Håvard Rem
havard@dagogtid.no
God pinse, gode lesar, helga og høgtida nærmar seg, men kva handlar ho eigenleg om – sett bort frå ei gåtefull hending som ligg to tusen år og fem tusen kilometer borte i tid og rom?
Slik joleevangeliet vert fortalt i Lukas, kapittel 2, vert pinsehendinga fortald i Apostelgjerningane, kapittel 2: «Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.» Læresveinane til Jesus tok imot Heilaganden og tala i tunger i Jerusalem, men kva vil det seia? Pinsa vert kalla «den ukjende høgtida» av di folk veit mindre om henne enn om jol og påske.
Kan ikkje gamle høgtider få gå i gløymeboka i fred, i lag med primstaven? Jau, men eg vert forviten. Kva er pinse? Kvifor har me fri måndag? Det har ikkje svenskane. I 2005 gjorde dei andre pinsedag til kvardag, i byte mot ein ny fridag 6. juni, nasjonaldagen. Og for 250 år sidan, før festdagsreduksjonen i 1771–72, var ikkje berre fyrste pinsedag heilagdag, men andre og tredje pinsedag òg.
Femtiandedagen
Veit ein lite om ei sak, skal ein byrja med namnet. Pinse og pingst er ei nordisk forvansking av greske pentekosté, som er mindre forvanska på engelsk: pentecost – som i pentekostalisme, pinsevenene, tungetalarrørsla, så talrik at ho er med og avgjer presidentval i Brasil og USA.
Pente tyder fem, som i pentagram (femtagga) og Pentagon (femkanta). Pentekosté tyder femtiande. Femtiande kva? Dag etter påske. Då kjem pinsa. Og det har ho gjort i fleire tusen år, sidan lenge før både kristendom og katolisisme, protestantisme og pinserørsle. Høgtida kjem frå eldre jødedom.
Og då fylgjer gjerne leik med tal. Den femtiande dagen er jo dag 49. Og 49 er sju gonger sju, det heilage talet. Eit hebraisk namn på pinsa vert i den norske bibelen omsett med sjuvekehelga. I Moseloven heiter det: «Sjuvekehelga skal du halda når du tek inn den fyrste grøda av kveitehausten.»
Pilegrimsfesten
Som andre offerfestar, som jol, blot og påske, hadde høgtida opphav i ei årstidsmarkering. Pinsa byrja som ein innhaustingsfest. For jol og påske vart eit slikt preg svekt etter kvart som høgtidene vart mindre knytte til naturens gang og meir til historiske hendingar – kristen jol til Jesu fødsel, jødisk påske til slaktinga av påskelammet ved utgangen frå Egypt, og kristen påske til krossfestinga av Jesus, «Guds lam».
Men jødisk pinse heldt meir på det opphavlege naturfestpreget. Ein markerte innhaustinga av fyrstegrøda, den fyrste kveiten ein kunne baka brød av. Det var jo noko å feira.
Med tempelet i sentrum av kulten vart både påske og pinse offerfestar med pilegrimsferd til Jerusalem for dei som hadde høve. I påska gjekk såkornet i jorda. I pinsa, sju veker etter, hausta ein den fyrste kveiten.
Alt av fyrstegrøde og fyrstefødde høyrde til Gud, via tempelet, «Guds hus», og prestane. Dei var staten, og fyrstegrøde og fyrstefødde var skatten dei kravde på denne tida av året.
Men kva har dette med tungetale og Heilaganden å gjera? Kva er samanhengen mellom jødisk og kristen pinse?
Påske
Det er enklare å sjå samanhengen mellom jødisk og kristen påske. Vil ein skjøna symbola i den kristne påska, lyt ein sjå dei på bakgrunn av den jødiske påska –?det er det semje om.
Bygd vart by, naturoffer vart tempelskatt i mynt, og gamle naturfestar vart forstått allegorisk. I storbyen Aleksandria i Egypt budde den jødiske filosofen Filon, som tolka dei jødiske høgtidene allegorisk.
Det gjorde Paulus òg. På den tida Filon døydde, skreiv Paulus breva sine der allegoriske omtolkingar av påske og pinse vart kristne høgtider.
I jødisk påske fann han førelegg til dei sentrale elementa i kristen påske. Altaret i tempelet vart altaret i kyrkja. Det uskuldige lammet som sona for syndene til folket, vart «Guds lam» som sona for syndene til menneska. Slaktinga vart krossfestinga. Påskemåltidet vart nattverden, der kjøt vart brød og blod vart vin. Synd og slakting, ofring og soning. Og så bortetter. Allegorien er tydeleg.
Men når det gjeld pinse, vert tilhøvet mellom jødisk og kristen tradisjon meir innfløkt – rett og slett av di jødisk pinse i seg sjølv er meir samansett. Høgtida endra form og innhald fleire gonger.
Dua og dåpen
Her kjem nokre grove trekk av utviklinga. Med klare røter i ein naturfest gjev Mosebøkene påbod om pinsa som ei feiring av den fyrste innhaustinga, ein fyrstegrødefest.
Seinare, i hellenistisk tid, ikkje så lenge før vår tidsrekning, kjem eit tillegg. Pinsa vert òg ei markering av Noah-pakta mellom Gud og menneske etter vassflaumen, «pakta eg opprettar mellom meg og alt kjøt og blod på jorda». Det universelle preget spegla nok den hellenistiske tida, at mange jødar no budde utanlands, i diaspora ein stad i verdsriket, langt frå tempelet, og levde meir urbant enn ruralt. Regnbogen var eit teikn på pakta, ved sida av dua, eit symbol på fred og forsoning, og dåpen, eit symbol på vatn og vassflaum som ein overgang.
Og det er no, i skiftet frå hellenistisk til romersk og tidlegkristen tid, at ho finn stad, «den fyrste kristne pinsa» i Apostelgjerningane. Og då er dua og dåpen sentrale element – slik dei hadde vore det i verksemda til Johannes døyparen og Jesus nasarearen, ja, i jødedomen.
Pinsedagen i Jerusalem vart tre tusen døypte, truleg i kvite klede, og Heilaganden steig ned over dei som ei due. Det jødiske innhaldet som går att i den fyrste kristne pinsa, er så tydeleg at ein kunne kalla høgtida jødekristen.
Nasarearpinse
Dei tre tusen døypte var jødar og proselyttar frå heile den kjende verda, frå Libya og Roma, på pilegrimsferd til Jerusalem for å feira pinse.
Pinsa hadde då fått endå eit preg, fortel jødiske forfattarar som levde og skreiv på denne tida. I tillegg til å vera ein fyrstegrødefest og ei vassflaummarkering var pinsa høgtida til nasarearane – kvinner og menn, unge og gamle, fattige og rike, som valde å leva etter ei streng utgåve av Moseloven som elles berre gjaldt for prestar med teneste i tempelet.
Dette skreiv dei om, den jødiske filosofen Filon (ca. 20 f.Kr.–ca. 50 e.Kr.) i Aleksandria i Egypt, og den jødiske historikaren Josefus (37–100 e.Kr.) i Roma. Båe omtalar pinsa som høgtida til nasarearane. Det var i pinsa dei gav nasarearlovnaden sin i tempelet. For å oppnå full reinleik raka dei av seg håret. Håret vart ei allegorisk fyrstegrøde som dei ofra i tempelet under fyrstegrødefesten, pinsa.
Ein les om ritualet i Apostelgjerningane òg. I Jerusalem-forsamlinga ville somme ta livet av Paulus av di han relativiserte Moseloven. Leiaren Jakob, nasarear og bror til Jesus, rådde då Paulus til å gje ein nasarearlovnad for å roa dei, for å syna at han vyrde Moseloven. Til pinse det året raka Paulus hovudet, han òg.
Han gjekk då i eitt med mengda. I pinsehøgtida var nasarearar eit vanleg syn i Jerusalem. Pinsehøgtida og nasarearane vert sette i samanheng i Makkabearbøkene òg, dei som vart skrivne i tida mellom Det gamle og Det nye testamentet.
Ny jødisk pinse
At både Filon, Josefus og Paulus peikar på eit sams spor, er noko å merka seg. Og med Noah-pakta og nasarearane har ein vel samanhengen mellom jødisk og tidlegkristen pinse?
Nei, så enkelt er det ikkje, for no går tida av ledd. Ingenting endrar verdshistoria som ein stor krig.
Alle elementa i pinsa så langt har noko sams – dei er del av ein tempelkult. Men når tempelet forsvinn, forsvinn dei òg. Då tempelet i Jerusalem vart øydelagt i dei romersk-jødiske krigane mellom år 66 og 136, forsvinn tempelfestane. Med ny form og nytt innhald held høgtidene fram i synagogane og med kvart i kyrkjene.
Litografien «Moses og lovtavlene» av Marc Chagall (1887–1985).
Utan tempel vert jødisk pinse ei synagogemarkering av at Moses fekk loven og dei ti bodorda på Sinai-fjellet. Det skal ha hendt på den tida av året, og det gav høgtida eit nytt innhald. Ein ser det i pinsemotiva i målarstykke av Marc Chagall.
Eit overnaturleg varsel om øydelegginga av byen og tempelet i år 70 kom ei pinse få år før. I verket Den jødiske krig (75–79 e.Kr.), tinga av keisaren, skriv Josefus: «Og under den festen som vert kalla pinse, merka prestane eit skjelv, og høyrde ein mektig lyd, som eit fleirstemmig rop: ’Lat oss fara herfrå!’»
Skildringa har ein del sams med pinsa i Apostelgjerningane (2,2), som òg finn stad i Jerusalem få år før byen vert øydelagd av romarane: «Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i.»
Ny kristen pinse
Då tempelet forsvann, forsvann ikkje berre den gamle jødiske pinsa, men den tidlegkristne pinsa òg. Jødisk pinse stod opp att som ein moselovfest. Det gjorde ikkje kristen pinse.
I den greskspråklege, vestlege delen av kristenrørsla laga ein ikkje pinsa som ein fest for Moseloven. Nei, der vart Moseloven oppheva og erstatta med romarretten. Ein avskaffa monoteismen òg, kjend frå det fyrste bodordet – «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg» – og laga pinsa som ei høgtid for den tredje i guddommen, Heilaganden.
Dei nye versjonane av høgtida utvikla seg særs ulikt, i takt med at jødedom og kristendom fjerna seg frå kvarandre i tida etter at tempelet vart øydelagt.
Spora til Arabia
Men kva med dei jødekristne nasarearane, dei som var samla då Heilaganden fall, dei som kombinerte ei tru på både Moseloven, monoteismen og Messias? Dei gjorde som i Josefus-varselet og fór.
Då dei romersk-jødiske krigane var over i år 136, var forsamlinga i Jerusalem leidd av greskspråklege. Dei truande vert ikkje lenger kalla nasarearar, men kristne.
Nasarearane og dei arameiskspråklege kjeldene forsvinn, truleg austover. Ein kan fylgja nokre spor til Arabia. I overgangen frå arameisk til arabisk fekk nasarearar ein renessanse i syrisk kristendom og vart ein del av omgjevnadene til profeten Muhammed og tidleg islam. På semittiske språk som arabisk og hebraisk har nasarear overlevd som ordet for ein Jesus-truande, ein kristen.
Nordisk pinse
Då kristendomen kom til Nord-Europa, vart pinsedag kjend som Whitsunday, kvitsundag og hvítasunnu, nytta som namn alt på 1200-talet. Kvifor kvit? Namnet skriv seg truleg frå dei kvite kleda folk hadde på seg når dei vart døypte –?utandørs, som vaksne. Slik massedåp høyrer ein om alt i samband med den fyrste kristne pinsa i Jerusalem.
Etter preika til læresveinen Peter heiter det: «Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt til om lag tre tusen menneske.» I sør var det dåp både til påske og til pinse, men i det kaldare nord føretrekte ein å leggja dåpen til pinse og kvitsundag, når vêret var varmare.
Kvite høgtidsklede vert nemnde i både jødisk og tidlegkristen tradisjon som uttrykk for reinleik og syndefridom.
Pinserørsla
Kvite klede er framleis det føretrekte antrekket ved dåp i dag, ikkje berre for born, innandørs, i kyrkja, men òg for vaksne, utandørs, i basseng, vatn og elvar. Med baptisme og pinserørsle har den gamaldagse dåpsskikken fått ein renessanse i nyare tid. Noreg var eit av pionerlanda til pinserørsla. Ho oppstod i USA kring 1900 og kom tidleg til Noreg, spreidde seg derfrå til Sverige og vart snøgt det største trussamfunnet utanfor statskyrkja i båe landa. Pinsevekkinga vart særleg sterk i arbeidarklassen.
I seinare tiår har svensk og norsk pinserørsle vorte passert av den katolske kyrkja og islam, men ho held fram med å veksa i delar av Afrika, Asia og Latin-Amerika, og ho tel i alt kring 650 millionar menneske. Talet er vanskeleg å fastsetja av di pinsevekkinga og den karismatiske rørsla har vorte ein del av dei største trussamfunna i mange land.
Ved sida av «vaksendåp» legg pinserørsla vekt på Heilaganden og dei ytringane som Paulus omtalar som nådegåver, somme av dei nemnde i samband med «den fyrste kristne pinsa» i Apostelgjerningane: tungetale og tyding av tungetale, profetiar og læking av sjuke.
Pilegrimsferd i dag
Slik nasarear har overlevd i arabisk som eit namn på ein kristen, finn ein i islam spor etter ritual frå pinsa slik ho vart feira av nasarearar i Jerusalem medan tempelet framleis stod. Jerusalem som bøneretning og mål for pilegrimsferda finn ein i tidleg islam òg, før bøneretninga vart flytta mot Mekka. Og som ein del av pilegrimsferda til Mekka finn ein framleis skikken med å raka av seg håret som ein del av reinsingsfesten.
Ja, meir enn det – som for to tusen år sidan vert håret gjenstand for ei seremoniell ofring. Og kleda er sjølvsagt kvite – utan raudvinsflekker, for forbodet nasarearane hadde mot å «drikka frukta av vintreet» når dei var under lovnaden, gjeld for muslimar og pinsevener flest òg.
God pinsehelg!
Nokre kjelder:
Filon, The Works of Philo, Hendrickson, Massachusetts 1993
Josefus, Den jødiske krig, Aschehoug, Oslo 2002
Lukas, Apostelgjerningane, Bibelselskapet, Oslo 2011
Stuart Chepey, Nazirites in Late Second Temple Judaism, Brill, Leiden/Boston 2005