Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Gjennom Ingemar Nordstrands rike

Ein entusiast frå Hyllestad sytte for at postvegen vart restaurert i 1970- og 1980-åra. I dag har det grodd mose på entusiasmen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Posten vart rodd langs Dalsfjorden frå Tross i Dale til gjestgjevarstaden Sveen i Bygstad, som vi ser i bakgrunnen.

Alle foto: Gaute Losnegård

12085
20200612

Langs Den trondhjemske postvegen

Gaute Losnegård er historikar og forfattar med sterk utferdstrong og ei bestemor i Postverket. Han reiser langs den gamle postruta frå Bergen til Trondheim, 695 kilometer til fots og med sykkel, robåt og bil, og tek utflukter i Postens mangslungne historie. Del 2 av 5

Namnet er Postvågen. Hit kom posten i land etter den ti kilometer lange roturen over Fensfjorden. Landingsbryggja ligg inst i vågen og er fint restaurert. Vegen vidare er idyllisk, med benker strategisk plassert for turgåarar. Strekninga vidare til Eide er den kortaste på heile postvegen mellom to roskyssar, berre fire kilometer.

Postvågen er eitt av hundrevis av norske stadnamn knytte til posten: Postbekken, Postmyra, Posthagen, Postvollen, Postvika, Postdalen, Postholmen, Postbrekko, Post­­manns­­­vegen, Post­mester­vatn, Post­husbakken og så vidare. Heile det norske landskapet fekk sitt tydelege poststempel – ingen andre europeiske land hadde i 1920 fleire poststader per innbyggjar, og berre Danmark hadde fleire postkassar. Talet på faste postkontor, postopneri og brevhus kom i gullalderen i slutten av 1950-åra opp i nesten fem tusen, mens talet på landpostbodruter passerte to og eit halvt tusen. Utbygginga av posttilbodet var ein viktig del av velferdspolitikken i etterkrigstida. Posten var eit sosialt gode som flest mogleg skulle ha best mogleg tilgang til.

Velstand og rikdom var ikkje det utanlandske reisande oftast kunne sjå langs postvegen tidleg på 1800-talet. Engelskmannen John Barrow, som reiste nordover frå Bergen med følgje i 1833, meinte at skysskiftet på Eide var det fattigsligaste han hadde sett på heile reisa. Far i huset såg så sjukleg og hungrande ut at Barrow fann det passande å sitere frå Shakespeares Romeo og Julie: «Med tunge augnebryn gjekk han, skrinn og bleik, hard hunger hadde gnage han til beinet» (Halldis Moren Vesaas si omsetjing). Medan engelskmennene såg på, sat huslyden og åt grauten sin utan å seie eit ord. Etterpå sette alle i gang med ein veldig hikke, fordi dei hadde ete så fort.

Stykket vidare til Nordgulen er ein av dei lengste roturane på vegen, og det kan vere vêrhardt nok sjølv om farvatnet er innelukka. Franskmannen Jacques-Louis de la Tocnaye fekk problem på veg sørover i 1799: «Rorskarane var flinke til å bruke årene og kreftene mot vinden, men etter tre timars slit hadde vi likevel berre tilbakelagt ei kvart mil. Vindstyrken auka stadig. Då vi runda ein odde, fekk vi ein styrtsjø over oss. Båten tok inn vatn, snurra rundt som ein snurrebass og truga med å søkke. Karane fekk seg ein støkk og heldt på å miste årane, og eg vart nøydd til å gå føre med eit godt eksempel og vise meg mykje modigare enn eg var. Ved å setje alle krefter til kom vi oss inn i ei lita vik, der eg spanderte ein styrketår ­– eit remedium som brukar å ha ein reint magisk verknad her i landet.»

Dagen før hadde Tocnaye passert Sognefjorden, som er den mest utsette av fjordstrekningane langs postvegen. Vêret var roleg, men då følgjet kom til lands i Rutledal, ville roarane ha meir betalt enn dei skulle. Då tok Tocnaye fram pistolen sin og utfordra dei med torestemme til å våge seg eit skritt nærare: «Denne heltemodige haldninga fekk dei til å innsjå at eg ikkje var nokon alminneleg tosk, og etter ei stund forsvann dei etter å ha bukka og bede om unnskyldning.»

På nordsida av Sognefjorden kom posten i land i Leirvik, som hadde postopneri. Bygda var eit knutepunkt i postsystemet – herifrå gjekk det roande sidepost på Sognefjorden. På Frønningen, elleve mil lenger inn i fjorden, korresponderte sideposten med postruta Bergen–Kristiania, og dermed kunne ein unngå å frakte posten langs den vanskelege ruta på Nærøyfjorden, der det ofte var meinis.

Postopnarane i denne tida var ikkje kven som helst, dei utgjorde eliten i lokalsamfunna. Sideposten innover langs Sognefjorden stoppa blant anna ved Flesje i Balestrand, der Christian Meidell budde. Han var offiser og sjef for det Søndfjordske Korps, ordførar, stortingsmann og altså postopnar. Meidell stod hardt på at posten skulle fram, sjølv om vêret var dårleg. Det vert fortalt at han stod i fjøra og venta, om posten ikkje kom dit i rett tid, og at han i slike stunder kunne gje roaren eit slag med stokken. Småkårsfolket som rodde posten, levde utsett, og for nokre gjekk det gale. Bottolv Bratland kom frå ein husmannsplass og rodde posten frå Frønningen til Flesje og vidare utover til Måren. I 1828 drukna han på ei postferd i dårleg vêr. Dei fann att båten og liket ved Syrstrond.

Roande postruter var i denne tida på veg ut, men dampskipsdrift var lenge såpass ulønsamt at berre staten kunne halde det gåande. Dei første norske dampskipa, «Constitutionen» og «Prinds Carl», vart bygde for Postverket si rekning i 1827 og sette inn i rutene Kristiania–Kristiansand og Stavern–Göteborg–København. Året etter kjøpte eit selskap i Bergen det første private dampskipet, men det vart ingen suksess. Skipet, som heitte «Oscar», gjekk mellom Bergen og Kristiansand, men ruta lønte seg ikkje. Reiarlaget gjekk konkurs og laut selje «Oscar» til utlandet etter eit par års drift.

På grunn av dei høge kostnadane med moderne framdriftsmetodar fekk det gamle systemet med gåande og roande postskyss leve vidare nokre tiår til. Det var elles ikkje berre post som vart frakta langs postvegen i embets medfør. Hausten 1819 gjekk ein fangetransport frå Trondheim til Bergen med storforbrytaren Jens Amundsen Fenstad. Han var opphavleg dømd til døden for tjuveri og falskmynteri, men kongen hadde redusert straffa til livsvarig fengsel på Bergenhus festning. Fenstad var berykta for sine mange rømmingar, og på vegen sørover kom han seg unna på nytt. I Leirvik fekk han lov til å gå på toalettet om natta, og han stakk då av, trass i at han hadde jern rundt både halsen og livet. Først etter fleire månader dukka han opp i Valdres, der han vart arrestert på nytt. Fenstad fekk i alt fire dødsdommar og blei til slutt halshogd i 1825.

Straff venta ikkje berre farlege kriminelle, men også dei som nekta å gjere sin del av pliktarbeidet på postvegen. Bøndene laut ofte reise fleire mil for å komme fram til dei parsellane dei hadde ansvaret for å vedlikehalde. Slike naturalytingar må ha verka meiningslause for mange – det var ofte vegstrekningar dei aldri brukte sjølve, og som dei dermed hadde lite bruk for. Kjeldene fortel difor om stadige konfliktar mellom allmugen og øvrigheita i slike saker. Styresmaktene utferda ofte bøter for manglande vegvedlikehald, noko som opprørte bøndene.

Trass i dette gjorde dei ofte forbløffande fint arbeid. Ei mengd vakre bruer prydar postvegen enno i dag, og ei av dei finaste finn vi på strekninga frå Leirvik vidare mot Dale i Sunnfjord: Halvannan kilometer nord for Sognefjorden ligg Foss bru, ferdigbygd i 1806. Ho er 103 meter lang, har 19 steinkar og 18 sluser og er utstyrt med kraftig isvern. I synfaringsdokumentet heiter det at ho er «stærkt og forsvarlig opført, ja, endog at indeholde Evig varighed». Spådommen skulle vise seg å verte oppfylt nokså bra – brua heldt stand som riksvegbru heilt fram til 1963.

Få år seinare vart Foss bru sett i stand av vegvesenet, som eit av dei første restaureringsprosjekta på riksvegen. Det er ikkje tilfeldig at restaureringa tok til nettopp her – vi er i Hyllestad, heimtraktene til postvegentusiasten Ingemar Nordstrand, som var lærar av den gamle skulen, altså også venstremann og ordførar, forutan forfattar og journalist. Nordstrand var såkalla «vegbergar» i 1970- og 80-åra, ei tid då mangt gammalt vart oppdaga på nytt. Han var engasjert i gamle vegar langt unna sin eigen dørstokk, mellom anna Kongevegen over Filefjell, men vegen gjennom nærområdet fekk særleg omsut. I 1993 var sjølvaste samferdsleministeren, Kjell Opseth, på plass for å nyopne postvegen gjennom Fjaler og Hyllestad. Restaureringa omfatta også ei rekkje vasskverner og ei vassag og fekk stor åtgaum i det som var friluftslivets år.

No er også istandsetjingsprosjektet vorte historie, og det er få som brukar turvegen utanom dei lokale bøndene. Eg og kona tek ein tur oppover Ekreskardslia, der spor etter store traktormonster er dei einaste teikna på menneskeleg ferdsle. Restaureringsentusiasmen frå nokre tiår tilbake er vanskeleg å få auge på i mosegrodde vegmurar. Berre dei slitne, raude posthornskilta minner om kva ein kunne få til i stordomstida til kulturminneaktivismen.

Vegen går bratt opp og ned, og på mange av bakketoppane utgjer sjølve fjellknausen vegdekket. At folk for to hundre år sidan kom seg fram her med hest og kjerre, verkar usannsynleg. Lenger nord, i Fjaler, er postvegen av betre standard. Terrenget er slakare og vegdekket såpass bra at kona mumlar forsiktig noko om romantisk tur. Vegbreidda er opp imot fire meter somme stader, noko som verkar luksuriøst i forhold til behovet. Ein postbonde med hest ein gong i veka – kunne ikkje han ha klart seg med ein smalare rideveg?

Frå Dale tok posten på nytt sjøvegen eit langt stykke, innover langs Dalsfjorden til Bygstad. Eg testar ut strekninga med gamlefæringen heime i naustet. Han er sprokken og gisen, så det er eit heilt arbeid før han kan sjøsetjast. Roturen inn til den gamle handelsstaden Sveen i Bygstad er derimot ei koseferd på ein vakker vårdag i mai, med roleg sjø og store, vakre fossefall nedover langs fjellsidene.

Ferda kunne nok vere meir strevsam for postkarane, som etter nordgåande rutetabell frå 1838 laut leggje ut frå Dale i tretida om natta, sommar som vinter. Frå Bygstad er det to mil vidare over Langelandshøgda til Førde, der posten skulle vere framme klokka 13.00 neste dag, før han gjekk vidare mot Jølster.

Det evinnelege slitet og strevet, som aldri resulterte i noko stort, var noko mange nordmenn lengta bort frå på 1800-talet. Og det fanst ein veg bort frå denne grå kvardagen – vegen over Atlanteren. Posten har fått sin del av skulda for utvandringsfeberen som auka i styrke frå 1830-åra og utetter, ikkje minst på Vestlandet. Svært mange av emigrantane hadde ein slektning eller kjenning som hadde reist i førevegen, og som sende forlokkande skildringar til dei heime.

Blant dei som las slike brev, var Tollef Tollefsen, fødd på garden Skrede i Jølster i 1891. Tollef hadde fem onklar som hadde reist til Amerika, men han var ikkje blant dei verst stilte i gamlelandet – han kunne sjå fram til ei stilling i Postverket, sidan familien hadde hatt postopneriet på Skei i to generasjonar. Faren hadde endåtil bygd hotell i bygda i 1889, då vegen gjennom Våtedalen opna og ferdafolk og post ikkje lenger trong ta turen over Breimsvatnet. Men Tollef Skrede ville ut og sjå verda, og som 19-åring vinka han farvel med reisemål Tacoma i staten Washington. Ti år seinare vende han tilbake til Skei for å overta hotellet og postopneriet. Som heimvende amerikafararar flest hadde han eit par idear til forbetringar han ville setje i verk. Han skaffa bil og tok til med persontrafikk mellom Innvik og Vadheim, og moderniserte og utvida hotellet. Postopneriet vart med vidare i ein generasjon til.

I dag er Skei Hotell overteke av Thon-kjeda, og det er stillare i bygda. Med verknad frå nyttår har ikkje Skei lenger status som kommunesenter – etter eit durabeleg lokalt slag om ja eller nei til kommunesamanslåing er Jølster lagt inn under storkommunen Sunnfjord. Den lokale Joker-butikken merkar det på omsetninga: «Vi var meir avhengige av folka på kommunehuset enn vi trudde», sa butikksjefen til lokalavisa i slutten av januar.

Ei trøyst for Joker på Skei er det at dei har Post i Butikk. Men det er delte meiningar blant forretningsdrivande i Noreg om det svarar seg å ha dette tilbodet. Ikkje alle vil ha Post i Butikk i butikken sin, sidan det krev mykje tid og arbeid. Ein har heller ingen garanti for å få behalde tenesta. Etter regelverket må Posten lyse henne ut på offentleg anbod etter sju år. Skrede-slekta si teneste for Postverket varte 17 gonger så lenge.

Gaute Losnegård

Gaute Losnegård er historikar og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis