🎧 Sol og stål
Undset lar seg blende av Japan.
Tyskland, derimot, er fullt av mørkredde skogstroll.
Tilbake til framtida
Då Tyskland invaderte Noreg 9. april 1940, var Sigrid Undset i Oslo. Nobelprisvinnaren kom seg heim til Lillehammer, men ti dagar seinare stod tyske styrkar rett sør for byen. Den kjende antinazisten Undset måtte flykte nordover. Med bil, båt, tog og fly og på slede reiste ho mest jorda rundt: Oslo–Lillehammer–Gudbrandsdalen–Åndalsnes–Mo i Rana–Sverige–Russland–Japan–San Francisco–New York.
Om fluktreisa skreiv Undset boka Tilbake til fremtiden, først utgitt i USA i 1942 (Return to the Future).
I denne serien tar forfattaren Morten A. Strøksnes for seg reisa og boka, som han meiner er ein gløymd klassikar. Essayet bygger på eit foredrag ved Undset-senteret på Bjerkebæk i fjor haust.
Del 5 av 7

Lytt til artikkelen:
«Til slutt grydde den dagen da vi skulle si farvel til Sovjetparadiset», skriv Undset ironisk. I «regnhullet» Vladivostok er det berre éin ting som imponerer Undset, og det er ei rekkje av gummitre som er dei mest praktfulle ho har sett. Ho og sonen Hans går om bord i det japanske dampskipet «Harbin Maru», og frå no av er det lite som ikkje imponerer henne. Alt er blankt og fint, sengene er reine og perfekt reidde, baderomma er flislagde, og tilgangen på kokande varmt vatn er grenselaus. I matsalen er det fersk frukt på bordet og dukane er like kvite som uniformene til byssegutane.
«Harbin Maru» legg først til kai i Rashin (Rajin) i dagens Nord-Korea. Frå båten ser Undset kor ordentleg, og ulikt Sovjet-Russland, alt er. Store nye kaianlegg av kvit stein og sement, digre varehus så skinande fine. I Europa hadde Undset aldri sett ei hamn som var så pussa og rein som denne. Yndige damer går rundt med papirparasoll og i sommarkimono av godt stoff, alltid vald ut med den mest raffinerte sans for fargesamansetnad. Dei har nydelege smil og bøyer seg djupt når dei helser på kvarandre. Mannfolka er nesten like elegante.
Japanarane hadde okkupert Korea sidan 1910 og gjort koreanarane til trælar i eige land. Dei fór fram på hardare vis enn tyskarane gjorde i det okkuperte Noreg. Koreansk språk og tradisjonell kultur blei forbodne. Folk blei tvinga til å ta japanske namn og måtte tilbe den «guddommelege» japanske keisaren. Unge kvinner blei røva og haldne som sexslavar, menn blei sette til tvangsarbeid i japanske fabrikkar. Det japanske herrefolket var så omsynslause at det enno i dag er opne sår mellom Japan og Korea. At Nord-Korea er ein stat i dag, har med den japanske okkupasjonen å gjere.
Undset, som hadde så god nase for autoritære regime, som hata kommunisme og fascisme, mistar luktesansen i Japan. Problemet er ikkje at ho manglar kunnskap. Ho har høyrt uhyggelege historier om kva Japan dreiv med i Korea – sist av ein svensk ingeniør i reisefølgjet på båten. Ho veit at Japan er eit aggressivt, krigførande land. Men ho unnskyldar det langt på veg og vil gjerne tru at det ikkje er det japanske folket si skuld. Det er «kanskje en klikk bare som bærer ansvaret for erobringspolitikken og krigen i Kina, for Japansk imperialisme og kyniske krav på herredømme over folkeslagene i Øst-Asia».
At ho skriv slikt i Tilbake til fremtiden, som kjem ut i USA etter angrepet på Pearl Harbor, når Japan er Nazi-Tysklands nære allierte i kampen om verdsherredømme, er litt merkeleg. Omtrent då ho skreiv ferdig boka blei «Harbin Maru» torpedert av den amerikanske ubåten USS «Stingray» i Indokina (10. januar 1942).
Om ein ser bort frå denne politiske dimensjonen, er mange av skildringane hennar av Japan svært livfulle, og ho har mange intelligente observasjonar. Undset veit mykje meir om Japan enn om Sovjetunionen. Ho har studert japanske mellomalderromanar og kan mykje om japansk historie, religion, arkitektur, kunst og handverk. Det er kjærleik ved første blikk når Undset får sjå Japan frå båtdekket.
Synet når dei nærmar seg land, får ho til å reflektere over framstillinga av natur i japanske fargetrykk. Ho har alltid innbilt seg at bileta må vere sterkt stiliserte. No skjønar ho at det stiliserte ligg mykje nærare røynda enn ho hadde førestilt seg, og at kunstnarane har skapt ein essens av japansk natur som er meir sannferdig enn nokon såkalla «realistisk» kunstnar kunne gjort. Det er godt sett. Så går ho i gang med å skildre korleis typiske scener i japanske tresnitt faktisk stemmer med det ho har framfor seg.
I hamnebyen Tsuruga er sjøreisa over, og Sigrid og Hans skal ta toget til Kobe. «Den lange gaten i Tsuruga som vi kjørte igjennem, virket på oss som et overflødighetshorn. Åpne boder med matvarer, frukt og grønnsaker flommende utover i fortausutstillinger som strålte av farver, brogede vimpler bemalt med japanske bokstaver, nydelige små trehus tekket med gråglasserte taksten, blomstrende oleanderbusker mot bakgrunn av mørke nåletrær i havene, blomstrende slyngplanter og dvergtrær i baljer ved husdørene. Og menneskene som klaprer bortover gaten på sine tretøfler hadde tid til å stanse, hilse på hverandre, snakke sammen, kvinnene stod i ro og mak foran utsalgsbodene, håndfor varene, kunne velge og vrake. – Så ikke Tsuruga ut som et billede på fredens velsignelser – Trass krig i Kina og alt det.»
Togreisa til Kobe er eventyrleg, og slik held det fram overalt der Undset kjem i Japan. I Kobe får ho og Hans dei første nyhenda frå Europa. Det ser mørkt ut. Frankrike har falle. Sovjetunionen har slukt dei baltiske landa. Kor lenge kan England stå imot? lurer Undset. Trass i alt dette, skriv ho, er ho stundimellom så glad at ho sjølv ikkje skjøner korleis ho kan vere det.
Ein kan skjøne at Undset hadde behov for å senke seg ned i noko som er vakkert, kultivert og åndfullt, for å flykte unna alt det barbariske som no pregar verda, og som har tatt frå henne sonen Anders, heimen og livet hennar. Midt i alt elendet er Japan ein stor og uventa bonus.
Undset tenker at den japanske innstillinga til tilværet er så fundamentalt religiøs at europearar knapt kan fatte det. Folk i Europa er blitt hardkokte materialistar, dei trur eigentleg ikkje på ein åndeleg realitet bak fenomena i verda, i høgda er det eit uklart og vagt håp. Slik er det ikkje hos japanarane. I Japan er det åndelege og sanselege fletta inn i kvarandre. Døde og ufødde representantar for slekta, skiftingar i årstidene, trekk i landskap og vegetasjonen – for japanarane er fenomena i verda uttrykk for ein ikkje-materiell realitet, slik Undset ser det. Derfor er også dei japanske templa – og Undset vitjar mange slike – ikkje isolerte, isolerte soner for religiøse opplevingar, slik våre kyrkjer er det. Templa er laga for heilskapelege sanseopplevingar, der ein kan meditere, kvile under tre, bygge seg opp, ta inn venleiken frå plantar og smakfulle parkanlegg. Undset kjenner seg tydeleg heime i denne innstillinga til livet.
Det er i starten vanskeleg for Undset å skjøne at Japan er eit krigførande land, men av og til stikk ho hovudet ut av bobla. Mange utlendingar vert arresterte, står det i avisa, og styresmaktene blir stadig meir brutale, får ho høyre av europearar som har budd lenge i Kobe. Småkriminelle er blitt så redde for politiet at dei heller tar livet av seg enn å bli fanga. Avisene er fulle av propaganda, og det er mangel på ris. Store område er militariserte, spesielt ved kysten, og Undset blir åtvara mot å dra dit. Blir ein mistenkt for spionasje, kan det vere over og ut.
Men så er vi snart i gang igjen, med utlegningar om kor vakkert landet er, om finessane i arkitektur, kunst og handverk. Ikkje minst gjeld det gartnarkunst og blomsterkultusen som «overgår alt i Vesten». Botanikk var for Undset ei djup og livslang interesse. Den «sekulære vernehelgenen» hennar var, som vi har sett, Carl von Linné. Heime i hagen på Bjerkebæk hadde ho stelt med hundrevis av plantar frå fjern og nær. (Men korleis gjekk det med dei no, og kva gjorde nazistane i hennar private verd?) I Japan har hus og hage i tusen år blitt sett som éi eining, der opne verandaer og tynne panelvegger skaper flytande overgangar mellom inne og ute, mellom natur og kultur.
Den japanske omgangen med ting, med små og store reiskapar, klede, møblar og andre bruksgjenstandar, tiltaler òg Undset. Tinga er laga med perfeksjonistisk omtanke for utforming, materialval og praktisk bruk. Estetikken er ein del av heilskapen, kvardagen er full av små seremoniar. I botnen av det meste merkar Undset alvor og åndsnærvær, ein samanheng mellom fortid og nåtid, som taler direkte til henne.
Båten er forseinka, så ho og Hans tar ein tur til den gamle keisarhovudstaden Nara. Skildringane hennar er utsøkte, som her av Horyu-zi, bak tempelportane: «I skyggen under eldgamle sedertrær strakte sig lange, lave tempelbygninger, med treverket gråbrunt av elde og gyldent mønster av lav på de gråblå glasserte tegltak, pagoder og paviljonger løftet sig ut av fjærlett, lyst bambuskratt. De første regndråper av et opptrekkende uvær lokket frem en duft av muld og fremmede blomster og god hjemlig lukt av nåletrær.»
Så køyrer ho og Hans vidare mot Kyoto, «forbi templer som tusmørket allerede begynte å suge inn i skogsdypet, forbi grågrønne enger der en frise av blekbrune dådyr gresset langs muren av svarte kryptomeriar og furutrær, over hvelvede broer med fossende småbekker under. […] Bakefter synes en, dette må være noe en har drømt – og ønsker en kunne få drømme det om igjen».
Og Kyoto er endå meir overveldande. Undsets skildringar er så gode at eg trur mange vil kjenne eit sug etter å reise til Japan. Eller tilbake til Japan. For Undset var ikkje den første vesterlending som lét seg fjetre av Japan, og heller ikkje den siste. Vi som har kjent på det same som Undset i Japan, kan lett få illusjonar om at vi høyrer heime der – noko vi aldri kjem til å gjere.
Korleis kan eit folk som er så gjennomsyra av høgkultur, så forfina og sivilisert til fingerspissane, med så mange ritual som omfamnar alle aspekt av livet, ha funne vegen inn i fascismen? Undset veit ikkje svaret, men kanskje er det bakt inn i spørsmålet. Japanarane såg seg sjølve som heva over andre folk, ikkje trass i, men på grunn av den særeigne kulturen dei hadde utvikla opp gjennom hundreåra, med lange periodar der dei var totalt isolerte frå omverda – med ein «guddommeleg» keisar på toppen. Då nasjonalistiske politikarar og offiserar begynte å snakke om japanarar som ein eigen overlegen rase med særskild lagnad i historia, fall det ikkje på steingrunn.
Undset er uansett ikkje nokon sentimental reiseskildrar, og gradvis flyttar boka seg frå sanselege skildringar til eit strengt intellektuelt og essayistisk plan. Så langt eg veit, er det her nobelprisvinnaren gir til kjenne essensen i verdssynet sitt, tankane sine om sivilisasjonar, kulturar, ideologi, levevilkår, sosialdarwinisme, historie og framtida. Berre av den grunn åleine er det rart at Tilbake til fremtiden er ei så gløymd bok. For Undset gir oss mange djerve og originale sveip.
Undset gir dei styrande i Japan skylda for det som er gale med Japans utanrikspolitikk – og dei er blitt lurte inn i ein «militarisme etter tysk modell». Og tyskarane treng militarismen som ein hummar treng skalet sitt. Den gir dei ein ytre styrke, men i det indre er folket blautt, mjukt og utan spenst, skriv Undset. Det japanske folket får ei passiv rolle i Undsets analyse. Men tru ikkje at ho lar det tyske folket sleppe like lett unna. Ho har aldri likt Tyskland og teiknar eit detaljert bilete av ein veldig sjuk nasjon. I desse partia av boka går ho så langt, og dei spisse karakteristikkane er så kreativt utforma, at det er ei pervers glede å lese 80 år etter at Tyskland tapte krigen og blei slik eit elskverdig land.
Undset ser ein uforanderleg essens i det tyske: «Nazi-Tysklands eiendommeligheter, – i folkekarakter, i livsmål, i livsstil og nasjonale idealer, – er ikke noe nytt. Tvert om: Det er urgamle trekk i det tyske folks psyke som nazismen har dratt fram i fullt dagslys, og hyldet som et herrefolks eiendommeligheter, statiske trekk som gjør at tyskerne har forandret sig forbausende lite i de siste tusen år.»
Denne måten å tenke på er ikkje akkurat på moten i dag, men i 1940 var han meir vanleg. Undset slår med høgre og venstre hand, over og under beltestaden. Det er korte rette støytar, uppercuts, svingslag og klare forsøk på knockout i kvar runde. Tyskarane må til dømes slutte med å gå rundt og innbille seg at vi skandinavar er deira «rasefrendar». Vi er i høgda «fettere i firtiende ledd».
Skogen har ein heilt sentral plass i tysk mytologi. Mange idéhistorikarar har skrive mykje om dette, men ingen har brukt poenget mot tyskarane slik Undset gjorde. Dei germanske stammane budde i mørke, myrlendte skogar, og for dei var skogen full av hemmelege og gåtefulle redsler. Det Undset kalla «skogsskjelven», krysta mot og manndom ut av den einsame mannen.
For å greie seg mot skogen må dei slå seg saman i flokkar: «Hordementaliteten, grusomheten som alltid æser opp i en horde, fordi hver enkelt ener i horden har en halvbevisst følelse av sin tapte manndom som han må hevne, og sin ansvarsløshet som han må nyte – er selvfølgelig ikke noe særtysk fenomen. Men ingen steder i den såkalt civiliserede verden har psykologer og psykopatologer et så veldig og fruktbart felt som her, for studiet av massementalitetens vesen, dets ruinerende og reduserende makt i menneskesamfunnet. Her har rottefangere fra Hameln eller Helvete sin evige jaktmark. Den eldgamle og klippefaste tyskertro på at ’hensynsløshet’, utspekulert grusomhet og terror er patente midler til å oppnå alle de vinninger og goder som en horde av uansvarlige enere kan ønske sig, er kanskje en arv fra de skogskremte gamle germanere, og likedan drømmen om å bryte ut av skogsfengselet og erobre andres hjemsteder, og frukten av andres arbeid, heller enn å prøve å skape sitt eget hjemland om til et frimannsamfunn.»
Tyskland har valt leiarane sine fordi dei var psykopatar, påstår Undset. Det er ikkje vitskap ho driv med her, og nyansert er det ikkje. Men språket har eld og intelligens i seg. Det er òg, på godt og vondt, noko maskulint over denne retorikken. For var det ikkje stort sett menn som hadde gjort karriere innan dette feltet av litteraturen, der spissformuleringar og perfiditetar blir løfta opp på eit virtuost nivå?
Ein må hugse konteksten. Verdskrigen er ikkje komen halvvegs enno, Undset er flyktning og har gode grunnar til å vere bitter på Tyskland. Landet har vore aggressivt og militaristisk heile livet hennar, no med enorme konsekvensar for henne sjølv, Noreg og verda. Dette er ikkje ei tid for godvilje. Det er tid for krigsretorikk.
Undset har i fleire tiår sett ròte i kjernen av den i tyske mentaliteten. Mange gonger før har ho peikt på Martin Luther. No skrur ho det til endå eit hakk: «Luther var psykopat, og det samme var de fleste tyske reformasjons’helter’, for så vidt de ikke var syfilitikere i langt fremskredet stadium av sykdommen. Psykopater, selvmordere, frenetiske jeg-dyrkere, svermere og tuberkulosepasienter med sykelig forhøiet selvopptatthet var flertallet av de store dikterne, men den kanskje fremste av dem var Martin Luther, hvis navn er ensbetydende med romantikkens kunstneriske landevinninger…»
Som kontrast til det tyske presenterer Undset atlanterhavsfolka. Det er vi. Vi er ikkje av skogen, men av havet, som er ein barsk, men ærleg fiende og ein gåvmild ven.
Dette tenker ho liksom på veg over Stillehavet mot Hawaii, om bord på «President Cleveland», med endehamn San Francisco. Det er blitt seint i august 1940. I november året etter legg ein japansk flåte med hangarskip ut langs den same leia over Stillehavet, med kurs for Pearl Harbor.
Morten A. Strøksnes
Morten A. Strøksnes er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.