Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

🎧 Med postveska over kvite vidder

Mellom Nordmøre og Trøndelag går postvegen gjennom snørike område. Her laut postbønder og andre farande ofte ta fram skia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Rindal ligg det eine av seks skimuseum i Noreg. Her har posten sitt eige hus.

Alle foto: Gaute Losnegård

12385
20200703

Langs Den trondhjemske postvegen

Gaute Losnegård er historikar og forfattar med sterk utferdstrong og ei bestemor i Postverket.
Han reiser langs den gamle postruta frå Bergen til Trondheim til fots og med sykkel, robåt og bil, og tek utflukter i posten si mangslungne historie. Del 5 av 5

Lytt til artikkelen:

Då John Barrow laut over Stangvikfjorden på veg mellom Bergen og Trondheim i 1833, var han lei fjordkryssingar. Dette var den femtande i rekkja, og han kunne såleis konkludere med at dei hadde montert og demontert hjula på karjolen i alt tretti gonger på turen. Samtidig skrytte Barrow av båtmannskapa som hadde hjelpt han og følgjet hans over alle fjordane og vatna: «Dei er fine menneske, aktive, sterke og robuste. Aldri har eg sett folk som var i så konstant godt humør, heile tida viljuge til å lyde ordre, og nøgde med forholda.» Barrow skriv at dei alltid hadde med seg ei flaske maltwhisky i båten som dei skjenkte skysskarane med, og drammane vart tekne imot med handtrykk og stor takksemd.

Frå Kvanne på austsida av fjorden går postvegen vidare gjennom Surnadalen mot Trøndelag. Dette er Hans Hyldbakks rike. Hyldbakk er truleg mest kjend for dikta sine, som blei ein del av repertoaret til gruppa Vårsøg i 1970-åra. Diktet «Vårsøg» skreiv han mot slutten av andre verdskrigen, og det heiter seg at våren i teksten er ein metafor for frigjeringa.

Hyldbakk vart 103 år gammal og gav ut ti diktsamlingar, men i volum er han størst som lokalhistorikar, med kring 11.000 sider fordelte på bygdebøker for seks kommunar og ei rekkje jubileumsskrift. Postvegen gjennom heimbygda har han skildra utfyllande, slik at vi kan følgje han nærast frå sving til sving: «frå Einmoberget kan vi enno fylgja han ovagjerds gjennom tunet på Sogge og vidare ovagjerds om Sonihaugen over Honnstadporten, gjennom Honnstadtunet og vidare beinast austetter ekrene i Austigard til elvamelen». Og så vidare over tre av sidene.

Vegen gjennom Surnadalen er ei eldgammal ferdsleåre. Her drog islendingen Stein Skafteson etter å ha rømt frå Trondheim, kan vi lese i Soga om Olav den heilage. Stein hadde fare frå byen utan løyve av kongen og overnatta hjå kongens årmann i Orkdal. Då årmannen ikkje ville gje Stein hest og slede til å fare vidare, sa Stein: «Om eg slett ikkje får råde meg sjølv i nokon ting for kongen, så skal eg ikkje tola slikt av trælane hans.» Så drog han sverdet, drap årmannen, sette seg i sleden og bad sveinen sin setje seg på hesten. Dei la i veg og køyrde heile natta, til dei kom fram til Surnadal.

Seinare drog fleire av danskekongane same vegen. Christian 5 reiste her sommaren 1685 med eit stort følgje av embetsmenn og generalar, hoffmenn og hoffdamer med tenarar. Vegen var då ikkje betre enn at dei fine damene og herrane laut ta til takke med hesteryggen. På enkelte strekningar var han så smal at to hestar berre så vidt kunne passere einannan utan fare. 19 år seinare, då sonen og tronfølgjaren Fredrik 4 drog mellom Bergen og Trondheim, hadde det vore visse forbetringar. Følgjet tok seg fram med vogn, men i motbakkane laut bøndene skubbe både hest og konge. Og fasilitetane på Surnadalsøra var skrøpelege, her laut kongen ta inn i eit hus «hvor der neppe var Plads for ham allene».

Ved Kvammen to mil aust for Skei i Surnadal passerer vi fylkesgrensa til Trøndelag. Grensa er ikkje meir enn knapt halvtanna år gammal, og rindølane på austsida er ferske som trønderar. Rindal kommune, som var den einaste i Møre og Romsdal utan kystlinje, meinte dei hadde større interessefellesskap med innlandskommunane i aust, og Monica Mæland gav dei lov til å bytte fylke. Hendinga vart markert på Rindal skimuseum nyttårsaftan 2018.

At bygda har laga til eit staseleg skimuseum, er ikkje tilfeldig. Området er snørikt, og postbønder og andre som var på farten gjennom bygda, laut ofte fram med skia. Gjennom dei lange vintrane var ski framkomstmiddelet mellom gardar, på skulevegen, til hogst, jakt og alle slags føremål. I 1920-åra tok bygdefolket til å drive skiløping som idrett, og den lokale skiklubben Troll bygde seg opp som ein av dei leiande innan norsk langrennssport. I 1954, til dømes, kunne klubben vise til 27 førstepremiar, 26 andrepremiar og 17 tredjepremiar frå skirenn over heile landet. Rindal har fostra fleire skiløparar av internasjonalt format, deriblant Sigurd Røen, som vann to gullmedaljar under ski-VM i Chamonix i 1937. I 1991 blei det avduka ein statue av Røen i sentrum av Rindal.

Skiløpinga gav ikkje berre grunnlag for sportslege prestasjonar, men også lokal industribygging. Rindal har hatt ikkje mindre enn fire skifabrikkar – Trollheimen ski, Rindal ski, Troll-ski og flaggskipet Landsem ski. Sistnemnde låg langt framme innan produktutvikling og byrja rundt 1960 å lage ski av balsatre, som var mykje lettare enn skiene til konkurrentane. Det norske landslaget tok til å bruke Landsem-ski, og Magne Myrmo vann VM-gull på slike i 1974. Diverre gjekk det ikkje så bra for Landsem då glassfiberski erstatta treski. Madshus overtok fabrikken i 1987 og flytta produksjonen til anlegget sitt på Biri.

Postfolk på ski har fått sin plass i litteraturen, skildra av forfattaren Johan Bojer frå Orkdal, nabobygda til Rindal. I storverket Den siste viking fortel han om 14-åringen Oluf Myran som susa av garde med skreppa over ryggen og hua nedover øyra. Han hadde vore hjå landhandlaren, der det også var postkontor. Og no kom han med ein bråte med brev som måtte delast ut rundt i grenda fortare enn svint. Det var lofotbrev, og den første han er innom, er Anne Marta Ekra:

«Er det deg, Oluf. Du er da vel alder ute med Lofotbrev!»

«Jau, eg er nok det.»

«Men det er vel itj no åt meg?»

«Nei, men elles så er det mest åt heile grenda.»

«Pengebrev og?»

«Å ja, det er non med lakk på, som eg måtte skrive navnet mitt for å få.»

I motsetning til stakkars Anne Marta hadde Oluf med lofotbrev til neste huset han stogga ved. Ho Berit Hylla sette seg under lampa, og då ho las, fekk ho tårer i augo: «Det lå en tier inne i konvolutten, men det var de som sannelig var glad til om de fikk bare det halve. Var det ikke sant som hun sa støtt, at han Elezeus var makelaus?»

Museet i Rindal tek i vare ikkje berre skitradisjonar, men også posthistorie. Mellom anna finst her eit skriv som følgde med postskiltet i bygda i 1884, og som gjev ein peikepinn om etatens retningslinjer for å synleggjere kontora sine. I skrivet heiter det at skiltet skal «anbringes paa Postaabneriets ydre Væg paa den Side af Huset, der vender mod den almindelige Færdselsvei. Vender tillige Indgangsdøren ud mod denne Kant, befestes det over denne. Hvis Postaabneriet enten er beliggende saaledes, at det aldeles ikke kan sees fra Veien, eller i saa betydelig Afstand derfra, at Skiltet ikke tydelig vil kunne skjelnes, anbringes det, om dertil er Anledning, ved Indkjørselen fra Veien eller paa et andet iøinefaldende Sted i Postaabneriets Nærhed».

Ved Storås i Orkdal kan vi følgje skiltinga anten til venstre mot Orkanger eller til høgre mot Meldal. Begge delar er rett når det gjeld postvegen, for her har ruta vorte endra fleire gonger. Gjennom åra har vegen gått skiftevis på vest- og austsida av Orkla, og kryssinga av elva har skjedd ulike stader, både med ferje og bru. Den første brua over elva kom ved Meldal i 1813 etter ein langvarig strid om kor ho skulle byggjast. Fremst i striden stod prosten Jakob von der Lippe Parelius d.e. og sorenskrivar Anders Rambeck, som stadig var i tottane på kvarandre. Sistnemnde ville ha brua ved Messøra, men prosten meinte at brukara ville føre til innsnevring av elveløpet og dermed fare for flaumskade på prestegarden. Parelius skreiv endåtil brev til kongen og klaga, men det hjelpte ikkje. Brua vart bygd der sorenskrivaren ville ha henne, men vårkåte Orkla herja med alt som kom i hennar veg. Etter få år laut ein til med omfattande reparasjonar, og i 1840 gjorde elva kort prosess med brua. På ny vart post og ferdafolk avhengige av ferje over Orkla i mange år.

Seks mil lenger nord kryssar postvegen ei anna stor elv, Gaula. Ved Sundet nær elvemunningen var det ferjestad, men ferjemannen hadde usle vilkår. Han laut stå til teneste heile døgnet, og betalinga var dårleg. Bygdefolket betalte ferjetoll i naturalia, som han sjølv måtte syte for å hente kringom på gardane, blant anna heilt frå Meldal. Denne inntekta var ikkje alltid like enkel å få inn, og det hende at ferjemannen laut nøye seg med dårlege varer. I 1741 klaga han til stiftamtmannen på forholda. Trafikken var såpass stor at han heldt seg med fleire båtar. Tre–fire mann var i arbeid, og dei laut ut og skysse folk over både natt og dag så lenge det ikkje låg is på elva. Ferjemannen klaga over at ferjetollen var for liten. Han ønskte å erstatte tollen med fast betaling frå alle reisande. Stiftamtmannen imøtekom ferjemannen og fastsette takstar for skyssen. Det kosta to skilling å ferje ei ku over, like mykje som for ein mann og hest.

Etter passering av Gaula nærmar vi oss målet for reisa, Trondheim. Postvegen frå ferjestaden går direkte over Byåsen og ned att til byen. Denne strekninga var slett ikkje trygg i eldre tid, om vi skal tru Peder Ludvig Munthe Bull, fut i Strinda og Selbu tidleg på 1800-talet. Han fortalde at folk vart angripne, slegne og røva her. Han rådde difor dei reisande til å væpne seg med gevær, pistolar og andre dødelege «instrument». Mord kunne også skje, og posten var utsett.

Soga fortel ikkje noko om faktiske postrøveri på Byåsen, men verdiposten var attraktiv for kriminelle i eldre tid, og straffene svært strenge. Mellom 1814 og 1837 blei fire personar halshogde for postran i Noreg. Utviklinga førte til at styresmaktene frå 1837 utstyrte postførarane med sabel og pistol. Nokre fekk utlevert ein spesiell reiskap, den såkalla postmannsdolken, som var eit kombinert skyte- og stikkvåpen produsert ved Kongsberg våpenfabrikk. Væpninga førte til færre ran.

Eit stykke ut i etterkrigstida fekk vi så ei flodbølgje av postran her i landet. Nokon eksakt statistikk finst ikkje, men eit søk på ordet «postran» i norske aviser syner ei dramatisk utvikling frå 39 treff i 50-åra til 652 i 60-åra og 2298 i 70-åra.

Ein av dei som fekk gjennomgå ei slik uhyggeleg oppleving, var Peder Krogstad, postopnar på Moholtan i utkanten av Trondheim. Den 22. oktober 1968 blei han stukken ned av to maskerte menn som forsvann med 11.500 kroner. Knivstikket trefte Krogstad berre nokre centimeter frå hjartet, men han overlevde. Ranet vekte stor uro i postetaten, men nokon hadde løysinga: skotsikkert panserglas framfor postskranken. Slikt glas blei demonstrert i Trondheim litt seinare same året, og tre skot fyrte av med ulike pistolar sette berre merke i det, utan at kulene trengde gjennom. Postverket fekk ei ferdigmontert ekspedisjonsboks av glaset i gåve, med ønske om at han måtte bli sett opp i postopneriet på Moholtan.

Det skulle bli nettbankar og plastkort, ikkje skotsikkert glas, som gjorde slutt på postrana. Etter ranet av brevsenteret i Oslo i 2003, der ranarane tok gislar og skaut mot politiet, har Posten i Noreg hatt svært få grove ran. Det har også å gjere med at det er så få postkontor att.

Ved vegs ende i Trondheim går eg og kona forbi ein staseleg, eldre bygning i grå granitt i Dronningens gate. Bygget er frå 1911 og husa i mange år hovudpostkontoret i Trondheim. Det fekk så seint som i 2003 ei ansiktsløfting med ny, toppmoderne Posthandel, der det fanst datamaskiner med internett til gratis bruk, frimerkeautomat, kjøpsstasjon og eiga avdeling for Postbanken, der kundane kunne snakke med rådgjevarar i fred og ro. Men etter berre ti år måtte Posten ta innover seg utviklinga, og bygget vart overteke av eit eigedomsfirma.

Sett frå hi sida av gata er ein raud postkasse utanfor det einaste synlege teiknet etter Posten. Men då eg går nærare, ser eg at bygget har fleire merke i steinen rundt inngangspartiet. I hovudhøgd på kvar side er det rissa inn ei brevdue ramma inn av eit posthorn, eit postsegl og kongekrona. Og midt over inngangsportalen tronar den norske riksløva med eit posthorn under. Postens historie står seg vel, ho er uthogd i solid, norsk granitt.

Gaute Losnegård

Gaute Losnegård er historikar og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det skulle bli nettbankar og plastkort, ikkje skotsikkert glas, som gjorde slutt på postrana.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis