariantar.
Russiske bohemar
Men det mest oppsiktsvekkjande er reaksjonane og spelet frå russarane på heimebane. Ein kjem ikkje vekk frå det faktum at sjakk er ein individuell sport, og at dei beste spelarane per definisjon må vera individualistar. Arrangørane og sjakkpampane med eit sugerøyr inn i Kreml kan difor ikkje stogga den innrøykte bohemen Aleksandr Grisjtsjuk, som etter femte runde tok bladet frå munnen: «Det vert ein fiendtleg atmosfære når folk går rundt med masker. Det er vanskeleg å spela. Det er ein grunn til at andre sportsarrangement er stansa. Eg vil vekk herifrå.»
Grisjtsjuk kjempar tappert på brettet, men er den einaste som korkje har tapt eller vunne på dei fyrste seks partia. Då er det annleis med ein annan bohem, Jan Nepomnjasjtsjij, som stiller med ein sokalla «man bun» (hårknute for menn skal vera siste mote) over topplokket. Kor som er, hovudet til russaren fungerer perfekt: tre sigrar og tre remisar på seks parti.
«Nepo» er i klar leiing, eitt poeng føre «MVL». Dei to spelarane med dei vanskelege namna er jamgamle med Carlsen (1990-årgangen). Russaren er kan henda den mest spanande utfordraren Carlsen kan få. Han er den einaste i verdseliten med positiv score mot verdsmeisteren. Dei har kjent kvarandre sidan barndomen, og «Nepo» er heilt utan kompleks andsynes kameraten frå Noreg. Men den karismatiske russaren er ujamn og humørsjuk – og kan gå på ein kollaps mot slutten av ei turnering. Han klagar no over vondt i halsen, hostar strategisk på pressekonferansane og vil heim til Moskva.
Om arrangørane ikkje kan halda fram med sjakkpartia i Jekaterinburg, vil spelarane møtast seinare i ei betre tid i ei betre verd, men dei tek med seg poenga frå Jekaterinburg. Dette vil vera ein stor føremon for Nepomnjasjtsjij, som aldri har realisert det store talentet sitt fullt ut. «Nepo» var guten som sytte for at vesle Magnus aldri vart Europa- eller verdsmeister i dei yngste aldersklassane. Er han no endeleg vaksen og klar for større oppgåver?
Atle Grønn
Like før avisa gjekk i trykken, vart turneringa avlyst.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nepomnjasjtsjij hostar strategisk på pressekonferansane og vil heim til Moskva.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.