Turisme langs Postvegen
Fjord-Noregs svar på Bør Børson var postopnaren på Faleide som bygde opp reiselivet i indre Nordfjord.
Postvegen gjennom Faleide i Stryn med snødekte toppar i bakgrunnen. Faleide spela ei sentral rolle i oppbygginga av den norske fjordturismen.
Foto: Gaute Losnegård
Langs Den trondhjemske postvegen del 3
Gaute Losnegård er historikar og forfattar med sterk utferdstrong og ei bestemor i Postverket.
Han reiser langs den gamle postruta frå Bergen til Trondheim til fots og med sykkel, robåt og bil, og tek utflukter i Postens mangslungne historie. Del 3 av 5

«Turen frå Molde til Bergen, som ikkje er på meir enn 40 mil, tok meg 18 lange dagar. Kvar dag blei eg våt til skinnet, kvar dag risikerte eg å knekke nakken på vegen opp på, eller ned frå, eit fjell, eller å drukne i ein av dei fæle fjordane som Satan har grave ut mellom dei. I tillegg måtte eg overnatte på eit hardt bord eller eit kaldt golv i ei røykfull bondestove, utan mat og anna trøyst enn litt rom som eg blanda med varmt vatn og sukker, og som hjelpte meg å klare blodslitet», skreiv franskmannen La Tocnaye i 1799.
Tonen hjå engelskmannen Robert Taylor Pritchett, som utforska Noreg i slutten av 1870-åra, er ein heilt annan. På forsommaren drog han i eit følgje langs postvegen over Utvikfjellet. På toppen, klokka elleve om kvelden, var dei «behageleg slitne», og her kunne dei nyte utsikta mot nord som med sine snødekte toppar osa av ro og fred. Nedstigninga mot Utvik var bratt, og halvvegs nede var dei utslitne i knea, men dette var noko av sjarmen med Noreg, skriv Pritchett. I Utvik overnatta dei på skysstasjonen, som var eit privathus, og «di meir takknemlege var vi for den varme velkomsten vi fekk».
Pritchett høyrde til blant pionerreisande britar som var med på å marknadsføre Noreg som turistland. Naturromantikken, som var utvikla gjennom målarkunst og litteratur tidlegare i hundreåret, fekk følgjer også for reiselivet. Fjord og fjell vart til attraksjonar, ikkje hindringar som djevelen hadde skapt. Landskap og menneske i strok som Hardanger og indre Nordfjord blei til biletet av sjølve det norske, og utanlandske turistar strøymde til i hopetal.
I Utvik morgonen etter fekk Pritchett og følgjet hans sjå eit merkeleg syn. Postbåten, som var på veg inn til bygda, var ikkje utstyrt med segl, men ei stor bjørkegrein. Postmannen sat komfortabelt i bakskuten medan vinden tok tak i bjørkeblada og dreiv båten framover. Dermed slapp roaren, som var ei kvinne, også å anstrenge seg så mykje.
Frå Utvik gjekk posten sjøvegen til Faleide på nordsida av Innvikfjorden. Faleide, som i dag knapt er meir enn ei avkøyrsle langs riksvegen, har ei rik historie som knutepunkt for indre Nordfjord og kommunesenter i den vidstrekte Innvik kommune.
Kring midten av 1800-talet var det framleis ikkje rare stellet på Faleide, sjølv om her fanst skysstasjon.
Isabell Frances Blundell fortel etter ei reise i 1860: «Postmeisteren på Faleide var gamal og avfeldig og hadde ikkje skaffa hestar, som førebodet vårt hadde tinga. Og endå verre, det var ingen stasjon for reisande, berre eit slags betre hus der vi kunne finne ly mot regnet, som no kom i stride straumar, sjølv om det berre vart kortvarig.
Eigaren av denne staden, som hadde eit bra rom, var ein velhavande bonde, etter det vi kunne få ut av den elskverdige kona som viste oss inn. Han hadde ikkje noko imot at staden vart nytta av reisande, sjølv om det var ei sjeldan hending at nokon stoppa opp i Faleide. Vi kunne gjerne få sitje ned der, men verre var det med natteplass, for det var berre dette eine rommet. Bestekleda hang overalt, likeins reserveteppe for familien, medan sko og luer hang ned frå bjelkane, og åtte eller ni store kister stod langsmed veggene, alle muntert måla i raudt, blått og kvitt, med familienamnet på framsida.»
Den driftige Olai Johan Tenden fekk ordna opp i sakene på Faleide og skapte vekst og utvikling i bygda. Tenden var fødd i Bergen av utvandra stryningar, men han drog tilbake til røtene og tok til som tenestekar på den ærverdige gjestegjevar- og handelsstaden Tonning. Han arbeidde seg oppover, og i 1869 kjøpte han krambua på Faleide. Her fekk han oppretta postopneri og dampskipsekspedisjon. I denne tida tok turisttrafikken i Nordfjord til å auke, og Tenden bygde hotell.
Det gjekk framleis ikkje veg til dei andre bygdene langs fjorden, så Faleide hadde eit føretrinn. Tenden allierte seg med andre bygdemenn og kjøpte ein liten dampbåt som tok turistane med på turar til stader som Loen og Olden. Her følgde gaida turar opp til brearmane, medan dei lokale bøndene stod misunneleg og såg på den nye inntektskjelda. Tenden og kompani starta også det såkalla Faleide trillekompani som tok turistar med karjol eller kjerre frå Faleide langs postvegen til Hornindal og Hellesylt.
Tenden var gift med ei sersjantsdotter, Vilhelmine Sofie Todsen, og dei gav borna sine lange jålenamn som Petter Lund Brandt og Vilhelmine Reinholdtine. Saman med dokterfamilien, som hadde eigen huslærar for borna, utgjorde dei overklassen i bygda.
Ved hundreårsskiftet tok det til å skje ting som utfordra Faleides senterstatus. Det vart bygt nye vegar som gjekk utanom Faleide, og dei andre bygdene i indre Nordfjord fekk sine eigne hotell. Konkurransen om turistane blei skarpare, og Tenden ville følgje med i utviklinga. Han flytta difor til Stryn og bygde opp eit nytt hotell der. Etterfølgjaren som overtok på Faleide, laut snart leggje ned hotellet, som blei kommunehus og bankkontor i staden. Men i 1965 var det slutt for Innvik kommune, som då blei slukt av Stryn under regimet til Schei-komiteen.
Postvegen går gjennom Markane, eit lite stykke aust for riksvegen mellom Stryn og Hornindalsvatnet. Eg startar ved garden Maurhaugen, der eg kjem i prat med den lokale bonden. Han har god tid og finn ut at han vil følgje meg eit stykke på vegen, dermed får eg ein gaida tur. Per Myrhaug kjenner postvegen som si eiga bukselomme og er eit levande leksikon når det gjeld lokale stadnamn.
Vi passerer straks Halvkannebakken, der køyrekarane laut ha i seg ei halvkanne brennevin før dei drog vidare. Denne dagen er her fleire turgåarar, men det er heller sjeldan at nokon tek heile Postvegen i eitt jafs. Myrhaug fortel at han opp gjennom åra har treft fem–seks personar som har gått heile vegen mellom Bergen og Trondheim. Éin kar kom endåtil heilt frå Stavanger.
I Markane er fureskogen sjeldan flott til å vere på Vestlandet. Trea er så ranke at dei eignar seg til master, og det var ikkje utan grunn at staten kjøpte opp skogen her i 1870-åra. 110 år seinare blei grunnen seld tilbake til dei lokale bøndene. Myrhaug fortel at han slutta med mjølkekyr i 2017, no driv han berre skogsdrift. Men han driv utan nymotens skogsmaskiner, einast med traktor, motorsag og vinsj.
Det gamle grenseskiljet mellom kommunane Innvik og Stryn følgde vassdraget gjennom Markane. Dette medførte at far til Myrhaug ikkje fekk gå på skule i ungdomshuset i nærleiken av heimen, for det låg på hi sida av grensa. I staden laut han, frå han var sju år gammal, traske Postvegen dei fire kilometrane, med 200 meters stigning, gjennom skogen til Faleide. Då han gjekk for presten, laut han reise over fjorden heilt til Innvik, der kyrkja og prestegarden låg.
Postverket, derimot, var representert på begge sider av den gamle kommunegrensa, med eigne brevhus. Brevhusa var forenkla poststader, som berre kunne ta imot og sende brevpost, aviser og blad. Verdipost eller rekommanderte sendingar laut ein hente på næraste postopneri eller postkontor. Det var lokale gardbrukarar som styrte med desse brevhusa, og dei fekk lite for det. I byrjinga var dei faktisk utan lønn.
I 1969 var det slutt for 6790 Sindre, og tre år seinare blei også 6790 Markene nedlagd. Innbyggjarane fekk den nye postadressa Hornindal. På denne tida var det ikkje noko problem med grenser i området, for Schei-komiteen hadde sytt for at ikkje berre Innvik, men også Hornindal blei lagd inn under Stryn. Ei lokalavis melde at den nye storkommunen skulle heite Hostin – samansett av dei to første bokstavane i kvart av dei tre gamle namna, noko som fekk mange av lesarane til å setje kaffien i halsen.
Storkommunen Stryn vart dei første åra prega av sterke motsetnader mellom dei ulike bygdelaga. Strykekampanjar og bygdelister i samband med kommunevala gjorde ikkje samarbeidet betre. Honndølen Kåre Maurset sat som varaordførar i den nye kommunen og baud stadig til omkamp. Det enda med at Hornindal lausreiv seg og inngjekk i rekkja av lukkelege kommuneskilsmisser på slutten av 1970-åra, og grensa gjennom Markane kom på plass att. Dette var det historiske bakteppet då arbeidet med den nye kommunereforma starta i 2015. Opphavleg var tanken at Stryn, Hornindal og Volda kunne slå seg saman, men stryningane sette ein stoppar for samarbeid mot Sunnmøre. Honndølane var derimot meir positive, og det enda såleis med at Volda kommune frå 2020 strekkjer ein arm heilt sørom Hornindalsvatnet, sameleis Møre og Romsdal fylke.
Eg passerer den nye fylkesgrensa og tek fatt på postvegen som går over Kjøsahalsen, der europavegen passerer i tunnel gjennom fjellet. På nordsida av høgda ligg vegen på høge murar i bratthenget over Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø. Sommaren 1862 drog Henrik Ibsen same vegen. Ibsen var ute på ei omfattande samlarferd gjennom Oppland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Målet hans var «at samle og optegne, hvad der af folkeviser samt at ældre og yngre sagn endnu maatte være at forefinde».
I Hornindal tok Ibsen inn på eit skysskifte og sette seg i ei stor, tom stove. Det var kaldt, og han bad skysshaldaren om ein dram. «Eg kan nok ikkje skjenkje deg dram, det har eg ikkje rett til», svara mannen og forsvann ut gjennom døra. Men straks etter kom han tilbake, og no hadde han med seg ei brennevinsflaske og eit drammeglas, som han utan eitt ord sette frå seg i vindaugskarmen. Deretter gjekk han. Ibsen forstod vinket, slukte i seg drammen og la ein mynt att etter seg før han drog vidare.
Ibsen stogga heile fem dagar i Hellesylt, den første bygda postvegen kjem til på Sunnmøre. Sidan drog han vidare til Ørskog, der han var gjest på garden Solnør, der søskenbarnet til kona hans budde. Frå Ørskog gjekk turen over fjellet til Vestnes, og vidare heim att til Kristiania.
Henrik Ibsen gjekk i denne tida gjennom ei djup krise, både personleg, kunstnarleg og økonomisk. Teateret han hadde vore direktør for i Kristiania, hadde nyleg gått konkurs, og han hadde stor gjeld. Han såg på seg sjølv som mislukka i Noreg, og året etter flytta han til Italia, der han fekk sitt store gjennombrot med Brand og Peer Gynt. Mange meiner at det er likskapar mellom naturen i Hellesylt og skildringane i Brand og hevdar at han fann inspirasjon til dramaet i bygda. Dette har sjølvsagt dei driftige sunnmøringane utnytta, og i fjor laga elevar ved Stranda vidaregåande skule mobilappen Ibsen Hellesylt UB for å setje bygda på verdskartet.
Ibsen var ein meister i skrivekunsten, men det stod ikkje så dårleg til blant den vanlege mannen og kvinna på Sunnmøre heller. Den første postopnaren i Hellesylt var Endre Olsen, som budde på bruket Øgard på garden Nedre Ringdal. Øgards-Endre, som han vart kalla til vanleg, hadde vore soldat og var ein opplyst mann og dugande bonde. I 1778 fekk han høgaste premie frå Landbruksselskapet for å ha stelt garden sin på ein framifrå måte. Ikkje berre braut han opp mykje jord, men han las, skreiv og tenkte mykje.
Øgards-Endre var nok opplyst, men kanskje ikkje så spesiell for si tid å vere. Jostein Fet har vist at i Haram, litt lenger nord på Sunnmøre, kunne om lag 90 prosent av bygdefolket lese alt på midten av 1700-talet. Frå den tida og ut gjennom 1800-talet fløymde landet over av bøker, ikkje minst religiøse skrifter.
I landdistrikta fungerte postkontora og postopneria som dei viktigaste boksentralane. Her vanka det mykje folk frå fjern og nær, og bøker vart sende og mottekne. Nokre av postens eigne folk slo seg opp som dei største bokhandlarane. Postmeister P.O. Tonning i Ålesund byrja å selje bøker i kommisjon i 1820-åra, og berre i løpet av 1837–38 annonserte han 142 titlar i den lokale Landboe-Avisen.
Tonning er å rekne som den første verkelege bokhandlaren på Sunnmøre. Mange av bøkene han selde, var verdslege historisk-romantiske romanar, noko som varsla at ein ny måte å forbruke litteratur på, var på veg inn. Det nye føremålet var underhaldning, ikkje å få kontakt med Gud.
Gaute Losnegård
Gaute Losnegård er historikar og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Postmannen sat komfortabelt i bakskuten medan vinden tok tak i bjørkeblada og dreiv båten framover.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.