Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Werner Herzog
Tysk regissør, skodespelar og forfattar fødd i 1942
Fortel om livet sitt i memoarboka Jeder für sich und Gott gegen alle (Every Man for Himself and God Against All i engelsk
omsetting)
Var i 2009 på Times’ liste over verdas 100 mest innflytelsesrike personar

Alt før eg begynte å lese den engelske versjonen av Werner Herzogs memoarar, Every Man for Himself and God Against All, tenkte eg at få menneske kan ha levd eit meir verdsomspennande, dramatisk og interessant liv enn Herzog. Da eg var ferdig, tenkte eg at ingen har gjort det.
I memoarane møter vi Herzog i det eine augeblikket som rodeocowboy og smuglar av stereoanlegg (og nokre få Colt-pistolar) frå USA til Mexico. Vi finn han djupt i Amazonas, langt inne i Sahara eller i bolivianske saltørkenar, på isbrear i Patagonia, nær toppen av verdas nest høgste fjell, K2, eller i ferd med å krysse Alpane, aleine til fots og nesten utan utstyr, for å gjere eit frieri.
Kanskje er han på Ross-øya i Antarktis, djupt inne i holer dekorerte med 32.000 år gamle måleri, på ein hanemarknad i Xinjiang, framfor brennande oljebrønnar i Irak, blant grizzlybjørnar i Alaska eller i vernedrakt på toppen av ein aktiv vulkan, mens giftige gassar og lava sprutar mot himmelen og heile toppen av vulkanen når som helst kan bli blåst bort. Eller i Vatikanbiblioteket på jakt etter kunnskap om korleis ein skal dra store båtar over fjell med handmakt.
Vi finn han i selskap med partikkelfysikarar, astronautar, verdsleiande fjellklatrarar, stammer av fiendtlege urfolk som knapt har hatt kontakt med omverda, i møte med to sexgalne engelske tvillingar som snakkar hundre prosent simultant, eller på settet til The Simpsons, der han legg voice-over med den verdsberømte stemma og aksenten sin, som han perfeksjonerte under arbeidet med bokstaveleg talt å hypnotisere heile staben av skodespelarar under eit av filmprosjekta sine (Heart of Glass).
Herzog fortel kva som skjedde da han skada seg under krevjande stunt (som han gjorde sjølv fordi dei ikkje hadde stuntmann på settet og alle andre meinte det var altfor farleg), om korleis det er å spele skurk mot Tom Cruise, eller korleis han hamna i Star Wars-serien The Mandalorian (utan å ha sett nokon av Star Wars-filmane). Vi finn han i samtale med folk som Dalai Lama, Mikhail Gorbatsjov, Jack Nicholson, Marlon Brando eller dødsdømde fangar som snart skal avrettast.
Slik fortset det, tilsynelatande hulter til bulter, med usannsynlege anekdotar og hendingar gjennom 350 sider. Ein skulle ikkje tru det var mogleg. Herzogs memoarar er altfor urealistiske til å kunne ha fungert som materiale til ein roman eller spelefilm.
«Det er ikkje eit lite mirakel at han enno driv på.»
Herzog blei fødd med etternamnet Stipetić etter mora Elisabeth. Ho var av austerriksk-kroatisk slekt og hadde ein doktorgrad i biologi. Faren Dietrich kom frå ein familie av vellukka akademikarar, men var sjølv ein eksentrisk fantast og nazist som stakk frå familien under krigen, og som heile livet snakka om det komande grenseoverskridande storverket han aldri skreiv ei linje av.
Da nabohuset i München blei bomba hausten 1942, berre nokre veker etter at Werner blei fødd, tok mora han og storebroren Tilbert med til den vesle landsbyen Sachrang i Dei tyske Alpane, heilt inntil grensa til Austerrike. Eit av dei første minna til Herzog var synet av Rosenheim, småbyen nede i dalen, som blei bomba og brann ned. Det fekk Herzog til å skjøne at det fanst ei spøkelsesaktig verd utanfor landsbyen. «Ikkje at eg var redd, eg var nysgjerrig på å lære henne å kjenne.»
Om sommaren sprang gutane berrbeinte rundt i fjella for å passe på buskapen til lokale bønder. Vintrane var iskalde, dei hadde ikkje innlagt vatn, telefon eller noko av det andre som var vanleg i Europa også i det førre hundreåret. Markene blei slått for hand, det blei brukt hest, ikkje traktor. Utan at Herzog var klar over det, levde familien i ekstrem fattigdom, og gutane gjekk konstant svoltne. (Herzog har òg ein halvbror, Lucki, som seinare blei ein sentral hjelpar under dei vanskelegaste filmprosjekta.)
Slik Herzog framstiller det, var dette ein eventyrleg barndom. Barna hadde stor fridom, ikkje minst sidan så mange barn var farlause på grunn av krigen. I landsbyen var det også nokre få legendariske lokale skikkelsar å sjå opp til, som Sturm Sepp og Siegel Hans.
«Universitetsstudium var Herzog ikkje skapt for.»
Barndommen gjorde Herzog til ein outsider med robust fysikk og høg toleevne. Han lærte å mjølke kyr, fange aure med hendene, hoppe på ski og klare seg sjølv. Som kunstnar har han ikkje freista å passe inn nokon plass. Ingen av filmane Herzog har laga, er laga av pragmatiske årsaker, berre fordi temaet har interessert han. Og det har vist seg å vere meir enn nok – i kombinasjon med den usannsynlege sjølvtilliten, staheita og energien som prega Herzog heilt frå starten.
Herzog visste ikkje at det fanst noko som heitte film, før han var elleve år gammal, da ein omreisande kinematograf besøkte skulen i Sachrang. Nokre få år seinare var han overtydd om kva han skulle gjere i livet, og det var å bli filmskapar.
Da Herzog var tolv år, flytta familien tilbake til München. Herzog og brørne snakka ei alpedialekt som var så sterk at folk i storbyen knapt skjønte kva dei sa. Mora leigde eit rom på eit lite pensjonat, og i eit av naboromma budde Klaus Kinski, ein sveltande og stormannsgalen skodespelar som gjekk rundt naken i fellesområda og stadig fekk ekstreme raseriutbrot på grunn av dei minste bagatellar. Kinski endra aldri veremåte, men blei seinare ein av Tysklands fremste skodespelarar, ikkje minst på grunn av hovudrollene Herzog gav han i filmar som Aguirre – Guds vrede (1972), Woyzeck (1979), Nosferatu the Vampyre (1979) og Fitzcarraldo (1982).
Universitetsstudium var Herzog ikkje skapt for. Han las seg opp på handverket ved hjelp av nokre leksikonartiklar og held enno fast ved at han lærte alt ein treng av teori for å lage film. Som 15-åring sende han inn eit manus han ville realisere, til ein filmprodusent i München. Det gjekk brev fram og tilbake, men da han stilte opp på kontoret til filmselskapet, blei skuleguten møtt av rungande latter.
Herzog begynte å henge i lokala til forløparen for filmskulen i München. Han blei ikkje akseptert som student og stal i staden eit av kameraa til skulen. Når så mange «klart talentlause individ» fekk tilgang til utstyr, utøvde han berre sin «naturlege rett» til å «ekspropriere» eit kamera. Så var det berre å sette i gang å lage film.
21 år gammal hadde han sitt eige produksjonsselskap. 60 år seinare har han laga rundt 70 dokumentar- og spelefilmar, og han blir av mange rekna som ein av verdas leiande. Han er i tillegg produsent, operaregissør (av 24 oppsettingar ved verdas leiande operahus), skodespelar og forfattar av eit dusin bøker – fleire av dei er verkeleg gode.
Sjølv om Herzog reknar seg som poet, synest forfattarverksemda meir å ha vore ein hobby mellom dei andre store oppgåvene. I 2020 publiserte han sin første roman. Han handlar om den verkelege japanske soldaten Hiroo Onoda, som blei isolert på ei filippinsk øy og ikkje overgav seg i 1945, men i 1974.
Herzog har heile tida hatt ei sterk dragning mot det ekstreme og uvanlege, enten det handlar om personar eller naturfenomen. Blant Herzogs mange interesser er utdøydde språk, verdsrommet, urfolkskulturar, førhistorisk teknologi og kunst, fotball, skihopping, hypnose, kvasiperiodiske krystallar og klassisk musikk. Han har aldri stoppa og tenkt: «Kva skal eg til med no?» Det eine prosjektet har avløyst det andre i eit forrykande tempo. Trass i dette handlar det lengste kapittelet i boka om ufullførte prosjekt.
Som kunstnar leitar han etter den «ekstatiske sanninga» om livet og tilværet. Denne sanninga er ifølge Herzog sannare – meir essensiell, poetisk, lada og uforklarleg – enn det ein kan få vist gjennom fakta og realisme.
For å avdekke dei djupare laga av sanning har han heile vegen tatt seg store kreative fridommar, også i dokumentarfilmar. Til dømes har han fått protagonistane til å seie ting han har dikta opp sjølv, noko han aldri har lagt skjul på. I Lessons of Darkness dikta han opp eit Pascal-sitat som han brukte som prolog til filmen.
Om røynda ikkje har levd opp til dei kunstnariske forventningane hans, har han instruert røynda, eller «galskapen som ligg i naturen», i tråd med sine eigne visjonar. Dette minner om metoden til Herzogs gode venner Ryszard Kapuściński og Bruce Chatwin (som på dødsleiet gav lêrryggsekken sin til Herzog, som ikkje har han som relikvie, men brukar når han er på tur).
Herzogs uvanleg rike liv er så fullt av dramatikk at ein undrar seg over at det gjekk bra. Han var sjølv overtydd om at han aldri kom til å bli 18 år, og deretter sette han grensa ved 25. Det heldt på å gå gale alt da mora fann han i krybba, dekt av knust glas og murpuss, da nabohuset blei bomba. Eller da han som lite barn blei bore gjennom ein snøstorm frå Sachrang til næraste sjukehus med høg feber, blått andlet og store pustevanskar.
Eller da han som gut datt ned frå eit låvetak og landa mellom skurtreskarar og anna utstyr med knivar og blad stikkande opp, men berre fekk to beinbrot. Eller da han som 17-åring fann ut at han skulle dra til Kongo, men blei dødssjuk og utmagra i Sudan og tilfeldigvis redda av nokre Siemens-ingeniørar som fann han, oppsvulma og full av rottebit.
Eller da han åtte år seinare fekk malaria og sniglefeber (bilharzia) i Den sentralafrikanske republikken. Eller da han fleire år seinare var på ein filmfestival ved Mont Blanc og lånte eit par ski for å prøve løypa der profesjonelle utforkøyrarar freista å sette fartsrekord. (Han ramla i stor fart, laga lange blodspor ned den stupbratte løypa og heldt på å bli kvelt av sitt eige oppkast.)
Dei fleste av Herzogs nær-døden-opplevingar har utan tvil skjedd under filminnspelingar. Som da han spelte skurk – slik han nesten alltid gjer – i Bride of the Orient og mista kontrollen over ein jeep, som krasja inn i ei jernbru og blei hengande og vippe på kanten med ei frodande elv langt der nede.
Fitzcarraldo har fått status som kanskje den mest marerittliknande filmproduksjonen nokon gong. Herzog og teamet overlevde to flystyrtar og tallause ulykker på flåtar og i båtar i stryk nedover elvane. Pluss svolt, giftige edderkoppar og slangebit, motorsagulykker, sjukdom, flaum, øydelagt utstyr, heilt tom pengekasse og åtak frå fiendtlege, seminomadiske urfolk med giftpilar. Fleire sentrale skodespelarar (inkludert Mick Jagger) kunne ikkje fortsette, slik at Herzog måtte spele inn mesteparten på nytt – no med den ravande galne Klaus Kinski i hovudrolla. Kinski gjekk til åtak på andre på settet med skytevåpen, og Herzog måtte sjølv true med å drepe Kinski for å hindre at han drog sin veg kort tid før dei var ferdige med å filme. Dei innfødde tilbaud seg å gjere det gratis.
Om Herzog nær har mista livet i regnskogar, har det same skjedd fleire gonger i Alpane og på K2 i Nord-Pakistan. Han har trakka gjennom bresprekkar, blitt snøblind og høgdesjuk, nesten blitt tatt av snøras og blitt fanga på ein pakistansk fjelltopp i 55 timar utan telt, sovepose eller mat. Herzog og to andre blei flogne opp av eit helikopter og skulle berre vere der kort, men ein storm råka fjellet på rekordtid, slik at dei ikkje kunne hentast.
Så var det den gongen Herzog og Denis Reichle skulle møte geriljagruppa Sendero Luminoso (Lysande sti) i Peru saman med åtte journalistar. Dei fekk ei dårleg kjensle. Alle som gjekk på dette møtet, blei halshogde. Eller den gongen Herzog og Reichle jobba med ein film om barnesoldatar på grensa mellom Honduras og Nicaragua og kom under stadig bombardement.
Eg trur du har skjønt teikninga no. Herzog har hatt ein sjeldan appetitt på livet og verda, og det er ikkje eit lite mirakel at han enno driv på. Han bur og arbeider i Los Angeles, har gjort seg upopulær i det politisk korrekte Tyskland og hatar psykoanalysen og klagekulturen som har breidd om seg.
Så spør du kanskje om alt det som står i memoarane, er sant. Vel, eg trur det, for sjølv om Herzog ikkje er upåverka av romantiske kunstnarmytar, og søker poetisk sanning i filmane sine, verkar det faktisk ikkje som han har behov for å overdrive eller villeie i memoarane. Det er så mykje å ta av at det ikkje er nødvendig. Denne gongen er sanninga tilstrekkeleg. Og som regel var det fleire til stades, og mange av historiene er godt dokumenterte frå før.
Herzog greier òg, tru det eller ei, å framstille seg sjølv som ein realistisk og jordnær type.
Mor hans tvilte alltid på at han kunne lage film. Ho meinte han var for sky og introvert. Sjølv reknar han seg ikkje som kunstnar.
Morten A. Strøksnes
Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.
Tilrådingar
Alle Herzog-filmar er verde å sjå, men ikkje alle er like lett tilgjengelege, og ein plass må ein begynne.
Ein kjem ikkje forbi Fitzcarraldo (1982), som bygger på den verkelege historia om gummibaronen Carlos Fitzcarrald, som fekk ein 30 tonn tung elvedampar halt over ein bratt ås i Amazonas med handmakt for å kunne bygge eit svært operahus inne i villmarka.
Grizzly Man (2005) er ein rørande og ironisk dokumentarfilm om den naive dyreelskaren Timothy Treadwells liv blant grizzlybjørnar i Alaska, heilt til ein av dei tar livet av han.
Cave of Forgotten Dreams (2010) er ein poetisk og filosofisk 3D-film frå Chauvet-holene i Frankrike, som har rike samlingar av mange titusen år gamle holemåleri.
Blant mine personlege favorittar er Gåten Kaspar Hauser (1974), Hjerte av glass (1976), Little Dieter Needs to Fly (1997) og Into the Inferno (2016).
På YouTube finn ein flust med interessante intervju og klipp om Herzog, filmane hans og samarbeidspartnarar, som den forstyrra Klaus Kinski.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.
Skjermdump
Klede
På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede.